Nyheter

Færre fødde med Downs

Talet på levandefødde med Downs syndrom går ned. Gravide kjøper sjølve tidleg ultralyd for å sjekke fosteret. – Vi får eit klasseskilje, seier klinikkeigar.

Overlege Kari Klungsøyr ved Medisinsk fødselsregister «ser ein trend»:

– Vi ser at det blir fødd færre med Downs syndrom.

Vårt Land har henta ut tal frå Medisinsk fødselsregister som viser ei tydeleg utvikling på både kort og lang sikt:

• Talet på levandefødde med Downs går ned dei tre siste åra: 74 i 2014, 70 i 2015 og 66 i 2016.

• Talet på foster med påvist Downs som blir aborterte etter nemndbehandling går opp: 46 i 2014, 55 i 2015 og 64 i 2016.

• I 1999 var det 14,13 levandefødde med Downs per 10.000 fødde. I 2016 enda talet på 11,03 levandefødde per 10.000.

LES MEIR: Venstre skal avklare ultralyd

Abort

– Korleis forklarar du denne utviklinga?

– I Norge får ikkje gravide tilbod om tidleg ultralyd, men vi ser at mange kvinner vel å kjøpe denne tenesta sjølve på private klinikkar for å sjekke helsetilstanden til fosteret, seier overlege Klungsøyr, og peikar på samanhengen mellom privat-initierte helseundersøkingar av foster og fleire abortar av foster med Downs.

Stortinget har bestemt at alle gravide skal ha tilbod om ultralyd som ei rutineundersøking, men først i svangerskapsveke 17-19. Blir det avdekka at fosteret har Downs syndrom, kan den gravide få innvilga nemndbehandla abort.

Nemnd

Fram til veke 12 er det sjølvbestemt abort. Etter 12. veke må den gravide søkje ei nemnd for å få innvilga abort. Kvinnas argumenter skal vege tungt – og dei aller fleste får ja. I fjor blei det utført 569 nemndbehandla svangerskaps­avbrot, fortel Abortregisteret.

Og tal frå Medisinsk fødselsregister viser som nemnt at foster med Downs blir i aukande grad aborterte etter nemndbehandling.

– Vi kan ikkje setje to strekar under svaret og seie at dei 64 tilfella i fjor der nemnder sa ja til abort utelukkande handla om Downs syndrom, for det er mange faktorar som verkar inn når ein søkjer nemndbehandla abort, seier overlege Kari Klungsøyr.

– Men vi kan seie at påvist Downs syndrom er ein medverkande faktor.

Tilbod

Danmark har til skilnad frå Norge eit tilbod om tidleg ultralyd for alle gravide. Ferske tal viser at danske gravide ber fram monaleg færre barn med Downs syndrom.

I fjor blei det berre født fire barn med Downs etter fosterdiagnostikk, og det blei født 20 barn med Downs der diagnosen først blei oppdaga ved fødsel.

– Alle norske gravide kjem også til å få tilbod om tidleg ultralyd, om ei stund, seier Dag Harald Hovind. Radiografen eig og driv Ultralydklinikken, som har avdelingar i Tromsø, Bergen, Drammen og Oslo/Bærum.

LES MEIR – Ap vil jakte på Downs

Kjøper

Hovind stadfester overlege Kari Klungsøyr ved Medisinsk fødselsregisters observasjon om at gravide kjøper sjølve ultralydundersøkinga staten ikkje vil levere.

– Men våre kundar kjem ikkje fordi dei «jaktar sjukdom». Dei kjem fordi dei «berre vil sjå», og då gjerne tidleg i svangerskapet.

Klasseskilje

– Kva skjer om den tidlege ultralyden hjå dykk avdekkjer noko de meiner er mistenkjeleg?

– Då viser eg dei vidare til eit av dei fem sjukehusa som utfører undersøkingar som skal avdekkje kromosomfeil.

– Tek kundane dine i mot dette tilbodet?

– Ja. Og fleire seier at viser vidare undersøkinga at fosteret har Downs syndrom, ja, så skal dei klare det og. Det er andre sjukdommar som er langt meir alvorlege å handtere, fortel Hovind.

På hans klinikkar kostar ein tidleg ultralyd i veke 7-14 1.400 kroner.

– Prisen gjer at vi får eit klasseskilje mellom dei som har råd til den ekstra sjekken og dei som ikkje har råd til å betale 1.400, pluss reisekostnader – og dei er det mange av, seier Hovind.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter