Nyheter

Tajik: – Vi skal ha eit visst tilbod med privatskular

Sanner og Ropstad varsla uro for at AP vil sette ein stoppar for nye kristne og andre privatskular. Tajik er meir bekymra for at offentleg skule blir skadelidande.

– Når ein ny skule blir opna i dag, er det meir sannsynleg at den er privat enn offentleg, seier Tajik.

Etter eit utspel i Dagsrevyen til NRK kor Tajik tok til orde for at kommunane skal få seie nei til privatskular viss ønskjeleg, gjekk kunnskapsministar Jan Tore Sanner (H) og statsrådkollega Kjell Ingolf Ropstad ut og sa at ein kunne risikere at AP-styrte kommunar ville sette ein stoppar for kristne friskuler, eller montessori- og steinerskular.

– Ønskjer AP at det skal bli færre privatskular generelt?

– Vi er kritiske til at vi har rekordmange private skular. Høgre er pådrivar for stadig nye oppfinningar som private idrettsungdomsskular, profilskular og yrkesfaglege tilbod. Det er det som er det nye. Høgre endrar skulenorge slik vi kjenner det.

Ikkje eit problem

Sanner sa til Vårt Land at berre 3,7 prosent av grunnskuleelevane går på privatskule og at AP gjer inntrykk av at det er eit fleirtal som går på desse.

– Eg merkar meg at Sanner er oppteken av å seie at det er forsvinnande få private skuleplassar. Viss det skulle vere sant, er det vanskeleg å forstå at det å la kommunane bestemme skal vere eit stort problem. Det har kome 147 nye privatskular, noko Sanner meiner er lite. Berre 25 av desse fekk nei frå kommunen. Korleis kan Sanner hevde at ein liten del av noko han hevdar er forsvinnande lite vere eit stort problem?

LES OGSÅ: Kristen privatskule utkonkurrerer offentleg vidaregåande

Nye oppfinningar

Trass kritikken av dei rekordmange privatskulane meiner Tajik at det skal vere alternativ for dei som ønskjer å sende borna på ein annan skule av religiøse eller pedagogiske årsaker. Men for mange av desse vil ho ikkje ha.

– Vår politikk er gjenkjenneleg: Det bør vere eit visst tilbod av religiøse og pedagogiske alternativ for foreldre som ønskjer det. Det er ein menneskerett for foreldra å kunne velje det. Men eg må vere ærleg å seie at viss det finst mange religiøse privatskular i ein enkelt kommune, er det ikkje sikkert ein treng fleire.

LES OGSÅ: Kristen friskule har søkt staten om skulestart tre gongar

Økonomisk utfordring

Tajik meiner problemet oppstår når private skular går frå å vere eit alternativ til å vere ein ny normal og konkurrent til den offentlege skulen.

– Eg var i Porsgrunn kor ordføraren trakk fram at to nye private ungdomsskular har søkt om lov. Då vil det bli fire private og tre offentlege skular dersom ein av dei offentlege må leggast ned som følgje av dårleg økonomi.

Kjent AP-politikk

– Er denne kritikken av Høgre ein vending mot Rødt og SV?

– Nei. Vi vedtok dette i programmet vårt i 2017 og har ikkje lagt skjul på vår politikk. Det er Høgre-regjeringa som har øydelagt privatskuleforliket som fram til dei tok over har gitt ro og føreseiing for religiøse og pedagogisk alternative skular.

Les mer om mer disse temaene:

David Sviland

David Sviland

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter