Kritiserer Human-Etisk Forbund: – Dette er ei klar ansvarsfråskriving 

KRITISK: Marit Brandt Lågøyr kritiserer Human-Etisk Forbund for å klage på kommunen for at dei ikkje vil finansiere gravferder. Ho meiner det er dei som må ta ansvaret.

URIMELEG: – Medlemmane til HEF har allereie eit livssynssamfunn som får offentleg tilskot. Då er det urimeleg å krevje at kommunen i tillegg skal betale for lokalleige, seier viseadministrerande direktør i Hovudorganisasjonen KA, Marit Brandt Lågøyr.
Publisert Sist oppdatert

Etter at ein familie i Bergen betalte 100.000 kroner for å leige Grieghallen til ei livssynsnøytral gravferd, har Human-Etisk Forbund (HEF) kritisert kommunen for manglande tilbod og finansiering. Men Hovudorganisasjonen KA, som er arbeidsgivarorganisasjon for Den norske kyrkje, andre trussamfunn og ideelle organisasjonar, meiner det er HEF sjølv som sviktar.

– Eg opplever at denne saka viser ei klar ansvarsfråskriving frå Human-Etisk Forbund, seier Marit Brandt Lågøyr, viseadministrerande direktør i KA.

Human-Etisk Forbund får, som alle trus- og livssynssamfunn i Noreg, offentleg tilskot basert på medlemstal. I 2024 var dette rundt 1500 kroner per medlem i 2024 – ein sum som er berekna ut frå kva Den norske kyrkja mottar per medlem, inkludert drift og vedlikehald av kyrkjebygg.

– Hadde eg vore medlem i HEF, hadde eg forventa at dei brukte av sitt tilskot til å sørgje for lokale for sine medlemmar. Det er ein prioritering dei sjølv må ta, seier ho.

– Kommunen gir dobbeltfinansiering

I NRK-saka om gravferda i Grieghallen uttalte HEF at kommunen burde ta rekninga når det ikkje finst livssynsnøytrale alternativ. Siri Hortman, leiar i Human-Etisk Forbund Hordaland seier følgjande til NRK:

– Kommunen har ansvaret for kyrkjeromma Og det er gratis å bruke dei. Når dei ikkje kan tilby et likeverdig tilbod, så er det naturleg at dei dekkjer utgiftene.

Dette reagerer Lågøyr sterkt på.

– Når HEF seier at det er naturleg at kommunen dekkjer utgiftene fordi kyrkja er gratis, så blir det dobbeltfinansiering. Dei får allereie pengar frå det offentlege for å tilby det same. Då kan dei ikkje krevje meir, seier ho.

Lågøyr forklarer at tilskotsordninga i Noreg er bygd på prinsippet om likebehandling: Det Den norske kyrkja får frå det offentlege, dannar grunnlaget for tilskotet som livssynssamfunn som HEF får per medlem. Dette inkluderer også midlar til bygg og seremonirom.

Det einaste som er unntatt frå berekningsgrunnlaget er gravplassforvaltning og utgifter til sikring av kulturhistoriske kyrkjer, som mellomalderkyrkjer. Alle andre kyrkjebygg, kyrkjelydshus og lokale inngår i berekninga, saman med resten av utgiftene til Den norske kyrkja.

– Det er ein vanleg misforståing at kyrkja får dekt bygg, men ikkje dei andre. Det stemmer ikkje. HEF får pengar – og vel sjølv kva dei bruker dei til. Då kan dei ikkje i ettertid skyve ansvaret over på kommunen, seier ho.

Human-Etisk Forbund får pengar – og vel sjølv kva dei bruker dei til. Då kan dei ikkje i ettertid skyve ansvaret over på kommunen

Marit Brandt Lågøyr, viseadministrerande direktør i KA.

Får allereie offentleg tilskot

Human-Etisk Forbund har over 170.000 medlemmar på landsbasis. Lågøyr meiner det er spesielt problematisk når HEF argumenterer for at kommunen må stille lokale gratis, samstundes som forbundet sjølv brukar midlar på andre formål.

– Dersom dei vel å prioritere årsverk eller andre tiltak framfor seremonirom, så er det deira val. Men då må dei òg ta konsekvensane av det, seier Lågøyr.

Lågøyr presiserer at mange kommunar manglar gode livssynsnøytrale alternativ, og at det er eit reelt problem, spesielt for dei som ikkje er medlem i noko trus- eller livssynssamfunn.

Men for dei som faktisk er medlem av HEF, meiner ho at det er HEF sjølv som må ta ansvar.

– Medlemmane deira har allereie eit livssynssamfunn som får offentleg tilskot. Då er det urimeleg å krevje at kommunen i tillegg skal betale for lokalleige, seier ho og legg til:

– Eg forventar at Human-Etisk Forbund faktisk prioriterer dette, og tek ansvar for sine medlemmar. 

Avviser påstand om dobbelfinansiering

HEF-leiar, Christian Lomsdalen svarar på kritikken til Lågøyr med å seie følgjande:

– Det er overraskande at KA ikkje kjenner betre til ordninga for tilskot til andre trus- og livssynssamfunn. Andre får ikkje kompensert for kostnaden ved bygging og vedlikehald for 1000 av dei om lag 1600 kyrkjene i Den norske kyrkja. Det skuldast at desse kyrkjene blei bygde for fellesskapets pengar før år 1850, seier Lomsdalen.

Han avviser difor påstanden frå KA om at HEF krev dobbeltfinansiering:

– Vi ber ikkje om dobbeltfinansiering, vi ber om at kommunane som stiller gratis lokale til disposisjon for Den norske kyrkja, også tilbyr eigna seremonirom for dei 40 prosentane av innbyggjarane i Noreg som ikkje er medlem i kyrkja.

På spørsmål om kva dei 1500 kronene per medlem går til svarar han følgjande:

– Dei går til heile vårt arbeid. F.eks. seremoniarbeid innafor namnefest, konfirmasjon, vigsel og gravferd, livssynsbetjening og samtaletilbod, arrangement og lokale møteplassar over heile landet, drift av lokallag og demokratiske prosessar, informasjonsarbeid og debatt knytt til vårt livssyn og humanistiske verdiar, svarar han og legg til:
– Medlemmer hos oss slepper også å betale for det å få ein gravferdstaler frå oss for seg og sine nærmaste pårørande.

Eit kommunalt ansvar

Lomsdalen viser til at både Stortinget og regjeringa har peikt på kommunane sitt ansvar for å sikre likeverdige seremonirom.

– For to år sidan var dåverande statsråd Kjersti Toppe tydeleg på at kommunane måtte sjå om innbyggjarane sine behov for livssynsåpne seremonirom er dekte. At dette er eit kommunalt ansvar er ikkje særleg kontroversielt.

Han peikar òg på at ein fjerdedel av befolkninga ikkje er med i noko trus- eller livssynssamfunn i det heile, og at desse ofte står utan tilbod i dag.

– Det er betre samfunnsøkonomi å etablere seremonirom som kan brukast av alle, uansett tru og livssyn, seier Lomsdalen.

At dette er eit kommunalt ansvar er ikkje særleg kontroversielt.

Christian Lomsdalen, Leiar i Human-Etisk Forbund

– Det handlar om verdigheit og likeverd

Lomsdalen meiner det ikkje er rimeleg at tilgang til verdige gravferdslokale skal vere avhengig av kva ein trur på, eller kor mykje pengar ein har.

– Verdige markeringar ved dødsfall og andre livshendingar er eit djupt menneskeleg behov. Kommunane har eit ansvar for at ikkje innbyggjarane sin økonomi eller trus- og livssynstilhøyring skal avgjere tilgangen til dette midt i ei stor sorg, også ved større gravferder.

Lomsdalen minner om at Den norske kyrkja i praksis har ansvar for gravferdsordninga i dei fleste kommunar – og at det gjeld heile befolkninga, ikkje berre dei som er med i kyrkja.

– KA må ikkje gløyme at dette ansvaret gjeld alle innbyggjarane. Det er legitimt om kyrkja ønskjer å vere for eigne medlemmar, men då kan dei gje ansvaret for seremonirom og gravplassar tilbake til kommunane, seier han.

SEREMONIROM: – Det er legitimt om kyrkja ønskjer å vere for eigne medlemmar, men då kan dei gje ansvaret for seremonirom og gravplassar tilbake til kommunane, seier Christian Lomsdalen, leiar i Human-Etisk Forbund.

Ber KA støtte felles løysingar

Han peikar på at fleire kommunar har funne gode løysingar der alle blir inkluderte og meiner KA burde gjere meir for å fremje slike modellar.

– I fleire kommunar, som i Porsgrunn og Tromsø, har Den norske kyrkja bidrege til å etablere felles seremonibygg som kan brukast av alle innbyggjarar, inkludert kyrkjemedlemmar. Vi skulle gjerne sett at KA i større grad bidrog til å fremje slike løysingar fleire stader, avsluttar Lomsdalen.