Skredområdet i Gjerdrum blir til park
Kommunestyret i Gjerdrum har bestemt å gjere skredområdet, der ti personar mista livet vesle nyttårsdag i 2020, om til ein park.

Det vart avgjort i eit møte i kommunen førre veke. Ifølgje ordføraren vil parken bli ein stad med ei spesiell historie der folk kan samlast.
– Området ligg tett på Ask sentrum. Derfor må vi prøve å finne ein god kombinasjon der ein kan reflektere over det alvorlege som har skjedd, men også markere at livet går vidare. Det skal vere meiningsfullt for dei som bur der, å opphalde seg der, seier ordførar Anders Østensen til NRK.
Dei første skissene er allereie klare, og prosjektet går no over i forprosjektfasen, skriv kanalen. Målet er at parken skal stå ferdig om cirka eitt eller to år, opplyser ordføraren.
Det var 30. desember i 2020 at leirskredet ved Tistilbekken på Ask kosta ti personar og eit ufødt barn livet. I etterkant kom det fram at det hadde vore fleire bekymringsmeldingar og varslar i 13 år før leirskredet.
Politiet har sikta Gjerdrum kommune for manglande oppfølging, men kommunen nektar for å ha gjort noko gale og krev at saka blir lagd bort.