Nyheter

Kasta ut av Norge - kan bli henta tilbake frå Afghanistan

220 unge avviste asylsøkjarar kan få ein ny sjanse når regjeringa skal oppfylle Stortingets «oktoberbarn»-vedtak. Fleire er tvangsutsendt og kan bli henta tilbake til Norge.

14. november vedtok Stortinget at fleire av dei såkalla «oktoberbarna» skal få ei fornya behandling – og påførte Solberg-regjeringa eit sviande asylnederlag.

Utlendingsdirektoratet (UDI) har no identifisert dei vedtaka femner: 220 unge, avviste asylsøkjarar. UDI opplyser til Vårt Land at dei 220 fordeler seg på fire grupper:

Bur framleis på mottak, har reist heim frivillig, er tvangsreturnerte og har reist frå mottak utan å gje opp ny adresse.

92 bur i mottak eller privat, medan resten har ukjent adresse. I november opplyste Politiets utlendingseining at sidan januar hadde ti unge, som har hatt mellombels opphald i Norge, blitt tvangsreturnert til Afghanistan.

LES MEIR Stortinget temmer Listhaug

Løysingar

Talet 220 blir presentert i eit brev innvandrings- og integreringsminister Sylvi Listhaug (Frp) har sendt til dei parlamentariske leiarane i Ap, SV, Sp, KrF, Venstre, MDG og Raudt. Frp-statsråden skriv at leiarane får brev med 26 spørsmål som må avklarast før ho og regjeringa kan omsetje 14. november-vedtaka i praktisk politikk. Svarfristen er kort, 5. januar.

På 25 av dei 26 spørsmåla har Frp-statsråden forslag til løysingar.

Norgesbillett

Når det gjeld dei som har reist frå Norge, med og utan tvang, skriv Listhaug at «Utgangspunktet bør være at sakene vurderes mens utlendingen fortsatt er i utlandet», men «Utlendingsmyndighetene må imidlertid kunne vurdere konkret om det i den enkelte sak er nødvendig at utlendingen er fysisk tilstede, f.eks. for å kunne foreta nytt intervju eller for å delta i nemndmøte med personlig fremmøte, og ev. hente vedkommende tilbake.»

Med andre ord: Tvangsutsendte unge afghanarar kan bli henta tilbake til Norge for å få saka avgjort – og staten skal betale rekninga for å få dei tilbake til landet: «(...) jeg mener at norske myndigheter skal dekke reiseutgifter til Norge for personer som ev. får oppholdstillatelse etter en ny vurdering, og i de tilfellene hvor UDI/UNE ser behov for at utlendingen er tilstede i forbindelse med saksbehandlingen», skriv Listhaug.

Svarar

NOAS har også svart på alle spørsmåla Listhaug stiller i brevet, og fungerande politisk rådgjevar Mona Reigstad Dabour fortel at dei blir sendt til Ap, SV, Sp, KrF, Venstre, MDG og Raudt.

– Vi er einige i nokre av forslaga Listhaug fremmar for revurdering av sakene, blant anna at nye sårbarhetskriterier bør bli forskriftsfesta, seier Dabour.

– Vi meiner at utlendingsforvaltninga skal vere varsam med å hente dei unge tilbake til Norge i samband med revurdering av saker, for det kan skape falske voner. Men er det naudsynt for å opplyse saka best mogleg, kan det vere rett.

LES MEIR Listhaug løfter fram konvertitter

Informasjon

I jakta på dei 220 understrekar Listhaug at «Det vil ikke være mulig for utlendingsmyndighetene å kontakte hver enkelt personlig, da norske myndigheter ikke vet hvor alle de aktuelle personene oppholder seg».

– Det er viktig å nå alle som er omfatta av vedtaka med informasjon om at dei kan be om fornya behandling av asylsøknadane. Uavhengige aktørar bør bli involvert i informasjonsarbeidet, meiner Dabour.

NOAS kan gjere jobben, men det kan også andre organisasjonar, seier ho.

Omsorg

I ei sak meiner NOAS at Sylvi Listhaug bør bli tydelegare enn det som kjem fram i brevet.

– For at regjeringas oppfølging av vedtaket skal vere i tråd med Stortingets intensjonar, må departementet sikre at utlendingsforvaltninga legg større vekt enn i dag på mangel på omsorgspersonar, nettverk og/eller ressursar til å etablere seg i internfluktområdet, når asylsøknadar frå mindreårige blir vurdert, seier politisk rådgjevar Dabour.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter