Sakna at kyrkja var tydelegare på kva dei meinte i samlivsdebatten

KYRKJEBYTTE: Som kristen og bifil opplevde Selma Haaland (26) at det var vanskeleg å bli forstått av fleire kristne rundt seg. – Eg kjende meg åleine med spørsmåla mine, og følte ikkje at kyrkja var tydeleg nok på kva dei sto for.

TRU OG LEGNING: – Eg opplevde at kristne frå den tidlegare kyrkja mi ikkje skjønte kvifor legningen var viktig for meg når eg uansett var saman med ein mann, seier Selma Haaland (26).
Publisert Sist oppdatert

– Eg skulle ønske den tidlegare kyrkja mi hadde vore meir opne om kva dei sto for på eige initiativ. Då kunne eg kjent meg meir sikker på kva slags kyrkje eg var ein del av, seier Selma Haaland.

I dag er ho aktiv i kyrkjelyden Kraftverket i Oslo, og for første gong føler Selma at ho tilhøyrer ei kyrkje som heiar på den skeive identiteten hennar. No står Kraftverket ovanfor eit viktig vegskilje. Dei er ein av få kyrkjer i Frikirken som ønsker å anerkjenne likekjønna samliv. Det kan ende med ei utmelding. 

Alltid vore nysgjerrig på kristendom 

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP