Nyheter

Fire av ti seier ja til surrogati

Meiner det bør bli lov å bruke surrogatmor i Norge.

I 2013 endra Stortinget bioteknologilova. Det blei presisert at all form for surrogati skal vere ulovleg i Norge, men nordmenn som inngår surrogatiavtalar i utlandet skal ikkje straffast. Difor reiser kvart år norske par og einslege til utlandet for å bli foreldre.

Senter for medisinsk etikk ved Universitetet i Oslo har saman med Norges handelshøyskole etablert eit prosjekt som har fått namnet Norwegian Bioethics Attitude Survey (Nobas). Her blir nordmenns haldningar bioetiske og medisinsketiske spørsmål undersøkt.

LES MER: – Geir Kvarme vil gjøre det lettere for kvinner å bære fram andres barn

Surrogati-ja

Nobas er oppretta i samband med at Solberg-regjeringa arbeider med ein total revisjon av bioteknologilova. Helseminister Bent Høie (H) har lova ei stortingsmelding i haust.

Resultata frå første Nobas-runde avdekkjer at:

• 39 prosent av nordmenn er litt eller svært samde i at surrogatmor bør bli lovleg i Norge.

• 35 prosent meiner mannlege homofile par bør få tilbod om å få barn med hjelp av surrogati.

• 25 prosent meiner einslege menn bør få tilbod om tilbod om å få barn med hjelp av surrogati.

LES MER: Israelere tilbyr nordmenn amerikansk surrogati via Sverige

Liberale

– Desse tala viser lovgjevarane er i utakt med folket. Det er ein større liberalitet i opinionen enn i lovverket, påpeikar styreleiar Lise Boeck Jakobsen i foreininga Ønskebarn.

– Kva oppmjuking av lovverket ønskjer de?

– Vi meiner altruistisk surrogati bør bli lovleg i Norge, men vi er mot å opne for kommersiell surrogati.

Lovendring

Med dette kravet er Ønskebarn på line med mindretalet i Bioteknologirådet. I samband med revisjonen av bioteknologilova har rådet levert ei delt innstilling til helseministeren om surrogati:

• Eit mindretal på to medlemmer opnar for at altruistisk surrogati kan bli lovlig i Norge.

• Fleirtalet på 13 medlemmer seier også nei til ikkje-kommersiell surrogati. Heile rådet avviser kommersiell surrogati i Norge.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter