Nyheter

– Vestbreidda er ein trykkokar som kan eksplodere når som helst

KRIG: Israelske soldatar og busetjarar skyt på palestinarar. Palestinsk politi skyt også på palestinarar.

– Palestinarane på Vestbreidda opplever no det dødelegaste året, fortel Jørgen Jensehaugen. Som forskar ved PRIO følgjer han utviklinga i dei palestinske områda nøye.

Han seier Vestbreidda er ein trykkokar som kan eksplodere når som helst.

Medan verda ventar på Israels invasjon av Gaza, er den israelokkuperte Vestbreidda åstad for galopperande valdsbruk.

Dette skjer no i skuggen frå krigen mellom Hamas og Israel:

  • Israelske soldatar og væpna, israelske busetjarar skyt på palestinarar.
  • Israels tryggingsminister deler ut automatgevær til busetjarar.
  • Palestinske tryggingsstyrkar, som er underlagt den palestinske presidenten Mahmoud Abbas, skyt på palestinarar som demonstrerer.

Fem døde på ein dag

Onsdag blei ein ny dødeleg dag på Vestbreidda, melder Haaretz. Avisa viser til tal frå det palestinske helsedepartementet:

Fem palestinarar blei skotne og drepne. Fire av israelske soldatar, ein av ein israelsk sivilist.

IDF, Israels forsvar, opplyste onsdag at palestinske ungdommar hadde kasta stein og eksplosiv mot israelske soldatar, som hadde svart med skarp ammunisjon.

– Alle som utfordrar oss i Judea og Samaria vil bli møtt med stor kraft, seier IDFs talsmann, brigadegeneral Daniel Hagari, til CNN og brukar dei jødiske namna på Vestbreidda.

FN ser med stor uro på utviklinga. Israelske busetjarar på Vestbreidda har den siste tida gjennomført stadig fleire angrep mot palestinarar, opplyste FNs nødhjelpssjef Martin Griffiths i FNs tryggingsråd onsdag.

– Med Guds hjelp skal vi legalisere titalls flere utposter, sa Israels sikkerhetsminister Itamar Ben-Gvir da han besøkte Eviatar sammen med tusenvis av andre ultranasjonalistiske bosettere mandag. Foto: Ariel Schalit / AP / NTB

Minister deler ut gevær til sivile

Tysdag i førre veke kunngjorde Israels tryggingsminister Itamar Ben Gvir at hans departement kjøper 10.000 automatgevær for å væpne sivile tryggingslag i mellom anna israelske busetjingar på Vestbreidda, melder Times of Israel og Reuters.

4.000 gevær er allereie kjøpt inn frå ein produsent i Israel og blir no delt ut.

– Dette er ganske enkelt heilt vanvittig, seier forskar Jørgen Jensehaugen.

– Israels høgreorienterte regjering har gjeve ekstremistane mellom busetjarane ei blankofullmakt; dei kan gjere omtrent kva dei vil utan å bli straffa.

Palestinarane på Vestbreidda opplever no det dødelegaste året

—  Jørgen Jensehaugen, forsker PRIO

Skaut mot gravfølgje for å drepe

Frå Hamas gjekk til angrep på Israel om morgonen laurdag 7. og oktober og fram til onsdag skal 69 palestinarar ha mista livet på Vestbreidda, melder Haaretz og nyhendebyrå, som alle viser til tal frå det palestinske helsedepartementet.

To hendingar er breitt omtalt: Sist torsdag blei far og son, Ibrahim og Ahmed Al-Wadi, skotne og drepne av israelske busetjarar som skaut mot eit gravferdsfølgje i landsbyen Qusra. Dei fire som skulle bli gravlagde hadde dagen før blitt skotne og drepne i Qusra av israelske busetjarar.

---

Vestbreidda

  • Vestbreidda er områda vest for Jordanelva, er omkransa av Israel og Jordan, og er kring 6.000 kvadratkilometer stor.
  • Her bur om lag 2,5 millionar palestinarar.
  • Israel okkuperte områda etter seksdagarskrigen i 1967.
  • Oslo-avtalen delte områda i tre sektorar. Palestinarane har kontroll over 18 prosent, israelarane over 60 prosent medan palestinarane og israelarane saman styrer 22 prosent.
  • Israel har etablert 132 busetjingar og 146 utpostar på Vestbreidda. Her bur kring 700.000 israelarar.

---

Stempla som terroristar

To av dei som mista livet onsdag, var tenåringsgutar. Menneskerettsorganisasjonen Defence for Children International – Palestine (DCIP) har i vel 30 år granska og dokumentert menneskerettsbrot mot barn i dei palestinske områda.

Sidan Hamas gjekk til angrep på Israel 7. oktober, frå Gaza, har DCIP sendt ut bulletengar som fortel om unge palestinske gutar som er blitt skotne og drepne på Vestbreidda, i konfrontasjonar med israelske soldatar.

Organisasjonen blei tidlegare i år tildelt årets Raftopris, som er ein internasjonal anerkjent menneskerettspris. Utdelar er Raftostiftinga.

Israel på si side har stempla DCIP som ein terroristorganisasjon.

– Det seier mykje om Israels syn på arbeidet til organisasjonen, seier Jensehaugen i PRIO.

16-åringen Adam Julani begraves i Ramallah mandagetter å ha blitt drapt i sammenstøt med israelske soldater. Så langt er rundt 1500 drept på begge sider. Foto: Nasser Nasser / AP / NTB

Skyt mot sine eigne

Samstundes som israelarar, med og utan uniform, rettar våpen mot palestinarar – og trekkjer av, rettar også palestinarar våpen mot palestinarar.

Tysdag kveld valde tryggingsstyrkar i det palestinske politiet å bruke sjokkgranatar og tåregass mot demonstrantar som hadde samla seg i Ramallah.

Midtausten-eksperten Jensehaugen peikar på at «dei hata tryggingsstyrkane» blir oppfatta som den israelske okkupantens forlenga arm på Vestbreidda.

Svekkjer svakt regime

– Når dei rettar våpena mot sine eigne, svekkjer dei eit svakt, men autoritært sjølvstyreregimet endå meir. Faren er at PA, dei palestinske sjølvstyrestyresmaktene, kan falle.

I år har grupper stått fram i media og fortalt at dei intensiverer den væpna kampen på Vestbreidda.

– Me kjempar mot to styresmakter, den israelske og den palestinske, seier ein mann Washington Post har møtt i byen Nablus.

Hamas er under jorda på Vestbreidda

– Er Hamas på Vestbreidda?

Spørsmålet går til Jørgen Jensehaugen.

– Ja, men dei er tvinga under jorda, av Israel og PA.

Onsdag var det nye samanstøyt mellom palestinarar og israelske og palestinske tryggingsstyrkar i byar på Vestbreidda.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter