Nyheter

Jordas fordømde – og vårt håp

Berge Furre: «Det sårbare livet var likevel sterkast. Dødskreftene har ikkje rett. Det er livet og håpet som har rett.»

Preike i Tromsø domkyrkje 1.5.1985, utgitt i «Sant og visst: artiklar, foredrag og preiker» (Samlaget). Gjengjeve med løyve.

Vi skal samla oss om nokre vers frå Jesu Bergpreike slik vi finn ho i Lukasevangeliet. Bergpreika er Jesu store «programtale» der han proklamerer Guds rike på jorda – det kjærleikens rike som bryt fram med han og som ein gong skal rå fullt og heilt. Bergpreika handlar om den grunnlov som rår i det riket – kjærleikens grunnlov som overvinn det vonde og er sterkare enn døden. Vi reiser oss og les frå Lukasevangeliet, 6. kapitlet:

«Ver miskunnsame, som Far dykkar er miskunnsam. Døm ikkje, så skal de ikkje dømast. Fordøm ikkje, så skal de ikkje fordømast. Ettergjev, så skal de få ettergjeving. Gjev, så skal de få: Eit godt stappa, rist og overfylt mål skal de få i fanget. For med det målet de sjølve mæler med, skal det mælast opp for dykk.»

LES OGSÅ: Berge Furre er død

«Fordøm ikkje, så skal de ikkje fordømast.» For om lag tjuefem år sidan kom det ei bok som tente ein brann i ein heil generasjon i store deler av den tredje verda. «Jordas fordømte» heitte boka, og forfattaren var svart, Frantz Fanon. Ho handla om dei folkemassane som levde i fornedring, i fattigdom og svolt. Jordas fordømte skulle reisa seg mot dei som fordømte –retta nakken i tru på sitt verd, ikkje finna seg i ufridom og fornedring, med dei skulle forandra.

Fanon hadde møtt Kristendomen som eit middel dei kvite herskarar bruka til å undertrykka, få hans folk til å finna seg i fornedringa – finna seg i å vera «jordas fordømte». Og dette biletet av Kristendomen er velkjent: «Folkets opium» – eit middel til å døyva smerten over uretten og finna seg i han. Eit middel mektige brukar til å halda andre nede.

Rett som det er sprengjer harmen seg veg i Jesu tale med sviande beiske ord, og då er det heist mot dei som har sitt på det tørre

Men stemmer dette – om vi går til kjeldene – Det nye testamentet? Det stemmer ikkje med den Jesus vi møter der. For han finn vi – nettopp blant jordas fordømte på deira side – i eit trælbunde folk blant dei spedalske, dei prostituerte, dei utstøytte. Blant dei fattige. Bergpreika vender seg serleg til dei: «Sæle er de fattige. Guds rike er Dykkar» – heiter det i same kapittel som vi las frå. «Sæle er de som no svelt. De skal mettast.» Vi er kanskje van med å høyra om dei «fattige i ånda» – som det står hjå Matteus, men hos Lukas er det tale om direkte svolt og naken fattigdom.

LES NEKROLOGEN: «Han var ein mann med stor påverknadskraft»

Men likevel – endrar slike ord noko på det biletet av Kristendomen som Fanon og andre har? Er ikkje dette berre sentimentalt preik – trøyst slik at undertrykte menneske tolmotig skal finna seg i at nokre er rike og mange er fattige? Nei, tolmotig er ikkje Jesu tale – orda har brodd nettopp mot urettferda: «Men ve dykk, de rike, de har alt fått dykkar trøyst. Ve dykk, de som no er mette, de skal svelta,» står det i same kapittel.

Rett som det er sprengjer harmen seg veg i Jesu tale med sviande beiske ord, og då er det heist mot dei som har sitt på det tørre, dei etablerte herrar i samfunnet – anten dei har rikdom eller akademisk posisjon. Dei privilegerte som tek sin posisjon for sjølvsagt og velfortent får knust sitt sjølvbilete gong på gong i møtet med han.

Han vil at vi skal tru på han – og tru er å gjera noko med det, tru er å binda saman ord og handling

Men gjer eigenleg Jesu harde ord til slike saka serleg betre? Er ikkje dette berre moralisering – ordstøtte til dei fattige så dei lettare skal halda seg på plass – ord istadenfor handling?

Nei, han gjer noko med det. Han vandrar ikkje resignert blant lidande menneske, men grip inn direkte og handfast mot naud og fornedring langt ut over menneskeleg makt. Fordi han er solidarisk med dei undertrykte.

Han vil at vi skal tru på han – og tru er å gjera noko med det, tru er å binda saman ord og handling. Det seier Jesus krystallklårt hjå Matteus: «Eg var svolten, de gav meg mat. Eg var tyrst. De gav meg å drikka. Eg var framand og de tok imot meg. Eg var utan klede, og de kledde meg. Eg var sjuk og de såg om meg. Eg var i fengsel, og de vitja meg.»

LES OGSÅ: – Furre var en sterk Kristus-forkynner

Sagt til vår tid: Blant den milliard menneske som svelt på jorda – der er han og ventar på vår tru. I køane ved arbeidskontora og sosialkontora i vårt land, blant taparane i narkorus – der er han. Tjue millionar menneske sit i fengsel for si overtyding, og mange blir torturerte, melder Amnesty. Han er ein av dei. Han er ein av dei som døydde under tortur.

Gud vart menneske – blant lidande undertrykte menneske – for at der skulle bli gjort noko med det. Bergpreika fortel kva solidaritet er. Men når Gud er på dei undertryktes og fordømtes side – kvifor er der då så mykje undertrykking, armod og naud? Framfor det spørsmålet stoppar vi opp i fortviling nokon kvar. Ein del av svaret er nok dette: Gud har ikkje andre hender enn våre hender.

Javel, men er vi ikkje då like langt? Kristne menneske har nok gjort mykje godt i nestekjærleikens namn, men kyrkjene har funne seg i at samfunnet var urettferdig, heiter det. Strukturane har ikkje kyrkja brydd seg med. Kva hjelp er der i preik om gode gjerningar når det urettferdige systemet får stå urørt?

Kristendom var ei tru som voks fram blant fattige, blant dei små – blant «jordas fordømte»

Ingen kan avvisa at den kritikken råkar med tyngde, men var det slik det skulle vera? Midt i det gamle slavesamfunn, styrt av romersk militærmakt, breiddfullt av rasisme, eit mannssamfunn der kvinna var mannens eigedom – der hamrar Paulus ut ein setning med dynamitt i kvart ord: «Her er ikkje jøde eller grekar, her er ikkje træl eller fri, her er ikkje mann eller kvinne: De er alle ein i Kristus Jesus.» (Gal. 3.28)

No talar ikkje Paulus her direkte om samfunnstilhøve, men han talar om den eine samanheng som verkeleg tel: Framfor Gud – der skal all diskriminering, all undertrykking, all fordøming falla. Kven har då rett til å seia at slikt skal bestå på andre område – i privatliv og i samfunnet?

Kristendom var ei tru som voks fram blant fattige, blant dei små – blant «jordas fordømte». «Slavereligion» sa filosofen Friederich Nietzsche med forakt – uverdig det overmenneske han trudde på. Og «slavereligion» er vel i grunnen ganske treffande: Kristendom er ikkje for overmenneske og heltar, men serleg for dei isfrie, undertrykte, de små. Men ikkje, som Nietzsche trudde, ei slavelenke attåt dei andre.

LES OGSÅ: – Furre var en fantastisk foreleser og retoriker

Tvert imot. Ordet frelse kjennest vel sært og litt klamt for mange. Men på norsk er det eit ord frå tider langt tilbake då der fanst slavar: Når slaven vart sett fri, vart lenka teken av hans hals. Han kunne retta nakken. Han var frihalsa – det er det frelst betyr. Men fyrst og fremst tyder frelse å gjera heil – bøta både den ufridom og naud som råkar kropp og den som råkar sinn – altså heile mennesket.

Frå fyrste stund var Jesu lære farleg for dei mektige – så farleg at Jesus fekk dødsdom. Og det som skremte mest var at han, og dei som fylgde han, retta nakken, stod som frie menneske midt i ufridomen – utan frykt for uretten og det vonde. Ikkje ein gong dødens grense bøygde han seg for.

Men då dom og terror og drap ikkje var nok til å stansa den nye farsott blant fattigfolk, galdt det for dei mektige å få kristendomen under kontroll, vri han til ein reiskap for makta.

Og dermed har kyrkjehistoria fått mange groteske innslag – om keisarar, despotar og tyrannar som med lærde teologars utspekulerte knep har prøvd å få Jesus over på sitt parti – mot dei fattige: Ei lære om å finna seg i undertrykking og naud – og venta på «løn i himmelen». Eller dei prøvde stengja kristendomen inne i ein liten krok av livet – gjera han til ei «privatsak» – så kunne dei mektige stella med krig og fred, utbytting og fattigdom – utan å bli forstyrra av Kristendomen. Eller han vart eit klenodium på museum –«ein verdifull del av vår felles kulturelle arv» som det stundom heiter.

Det gamle bilete av kyrkja som ein lydig tenar for makt og undertrykking er ikkje lenger det einaste – og det er på vikande front for eit anna bilete.

Alliansen Kristendom og makt ned gjennom historia etterlet ikkje akkurat vakre spor: Kjettarprosessar, inkvisisjon, religionskrigar, heksebrenning, nasjonale krigar «i Guds namn». Men alltid har der vore menneske som har leita opp att han vi møter i evangelia, funne tilbake til dei fordømtes frelsar.

Ein av dei som har gjort dette i vår tid er nobelprisvinnaren Desmond Tutu i Sør-Afrika. Vi såg han på fjernsynet nyleg – i gravferda etter massakrane i Kapp-provinsen: Vi veit at Gud er med oss, ikkje fordi vi er gode –det er vi ikkje meir enn andre – men fordi vi er undertrykte, og Gud er på dei undertrykte si side, sa han til den enorme folkehopen i gravfylgjet. Og før han fekk Nobelprisen stod han på verdskyrkjemøtet i Vancouver og ordla seg slik med glimt i auga: Vi svarte i Sør-Afrika, vi høyrde på misjonærane som kom frå Europa, og vi tok det dei sa på alvor. Kanskje de i Europa ikkje skulle sendt dei til oss. Men no er det for seint å angra. Vi kjemper mot apartheid, mot ei urettferdig verdsordning – med Bibelens ord om likeverd og rettferd.

Tutus erfaring med Kristendomen var ein annan enn Frantz Fanons. Og Tutu er langt frå åleine. Det gamle bilete av kyrkja som ein lydig tenar for makt og undertrykking er ikkje lenger det einaste – og det er på vikande front for eit anna bilete:

Despotar og dødsskvadronar i Mellom-Amerika som møter opptog der folk og prestar ber krusifiks og Mariabilete for sjølvstende og sosial rettferd – med rett nakke og fri hals. Apartheidstyret i Sør-Afrika møter kyrkjeveggen som ein motstandsmur. Bak brenn ein fridomseld som dei veit er det største trugsmål mot boermakta. Da arbeidarane i Polen gjekk til streik for levelege kår og organisasjonsfridom, møtte politiet ein mur av arbeidarar som knelte framfor altaret med brød og vin.

Er då ikkje kristendomen ein religion for undertrykte menneske som treng trøyst for å finna seg i undertrykkinga?

