Milde reaksjonar
Norske legar har tilstått at dei har utført aktiv dødshjelp. Lova er broten, men reaksjonane har vore milde.
Lege Stein Husebø fortalde i TV- og avis-intervju i 1992 at han hadde gitt aktiv dødshjelp til ein svært alvorleg sjuk kreftpasient. Saka kom aldri til retten fordi riksadvokaten gav påtaleunnlating, eit strafferettsleg gult kort.
Vårt Land/arkiv

Husebø har seinare sagt at han ikkje angrar, men at han ikkje ville gjort det same i dag. I 1992 kalla han det han hadde gjort for «eit ekstremt unntak». Eit av spørsmåla var kven som i så fall kunne definere slike unntak. Husebø blei sterk motstandar av å legalisere aktiv dødshjelp og har brukt kreftene på å byggje opp lindrande behandling.
LES OGSÅ: Han drap kona med sovetablettar. Ho ba han gjere det. Likevel slepp Mogens Arlund å sone i fengsel.
Bestill abonnement her
KJØP