Vondskapen haika med Noahs ark

I pinsehelga kjem animasjonsfilmen om Bibelens mest kjente båt til norske kinosalar. Kampen mellom det gode og det vonde blir med inn på arka.

Filmen Noahs ark
Publisert Sist oppdatert
Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Det er eit paradoks at den mest grufulle historia i Bibelen er historia som oftast blir fortalt for barn. Forteljinga om Noahs ark har nemleg eit sjokkerande utgangspunkt: Gud angrar på det han har skapt og vil utrydde alt saman.

Då snakkar vi ikkje berre bukk og bokfink, bever og bjørn, men alt. Gud ville ta knekken på alle menneske, inkludert kvinner og barn.

I bibelteksten står det slik i den nye nynorske omsettinga: «Herren såg at vondskapen til menneska var stor på jorda, for alt dei ville og planla i hjartet, var vondt, dagen lang. Då angra Herren at han hadde laga menneske på jorda, og han var full av sorg i hjartet. Og Herren sa: 'Eg vil utrydda menneska som eg har skapt, frå jorda, alt frå menneska til feet, krypdyra og fuglane under himmelen. For eg angrar at eg har laga dei.'»

Det er eit paradoks at den mest grufulle historia i Bibelen er historia som oftast blir fortalt for barn

Alf Kjetil Walgermo

Utfordrar gudsbiletet vårt

Bibelforteljinga utfordrar biletet vårt av ein kjærleg Gud. For sjølv om Noah og familien hans finn nåde for Herrens auge, og blir berga gjennom storflaumen, er det vanskeleg å ikkje tenke på alle som gjekk under i bølgjene. Historia er grotesk.

Like fullt er forteljinga om Noahs ark den mest sjølvskrivne av alle bibelhistorier når barna skal høyre om Gud. Kva er meir forlokkande for eit barn enn ein båt full av dyr?

Dyra skyv som regel det brutale aspektet i historia ut over skipsripa. Tilbake står håpet og mangfaldet, som det er god grunn til å feire. Alle verdas dyr i same båt!

Lagnadsfellesskapet er både sterkt og overførbart til vår tid, anten det gjeld integrering eller klima. Vi er nøydde til å leve saman og arbeide saman dersom vi skal overleve vidare på denne planeten. Som Blekkulf sa det: «Bruk hodet, vi har bare én klode!»

Synda blei ikkje vaska bort

Ifølgje læra om arvesynd, som ikkje minst blei utvikla av den oldkyrkjelege teologen Augustin, gjekk ikkje synda under i flaumen som Noah, familien hans og alle dyreartane berga seg gjennom med plassbillett på arka.

No blei rett nok flaumen til «syndeflaumen» ved ein omsettingsfeil. Ordet stammar frå tyske «Sündflut», ei misforståing av Martin Luthers lågtyske omsetting «sintflut» for «stor flaum».

Uansett er ikkje menneska vaska reine for alltid – dette skjer først gjennom Jesu død og oppstode, på eit langt seinare tidspunkt i den bibelske kronologien.

Vondskapen i verda overlevde altså syndeflaumen. Noko av det første den nådefulle Noah gjer etter å ha fått fast jord under beina att, er å drikke seg full og forbanne barnebarnet sitt. Augustin var med andre ord inne på noko – kampen mellom det gode og det vonde har vi alltid inni oss.

Teiknefilm om Noahs ark på kino

Derfor er det interessant når det i pinsehelga kjem ein stor animasjonsfilm om Noahs ark på norske kinoar. Her klarer nemleg vondskapen, symbolisert ved den slu og makthungrige løva Baruk, å lure seg med på arka. Først sikrar Baruk seg ein invitasjon til båtferda, ein invitasjon som eigentleg var gått ut til nokon andre. Deretter utnemner han seg sjølv til leiar blant dyra på arka, understøtta av til dømes slangane, hyenene og gorillaene. Alle som ikkje lystrar, vil bli slakta og kasta på sjøen – viss ikkje det vil skje noko endå verre, seier den diktatoriske løva.

Bibelen fortel på sine første sider om slangen i paradiset. Her skjer det same på nytt: Dyr med vonde hensikter påverkar historieløpet. Den frelsande arka viser seg å vere ein kamparena for lyse og mørke krefter.

Den frelsande arka viser seg å vere ein kamparena for lyse og mørke krefter

Alf Kjetil Walgermo

Små mus står opp undertrykking

Opp mot dei undertrykkande og mektige kreftene står tre små mus, der to av dei, Vini og Tito, utgjer ein musikalsk duo. Den lyriske åra i filmen er viktig, ettersom han er inspirert av den brasilianske poeten Vinicius de Moraes – blant anna kjent for å ha skrive teksten til «The Girl from Ipanema». Gjennom musikken vinn dei gode kreftene etter kvart fram, utan at eg skal seie meir om handlingsforløpet i filmen.

Sjølv inne på Noahs ark må kvart enkelt dyr velje om ein skal kjempe for det gode eller ikkje. Elefanten, som er stor nok til å vere trygg i seg sjølv, prøver først å halde seg utanfor konflikten. Etter kvart forstår han likevel ar han er nøydd til å ta eit personleg ansvar.

Dette har overføringsverdi til oss. «Du skal ikke tåle så inderleg vel den urett som ikke rammer deg selv», som Arnulf Øverland ein gong skreiv i diktet «Du må ikke sove».

Filmen Noahs ark
Opp mot dei undertrykkande og mektige kreftene på Noahs ark står tre små mus, der to av dei, Vini og Tito, utgjer ein musikalsk duo.

Kristen bodskap og allmenn appell

Animasjonsfilmen om Noahs ark rører seg på mange måtar eit stykke ifrå bibelteksten. Gud opptrer i eit kort glimt der han gir ordrar til Noah, men seinare følgjer vi først og fremst museperspektivet på den ekstraordinære båtreisa. Sem, Ham og Jafet ser vi ikkje her, derimot den vesle jenta som er barnebarnet til Noah.

Filmen tek seg visse fridomar. Samtidig er det noko meiningsfullt i at det ikkje er tragedie på utsida av skipsveggene og idyll inni. Verda er ikkje svartkvit og var det heller ikkje på Noahs tid – la oss halde diskusjonane om historisiteten i bibelforteljinga utanfor her. 

Kampen mellom det gode og det vonde går føre seg til ei kvar tid, og på ein kvar stad. Også inne på Noahs ark. Filmen som får kinopremiere fredag 6. juni blir såleis ei oppmoding og påminning om å velje det gode på nytt og på nytt, også der vi først har feila i å gjere det.

Om vi er mange nok som vel det gode, får vondskapen mindre rom. I dette ligg det både ein kristen bodskap og ein allmenn appell. Ved å stå saman på tvers av det som skil oss, kan kjærleiken og lyset vinne fram. Også om vi sjølve skulle kjenne oss så lita som, eller mindre enn, ei mus.

Powered by Labrador CMS