Trøyst? Javisst, det treng vi da. Men for dei vi no snakka om er kristendomen også noko langt meir – frigjering til nytt liv. Kristendomen er det radikale brot med all undertrykking. Kristendom er frelse frå det vondes slaveband.

Jamført med himmelen er sosialismen eit beskjedent prosjekt – heldigvis – eit emne for samtale, kritikk og forandring – som ikkje skal opphøgast til religion.

Og vi ser gneistane slå over til vårt land – i arbeid for fred, i solidaritet med innvandrarar, i støtte til eit fredsskip til Nicaragua – og om dagens sjokkmelding frå USA er rett – om full handelsboikott av Nicaragua – vil det bli behov for mange fredsskip. Men har eg no stått her og gjort Kristendomen til eit politisk program? Forsøker eg å gje Gud partifarge?

Nei, vi kan ikkje lesa politiske programpostar for dagens samfunn ut av Det nye testamente. Men visjonen av Gudsriket, trua på at menneske er skapt i Guds bilete, og den totale solidaritet som heiter Jesu liv og død – i det ligg ei frigjering og ein inspirasjon til å kjempa mot materiell og åndeleg naud, for fred og rettferd her. Men korleis dei konkrete løysingane skal bli, korleis politikken praktisk skal bli – til det må vi bruka vår praktiske fornuft. Om det må vi samtala på tvers av livssyn, leita, stridast og finna saman. Det høyrer «det folkelige til», som Grundtvig sa, og i det har ikkje kristne menneske noko fortrinn – same kva dei kallar partiet sitt. Dei av oss som er sosialistar har heller ingen rett til å putta kristendomen i lomma og seia at han er vår – at vår politikk er den eigenleg kristne – like lite som andre har rett til å seia det om sin politikk.

Sosialismen er ein måte å møta urettferd på – ein veg og eit mål i eit betre samfunn. Men jamført med himmelen er sosialismen eit beskjedent prosjekt – heldigvis – eit emne for samtale, kritikk og forandring – som ikkje skal opphøgast til religion eller konkurrera med kristendom.

Er så kristendom berre dette eg no har snakka om – eit radikalt kjærleiksbod og ein visjon av Guds rike? Er det så mykje å masa om? Det finst då mange verk i verdslitteraturen som inneheld nett det – kjærleik og draum om noko betre.

Den fattigdom som trugar oss er helst resignasjon og likesæle – at vi gjer opp

Er det så likevel ikkje steinar for brød? Kva hjelper ord og draum? Avmakt er det eg kjenner. Kva kan eg makta mot alt det skremmande og trugande rundt meg? Kva kan eg stilla opp – mot meiningsløysa kring meg? Kva kan ørvesle eg stilla opp – mot rakettane som trugar oss, mot millionane utan arbeid, mot skogane som visnar? Er ikkje resignasjonen det realistiske – gje opp, trekka seg inn bak husets fire vegger og gløyma ei vond verd den tid som er att?

Vi ser resignasjonen breia seg kring oss: Unge menneske rømer unna – i rus. For der er jo inga framtid? Skuleborn blir ordlause når dei får stiloppgåva: «Meg sjølv om tjue år.» Eg tala om Kristendom som ein religion for fattige. Få blant oss er materielt fattige. Den fattigdom som trugar oss er helst resignasjon og likesæle – at vi gjer opp. Men det den kristne tru hevdar er at nettopp i denne situasjonen er der håp – i den situasjonen der sjølve livet er truga, der sjølve livet er lagt i atomdødens skugge, og der håpet ser ut til å slokna.

For Kristendomens merkelegaste bodskap er dette: Gud vart menneske – eit sårbart, undergangstruga liv vart Guds liv. Eit menneske – utan rikdom, utan politisk makt, utan militær makt. Hans våpenlause bodskap var kjærleik og rettferd – Guds vilje: «Ver miskunnsame – som Far dykkar er miskunnsam.» Hans kall var forsoning – «Døm ikkje», «Elska fiendane dykkar». Slik levde han – sårbar og open.

