Nyheter

Kjernestøtta til Verdas matvareprogram er halvert på to år

SVOLT: Solberg-regjeringa gav rekordhøg kjernestøtte til Verdas matvareprogram i 2021. For 2023 er støtta nesten halvert. Samstundes aukar talet på folk som svelt i verda.

Verdas matvareprogram fekk Nobels fredspris 2020 for sin innsats i kampen mot svolt.

No slår organisasjonen alarm om at dei manglar over 150 milliardar norske kroner for å gjennomføre sine matutdelingsprogram for dei neste seks månadene.

Noreg svara sist veke med å gje 55 millionar kroner til å bekjempa svolt i Etiopia, Somalia, Sør-Sudan, Sudan, Jemen, Nigeria og Kongo.

I staden for å halvera kjernestøtta, burde den heller doblast

—  Catharina Bu, generalsekretær i FN-sambandet

Same veke la bistandsminister Anne Beathe Tvinnereim (Sp) fram eit budsjett som nesten halverer kjernestøtta til Verdas matvareprogram, samanlikna med for to år sidan.

Medan organisasjonen var inne med 800 millionar kroner i budsjettet i 2021, er støtta no nede i 430 millionar kroner.

Kutta under Ap, Sp og SV

Kjernestøtte er pengar som Verdas matvareprogram sjølv kan bestemme kva dei vil bruka på.

Denne støtta er blitt redusert dei siste åra, samstundes som talet på svoltne i verda har auka:

  • Under Solberg-regjeringa i 2021 fekk organisasjonen 800 millionar kroner i kjernestøtte. Dette var historisk høgt.
  • I forslaget til statsbudsjett for 2022 foreslo Solberg-regjeringa ei støtte på 720 millionar kroner. Då Støre-regjeringa tok over, flytta den 200 millionar over i ein solidaritetspott. Så, etter forhandlingar med SV, vart nye 120 millionar flytta på. Kjernestøtta til Verdas matvareprogram enda på 400 millionar kroner i 2022.
  • For 2023 foreslår Støre-regjeringa å gje 430 millionar i kjernestøtte til Verdas matvareprogram.

– Støtta burde heller doblast

– Når me veit kor underfinansiert Verdas matvareprogram er, burde støtta vera mykje høgare. I staden for å halvera kjernestøtta, burde den heller doblast.

Det seier generalsekretær i FN-sambandet Catharina Bu.

FN-sambandet er ein norsk organisasjon som er uavhengig FN, som skal informera om FN og FNs arbeid.

t

Catharina Bu seier kjernestøtta er viktig for FN.

– Kjernestøtta gjer at FN-organisasjonane kan bruka pengar der dei meiner det trengst mest. Alternativet er at dei må bruka meir tid og ressursar på å samla middel frå enkeltgivarar.

Sjølv om Verdas matvareprogram er inne med 400 millionar i kjernestøtte i årets budsjett, blir den samla summen som organisasjonen får, langt høgare.

Til no har Noreg i år sendt over 700 millioner kroner i øyremerka bidrag til innsats i ulike land som er råka av svolt.

UD: Noreg gjev «mjukt øyremerka» pengar

Det var partia Høgre, Venstre, KrF og Frp som vart einige om den rekordhøge støtta til Verdas matvareprogram (WFP) i budsjettforliket for 2021.

– Det høge nivået på kjernestøtta i 2021 var ekstraordinært, og dette vart tydeleg formidla til WFP, skriv statssekretær i Utanriksdepartementet Bjørg Sandkjær (Sp) til Vårt Land.

Ho peiker på at Støre-regjeringa har foreslått ei auke i kjernestøtta på 30 millionar frå 2022 til 2023. Ho seier at så langt i år er Noreg femte største givar av kjernestøtte til WFP.

Alternativet til å gje kjernestøtte, er å gje øyremerka middel.

Statssekretær Bjørg Sandkjær skriv at fordelen med øyremerka bidrag er at givarane sjølv kan bestemma kva bidraga skal brukast til, og at det er lettare å følga pengestraumane og få meir spesifikk rapportering.

– Samstundes er det slik at stor grad av øyremerking gjer det vanskelegare for dei humanitære organisasjonane å jobba strategisk, heilskapleg og effektivt.

Sandkjær skriv at mykje av den øyremerka støtta som Noreg gjev til Verdas matvareprogram er «mjukt øyremerka», som i støtte til landprogram, overordna tematiske satsninger eller større appellar.

828 millionar går svoltne til sengs

Verdas matvareprogram anslår at kvar kveld går 828 millionar menneske svoltne til sengs.

Talet på menneske som lever med akutt matutryggleik har auka kraftig dei siste åra: frå 135 millionar i 2019 til 345 millionar i dag. Til samen 50 millionar menneske i 45 land lever på randa av hungersnaud.

FN-organisasjonen peikar på fleire grunnar bak den aukande svoltkrisa:

  • Konflikt er den største årsaka til svolt. 60 prosent av dei som svelt, lever i område preg av vald og krig.
  • Klimaendringar som øydelegg liv, avlingar og livsgrunnlag.
  • Dei økonomiske etterverknadane etter koronapandemien.
  • Auka prisar. Det gjer at driftskostnadane til Verdas matvareprogram har auka med heile 44 prosent sidan 2019. Summen dei no bruker ekstra i driftskostnadar, kunne tidlegare ha gjeve mat til 4 millionar menneske i ein månad.

---

Verdas matvareprogram (WFP)

  • Vart tildelt Nobels fredspris i 2020 for sin innsats i kampen mot svolt.
  • Gjev naudhjelp i krisesituasjonar og yter langsiktig hjelp for å motverka svolt og forbetra ernæring.
  • Har ingen faste inntekter. All hjelp WFP gjev, er basert på frivillige bidrag frå FNs medlemsland, privat næringsliv og individuelle givarar.

---

Les mer om mer disse temaene:

Maria Lavik

Maria Lavik

Maria Lavik er journalist i Vårt Lands nyhetsavdeling

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter