Kultur er beredskap
LEDER: Det er faretruande at norske kommunar ser ut til å bygge ned den kulturelle beredskapen i landet.
Ein ny rapport viser store kutt i kommunal kultursektor i Noreg. Hovudtittelen på rapporten som tysdag morgon blir lagt
fram av Norsk kulturforum, Fagforbundet og Telemarksforskning, er «Kutt, kutt,
kutt over hele linja.» Kommunane brukar mindre pengar på kultur enn før, og utviklinga tyder på at det kjem til å bli endå mindre i framtida.
Det er å håpe at politikarar flest vil merke
seg både tala i rapporten og debatten i etterkant: Kva blir konsekvensane av at
norske kommunar kuttar i kulturbudsjetta sine? Dette er eit tema som no skal diskuterast på
Kulturytring i Drammen, Noregs største nasjonale debattarena for kunst- og
kulturpolitikk.
Etter debatten blir det delt ut pris til ein kommune som framleis prioriterer godt kulturarbeid: Dei nominerte til å bli Norges kulturkommune i år er Voss, Stavanger og Kristiansund.
Bestill abonnement her
KJØP