Nyheter

Venstre skal avklare ultralyd

Venstre skal avklare kva dei meiner om tidleg ultralyd. Høgre seier bastant nei. Men det er fleirtal for tilbodet på Stortinget.

– Tidleg screening for å finne alt ein ikkje ønskjer er ikkje vegen å gå, slår Sveinung Stensland fast. Han er Høgres nye helsepolitiske talsmann.

Stenslands kollega i Venstre er ikkje like kategorisk:

– Eg må få lov til å kome tilbake til Venstres standpunkt, Stortingets helsekomité startar behandlinga av bioteknologimeldinga over nyttår. Men eg kan seie at Venstre er eit parti som går langt i liberal retning, seier helsetalsmann Carl-Erik Grimstad.

LES MEIR: Færre fødde med Downs

Regjering

Straks kalenderen viser januar 2018, skal Venstre setje seg ned med Høgre og Framstegspartiet for å sjå om dei tre partia kan meisle ut ei felles regjeringsplattform. Bioteknologi blir ei stridssak.

Som Vårt Land fortel i dag går talet på levandefødde med Downs syndrom ned (sjå eiga sak). I dei åtte åra den raudgrøne regjeringa styrte Norge, prøvde Arbeidarpartiet og SV å få innført tidleg ultralyd som eit rutinetilbod til gravide. Men Senterpartiet sa tvert nei, partiet understreka at slik undersøking kan gje fleire abortar av foster med kromosomavvik.

I og med at både Høgre og KrF seier nei, blei det ikkje fremma forslag om å mjuke opp i førre stortingsperiode.

LES MEIR – Ap vil jakte på Downs

Fleirtal

Vårt Lands kartlegging viser at det eigentleg er fleirtal i det nye Stortinget for å endre dagens praksis med ultralyd først i veke 17-19. Før Venstre avklarar seier Ap, SV, Raudt og Frp ja.

Her er kva partia seier om tidleg ultralyd og liknande tilbod i dei nye partiprogramma:

• Ap: «Alle gravide som ønskjer det, skal få tilbod om tidleg ultralyd.»

• SV: «Erstatte fostervassprøva med NIPT-testen. Det vil redusere faren for spontanabort og gje trygg informasjon om helsa til fosteret tidlegare i svangerskapet.»

Raudt: «Tilbod om tidleg ultralyd og ikkje-invasiv fosterdiagnostikk for dei som ynskjer det i veke 11-13»

Frp: «Ultralyd skal kunne brukes også før 12. svangerskapsuke der dette er ønsket og faglig forsvarlig.»

Sp: «Ikkje innføre rutinetilbod om tidleg ultralyd til alle friske gravide, men sikre at dagens retningslinjer for tilgang til tidleg ultralyd blir praktisert likt over heile landet.»

KrF: «Ultralyd i veke 11-12 skal ikkje bli rekna som ein del av svangerskapsomsorga, då ein slik ultralyd først og framst er egna til å oppdage avvik som kan føre til abort.»

Høgre: Ingenting.

Venstre: Ingenting.

MDG: Ingenting.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter