Nyheter

Stillfaren leiar

Berge Furre var ein mann med stor påverknadskraft, endå så stillfaren han var.

Bilde 1 av 6

NEKROLOG: Berge Furre var frå Sjernarøy i Ryfylke, ei øy med mange bedehus. Han høyrde kulturelt til i den kristelege lekmannsrørsla, sjølv om ikkje mange ville knytte han til bedehuset.

Men eg møtte han på vårt lokale bedehus på Korsvoll i Oslo, der han i nokre år stille sette seg på siste benk når det var gudsteneste søndag føremiddag. Frå bedehuset gikk vegen til kyrkjevert i Nordberg – og så rett inn i soknerådet. Det vart byrjinga på karrieren hans som kyrkjeleiar.

LES MER: Berge Furre er død

Trengde seg ikkje fram

Furre vart professor to gonger. Fyrst i historie, så nokre år seinare i teologi. Det illustrerer dei to sidene ved han – og at han var ein som lett kom til toppen der han var. Men han var ikkje ein mann som trengde seg fram. Folk såg kvalitetane hans og henta han inn.

Eg møtte han som historieprofessor fyrste gongen, då eg var med i ei gruppe han leia på Historisk Institutt i Oslo. Furre var alt ein legende på venstresida, som organisator av påskeopprøret i Arbeidarpartiet i 1958 og del av Orienteringskrinsen. Men han slo hardt ned på alle som prøvde seg med venstreretorikk med dårleg fagleg forankring – det merka eg då eg leverte ei oppgåve om imperialismen.

Følg oss på Facebook og Twitter!

Heidersmann

Då SF vart til SV, vart det bruk for ein sindig mann i all striden. Berge Furre var nestleiar i SF og vart leiar i SV. Han sat og på Stortinget, der han var han var arkitekten bak ein jordbrukspolitikk som ga norske bønder gode kår i mange år – så heitte då også hovudoppgåva hans i historie «Bønder, mjølk og tingmenn».

Det budde likevel ein kompromisslaus opprørar i han. Det synte han då han braut teieplikta som stortingsrepresentant og fortalde om Noregs deltaking i amerikansk etterretning mot Sovjetunionen. Men den riksretten det vart truga med, vart aldri noko av. Og det rokka ikkje ved at han vart omtala som ein heidersmann – noko som mellom anna synte seg i at han vart medlem av Nobelkomiteen.

Då dei hektiske politiske åra var slutt i 1983, vende Furre attende til røtene sine. Han byrja arbeidet med sitt store verk om lekmannshovdingen Lars Oftedal, noko som førte til at han vart professor i teologi med kyrkjehistorie som område. I kyrkja oppdaga ein fort at her var det ein mann som hadde stor innsikt i både samfunn og teologi, og lang erfaring i det politiske spelet. Han vart ein sentral person i kyrkjemøtet frå 1986-93, og medlem av utvalet som greidde ut tilhøvet mellom stat og kyrkje. Han var og ein av dei som fekk til forliket om kyrkjeasyl på 90-talet. Han fann glede i å vere forkynnar, og virka også ei tid som vikarprest.

Berge Furre gjorde gjennom mange år ein stor innsats på mange plan, og det kan sjå sprikande ut. Men det som samla det heile, var grunnlaget frå den radikale og demokratiske lekmannsrørsla i Den norske kyrkja, som han levandegjorde på sin måte.

Les mer om mer disse temaene:

Erling Rimehaug

Erling Rimehaug

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter