Nyheter

Kvarme ber om surrogatioppmjuking

Ønskjer regjeringa innføre ei rådgjevings- og godkjenningsteneste for surrogati.

Geir Kvarme er aktiv på mange scenar: Skodespelaren sit i Oslo bystyre for Høgre, og var i 2014 med på å skipe Åpen folkekirke (ÅF), Norges første kyrkjepolitiske organisasjon som stilte med eigne lister ved kyrkjevalet. Han var medlem av det første ÅF-styret.

Kvarme står også opp for dei som vel å bli foreldre ved hjelp av surrogati, slik han og mannen har gjort. Dei fekk tvillingar med hjelp av eggdonor og surrogatmor i USA.

LES MER: Israelere tilbyr nordmenn amerikansk surrogati via Sverige

Godkjenning

– Surrogati har kome for på bli, så lovgjevarane må få ei meir framoverlent haldning, seier han med tydeleg adresse til eige parti.

I dag er surrogati ulovleg i Norge, men nordmenn kan fritt reise til utlandet og inngå avtalar med eggdonorar, klinikkar og kvinner som vil bere fram barn.

– Så framfor å dytte par og einslege som ønskjer surrogati frå seg, bør regjering og storting heller etablere ei rådgjevingsteneste som hjelper desse, samt opprette ei godkjenningsordning som kan sertifisere surrogatiformidlarar. På denne måten kan vi hindre dårlege surrogatiopplevingar, seier Kvarme. Han dreg parallellar med godkjenningsordningane for adopsjon.

REPORTASJE: Dette foreldreparet deler hus – men har aldri vært kjæresterREPORTASJE: Dette foreldreparet deler hus – men har aldri vært kjærester

Vere nær

Kvarme kjenner ikkje til Tammuz International Surrogacy og deira nyopna filial i Norden, men ser fordelar ved at interesserte no får ein formidlar som er nærmare enn USA, der han og mannen fekk hjelp.

– Vi hadde kontaktar i USA som sette oss i kontakt med CSP (Center For Surrogate Parenting, red.anm.), som er den eldste klinikken av dette slaget i USA. Vi følgde heile prosessen tett, vi var i USA nesten heile svangerskapet. For oss var det viktig å vere nær prosessen, vere nær ho som bar fram barnet vårt.

VERDIDEBATT: Hvor ble det av etikken i debatten om surrogati og genetikk?

Endre syn

– Kva forventningar har du til arbeidet med ny bioteknologilov?

– Dei er ikkje store. Mitt eige parti kjem truleg ikkje til å endre syn på surrogati, seier Kvarme, og held fram:

– Eg tykkjer det er underleg å opne for revisjon av lova på dette punktet dersom ein ikkje har planar om å endre standpunkt. Kvifor skal ein kome til Stortinget med gamle fastlåste standpunkt.

– KrF seier til Vårt Land at «ingen kvinner skal vere eit middel for at andre skal få oppfylt sine ønskjer» – kva seier du?

– Det er eit håplaust standpunkt. Snakket om menneskehandel er grove overdrivingar som viser at dei manglar kunnskap om kva surrogati eigentleg er.

LES OGSÅ: Ønskebarnet kom fra India

Frivillig hjelp

– Kva er surrogati?

– I vårt tilfelle fekk vi hjelp av ei kvinne som sa seg villig til å hjelpe oss med å få barn. Ho kan ikkje reduserast til eit middel. Ho gjorde fordi ho ville hjelpe.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter