Kultur i krisetid
KOMMENTAR: Kutta i dei kommunale kulturbudsjetta viser manglande politisk forståing for det gode kulturen kan gjere for menneska. Kulturkutt er både sjølvskading og potensialsvinn.
Ein rapport som Telemarksforskning la fram
på kulturkonferansen Kulturytring tysdag formiddag, viser at 44 prosent av norske
kommunar har kutta i kulturbudsjetta sine i år. Det er «Kutt, kutt, kutt over
hele linja», som rapporten heiter. Det går hardast ut over viktige tilbod
som bibliotek, kulturskule og kunstformidling. Generalsekretær Monica Larsson i
Norsk kulturforum kallar situasjonen for dramatisk. Det er vanskeleg å ikkje
vere einig med henne.
Norske kommunar har fått dårleg råd. Over
heile landet sveittar lokalpolitikarane for å få kommunebudsjetta til å gå opp,
og det er få som prioriterer kulturskule framfor helsetenester og eldreomsorg.
På ein måte er det forståeleg. Samtidig
viser dei omfattande kutta i dei kommunale kulturbudsjetta at politikarane har
mangelfull forståing for det gode kulturen kan gjere for menneska.
Bestill abonnement her
KJØP