Religion

Tilrår å anerkjenne homofilt samliv

HOMOFILT SAMLIV: Leiinga i Oslo misjonskirke Betlehem foreslår å gje personar i likekjønna ekteskap like rettar til medlemskap og teneste i kyrkja.

I ein e-post til kyrkjelyden tidlegare denne månaden tek leiinga i Oslo misjonskirke Betlehem til orde for å «anerkjenne at eit trufast, homofilt forhold kan vera forenleg med eit liv som Jesu disippel, og heller ikkje i seg sjølv til hinder for medlemskap eller teneste».

E-posten blei sendt ut som ein del av ein invitasjon til ein temakveld med namnet «Leve sammen».

Her skriv dei at dei vil halde fast på at ekteskapet er «ei ordning mellom mann og kvinne, at mennesket er skapt til mann og kvinne, og at vår seksualitet har ei moralsk relevant binding til forplanting».

Vidare står det at ein kan halde fast på dette, samstundes som ein gjev homofile høve til å leve i trufaste og forpliktande samliv.

– Dokumentet er meint som eit utgangspunkt for samtale i kyrkjelyden, seier hovudpastor Erik Andreassen til Vårt Land.

Han legg vekt på at dokumentet er eit forslag. Dei har alt fått mykje respons, melder pastoren, som fortel at det alt har skjedd endringar i dokumentet etter det blei sendt ut, på bakgrunn av tilbakemeldingar.

Mykje respons

Personane som står bak tilrådinga er styret i kyrkja pluss dei tre pastorane.

– Me kan ikkje avgjera noko som helst, men me har komme til kyrkjelyden og sagt at «me må snakke saman».

Pastoren vil anslå at dei har fått inn om lag tretti e-postar i tillegg til samtaler og munnlege tilbakemeldingar.

Leiinga har jobba med spørsmålet om likekjønna samliv i fleire år, og meir intensivt det siste halvtanna året, kjem det fram av eposten. Temakvelden 11. oktober i haust var den tredje temakvelden i rekka der kyrkjelyden var invitert til å gje innspel og respons.

Usikre konsekvensar

Oslo misjonskirke Betlehem er tilknytt Misjonskirken Norge. Generalsekretær Siri Iversen har sett forslaget til leiinga i Oslo-kyrkjelyden, og blir spurt om kva ho tenkjer om det.

– Eg ynskjer ikkje å gå nærmare inn på det før dei har landa eit vedtak.

MinTro med Siri Iversen som ble nylig innstilt til ny generalsekretær i Misjonskirken Norge.

Generalsekretæren fortel at ein sentralt lagar rettleiarar som blir sendt ut til alle kyrkjelydane, med råd som til oppmodar alle til å fylgje, mellom anna på samlivsfeltet. Men kvar kyrkjelyd står fritt. Den førre vegleiaren kom i 2004, men er no under revidering, kan Iversen fortelje.

Ho er ikkje glad i merkelappar, men seier Misjonskirken Norge høyrer til i den konservative delen av det norske kyrkjelandskapet og at dei har ei klassisk ekteskapsforståing.

Så vidt ho veit har ingen andre kyrkjelydar i kyrkjesamfunnet ho leiar gått gjennom ein tilsvarande prosess.

– Har de rutiner eller reglar som gjer det klart kva konsekvensar det får om forslaget til leiinga går gjennom?

– I denne samanhengen blir det relevant å stille oss spørsmålet: Kor breidt skal eit kyrkjesamfunn famne? Dette er eg trygg på at vi skal finne ut av på ein god måte.

---

Misjonskirken Norge

  • Frivillig organisasjon og kristent trussamfunn stifta i 1884.
  • Heitte fram til 2016 Det Norske Misjonsforbund.
  • Kallar seg ei kyrkjelydsrørsle med fokus på misjon.
  • Har om lag 11 500 medlemmar (utgangangen av 2019).
  • Har 91 kyrkjelydar rundt i Noreg.
  • Medlemmar har samvitsfridom rundt lærespørsmål som dåp, nattverd, og dessutan om ein ynskjer medlemskap i Den Norske Kyrkja.

Kjelder: Kirkesamfunn i Norge, innføring i kirkekunnskap og mknu.no

---

Vil ikkje vie likekjønna par

Andreassen forklarar at målet no er å halde i gang ei samtale i kyrkja. Kvar og når ein vil ta ei avgjersle er endå ikkje bestemt, men i dokumentet står det at dei har eit mål om å gjer eit «breidt fleirtalsvedtak ein gong i 2023».

Og leiinga i misjonskyrkja har ikkje tatt til orde for å opne for å vie par av same kjønn. Men det er andre mogleikar som opnar seg for samlevande homofile, skulle hovedtrekka i leiinga sitt forslag gå gjennom.

– I dag kan du kan ikkje vera medlem i Oslo misjonskirke Betlehem viss du er samlevande homofil. Det er ein praksis me ikkje klarar å halde, og me ynskjer det ikkje heller, seier hovudpastoren.

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset er journalist i religionsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

Mer fra: Religion