Så slutta livet hans – som det vel måtte slutta: Med katastrofe, med fengsling, død – i det totale nederlag. Og så var det vel slutt då – liksom vi fryktar ein kollektiv slutt når atomvåpna har tala.

Det nyttar å retta nakken – fri halsen frå slavebandet – ta kampen opp – mot det som trugar og øydelegg livet – i vårt samfunn, i vår by, i vårt eige liv

Men så var det ikkje slutt likevel – tvert imot. Det er den kristne tru at Jesus overvann døden – på vegner av menneska. Den kristne tru er å sjå eit håp – der vi elles berre ser død. I Jesus ser vi alle livskreftene sigra over dei ovmektige dødskreftene. Det er det som ligg i trua på at Jesus stod opp frå døden påskemorgon. Dødskreftene tapte – for Gud hadde stilt seg på livets side og gjeve livet rett. Sagt på ein annan måte: Påskemorgon tapte atomdøden. Påskemorgon tapte miljøkatastrofen. Påskemorgon tapte hungermassakren. Kristendom er å få tru at livet er sterkast – at det er det som kom til syne og vart verkeleg i Kristus. Kristendom er ein måte å vera menneske på – henta livstru og livsmot i dette håp.

Når vi ser tilveret i dette håp, i denne tru, kan vi kjenna at det nyttar at vi lever. Det nyttar å retta nakken – fri halsen frå slavebandet – ta kampen opp – mot det som trugar og øydelegg livet – i vårt samfunn, i vår by, i vårt eige liv. Fordi vi ser ein vår bak dødskreftenes vinter. Fordi vi kjenner at livsmotet er der – og veks i oss. Da kan det håp som driv Desmond Tutu også bli det håp som driv resignasjonen ut av vårt sinn.

Når vi vidare ser verda i dette lys – der Jesus har løfta dødens skugge frå livet – då ser vi at jorda ikkje er ei vond verd, ein jammerdal, men eit rom for glede og fest. Vi ser at jorda er Guds vedunderlege skaparverk – slik ho verkeleg er det rundt oss, synleg og kjær: Dei skinande kvite fjell som kransar denne byen, våren som bur seg på å bryta gjennom og gjenskapa livet i grøn prakt, gleda over born som blir født og veks opp, evna som er gitt oss til kjærleik og vennskap og nærleik, og til å møta kvarandre også i kunst og litteratur. Alt dette har vi fått. Difor skal gleda og festen løfta vårt liv. Det vonde er der, tungt og verkeleg – meir sviande for somme enn for andre. Men vi kan likevel sjå den jord Gud har skapt – slik ho verkeleg er – utan dødens skugge. Og vi kan gjera det fordi livet er lova siger – slik det er forma i dagens tekst: «Eit godt stappa, rist og overfylt mål skal de få i fanget.»

Dødskreftene har ikkje rett. Atomtrusselen har ikkje rett. Det er livet og håpet som har rett.

Forfattaren Sigurd Evensmo bruka seia med ein litt sår smil når verda såg som mørkast ut: «Det er mulig å kjempe uten å håpe.» Somme er sterke nok til å seia det. Slik kan ikkje eg kjenna det. Det nyttar ikkje utan håp. Men det har altså hendt noko, som gjer at det nyttar. Det sårbare livet var likevel sterkast. Dødskreftene har ikkje rett. Atomtrusselen har ikkje rett. Det er livet og håpet som har rett.

Du som har dig selv mig givet, Lad i dig mig elske livet

Saa for dig kun hjertet banker Saa kun du i mine tanker

Er den dybe sammenhæng.

Ære vere Faderen og sonen og Den heilage Anden som var, er og vera skal ein sann Gud frå æva til æva. Amen.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter