Film

Solidaritet på prøve

Luc Dardenne utfordrar vårt sosiale samvit i norgesaktuelle «To dager, en natt». Vårt Land møtte stjerneregissøren.

Dei belgiske brørne Jean-Pierre og Luc Dardenne har vunne Gullpalmen i Cannes ikkje berre ein, men to gonger. Rosetta (1999) og Barnet (2005) er med i kanon av framståande europeisk filmkunst, til liks med filmar som Sønnen (2002) og Gutten med sykkelen (2011). No er Dardenne-brørne noregsaktuelle med filmen To dagar, en natt. Filmen handlar om Sandra som risikerer å miste jobben fordi kollegaene hennar ikkje vil gi avkall på bonusen sin. Ho har to dagar (og ei natt) på seg til å oppsøke kollegaene sine privat og be dei stemme for at ho får bli i jobben. Ifølgje sjefen er reint fleirtal nok.

– Filmen handlar i stor grad om solidaritet. Korleis påverkar finanskrisa solidariteten mellom menneske? Blir det meir eller mindre solidaritet?

– I krisetider dukkar det ofte opp ei redsle. Når folk blir redde for sjølv å miste jobben, kan dei bli mindre solidarisk med andre, seier Luc Dardenne til Vårt Land.

Les også Vårt Lands intervju med Dardenne fra 2006: Religionen forstår mennesket godt

Kompliserte val

– Det er komplisert å vere solidarisk når ein sjølv har noko å miste. I filmen vår er det mange som klarer seg så vidt med den løna dei har, og når dei risikerer å miste 1000 euro i bonus, er det ganske mykje. I dag har folk også meir lån enn tidlegare, og bankane krev alltid tilbake pengane sine. Dette fører til at det blir mindre solidaritet mellom folk.

Dardenne kjenner til at tilsette i somme bedrifter har sagt frå seg lønsauke, eller til og med gått ned eit par prosent i løn, i påvente av betre tider for bedrifta.

– På den eine sida er det grufullt at dei som jobbar på golvet må ta ansvar for bedrifta, men dersom ein har vore med på å ta ei slik avgjerd, endrar ein seg og veks på det, trur regissøren.

Variasjon

I filmen viser Sandra forståing for dei kollegaene i bedrifta som må ta egoistiske val. Og ho viser også sjølv solidaritet mot dei.

– Ho lærer noko av det ho må gå igjennom, seier Dardenne.

Det er mykje repetisjon i filmen, som i eit eventyr. Ei utfordring for filmskaparane var å lage filmen slik at repetisjonen ikkje blir noko kjedeleg, men at sjåaren opplever spenning og forventing. Variasjon var nøkkelen, der Sandra går frå dør til dør og bankar på.

– Av og til er det eit barn som opnar døra, av og til er det ein vaksen, av og til er det ingen heime, eller personen er ute og spelar fotball med ungane. For kvart møte skal det vere ein ny person, på ein ny stad. Kvar gong ein ny person opnar døra, skal denne personen bli som ein ny hovudperson på nivå med Sandra i filmen, seier Dardenne.

Glad i outsidarar

I løpet av filmen skjer det også ei lita utviklinga hjå Sandra: For kvar gong ho møter ein ny person, tør ho litt meir.

– Filmane dykkar handlar om folk frå vanskelege kår. Kvifor held de dykk så konsekvent til det nedre samfunnslaget?

– Dei som er høgare stilte, har også sine problem. Men vi lagar helst film om personar som er litt på utsida av samfunnet, folk som har falle utanfor og står åleine. Korleis skal ein komme på innsida av samfunnet igjen? Korleis skal ein finne sin plass på nytt? Det er slike menneske vi har interessert oss for, utan at vi har tenkt på det som politisk korrekt. Både eg og bror min trivst godt med dette persongalleriet, seier Dardenne.

– Korleis er det å jobbe med storebroren sin gjennom eit heilt liv?

– Vi diskuterer heile tida, både morgon, middag og kveld. Det er eg som skriv manuskripta, men ikkje før vi har diskutert handlinga nøye. Jean-Pierre filmar ofte på video først. Av og til har vi laga nesten heile filmen på førehand, før vi set i gang med sjølve filminga.

Hemmeleg prosjekt

Luc Dardenne synest å sjå ein spennande ny generasjon av meksikanske filmregissørar. Han hadde trudd det skulle komme fleire interessante filmar frå Russland, men det har ikkje slått heilt til. Romania var også i vinden nyleg, men toppregissøren synest ikkje dei rumenske regissørane har klart å følgje opp like godt.

– Kva slags filmprosjekt ønskjer de sjølv å jobbe med framover?

– Vi er i gang med eit prosjekt, men eg kan ikkje snakke om det enno. Om vi jobbar litt raskare, kan det likevel bli fleire nye filmar frå oss.

Les mer om mer disse temaene:

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Film