Oppgjer med hat
KOMMENTAR: Det er slett ikkje muslimar som har ført jødehatet til Noreg. Men vi treng å vite meir om jødehat i islamske miljø.
Arfan Bhatti skaut mot synagoga i Oslo i september 2006. Men det var ikkje muslimar som førte jødehat til Noreg, skriv vår kommentator.
Falch, Knut
«De ønsker meg død», skreiv David Genius i Bergens Tidende 19. september. Genius som står fram som kristen jøde, meinte å observere at muslimar hatar han og David-stjerna. Observasjonen kan vere rett. Men så gjekk Genius til Koranen for å finne støtte for at alle muslimar pliktar å drepe jødar. Slik kryssa han sjølv ei farleg grense: Ved skjere alle muslimar under ein kam og gripe til Koranen som prov, ramma han muslimane for det same som jødane er blitt utsette for.
Det er skilnad på Hadia Tajik og Arfan Bhatti som skaut ni skot mot det jødiske gudshuset i Oslo.
Det finst jødehat også blant muslimar. NRK dokumenterte for tre år sidan at det finst muslimsk jødehat i Oslo-skulen. Det fekk Oslo kommune i 2012 til å lage ei undersøking. Den viste at eitt av tre jødiske barn vert ramma av rasisme ofte, medan berre kvart tjuande muslimske barn blir det. Halvparten av dei jødiske barna hadde opplevd ordet «jøde» brukt som skjellsord.