Nyheter

Støttar kristen og muslimsk dialog om Maria

Kulturministeren støttar kyrkjeframsyningar om Maria i Bibelen og Koranen. Fem kyrkjelege dialogsenter deler 1,5 millionar i statleg støtte.

Trine Skei Grande (V) deler ut fem millionar kroner til såkalla dialogarbeid. Mottakarane får statleg støtte til prosjekt som skal fremme kunnskap om trus- og livssynspolitiske spørsmål. 31 søkjarar kniva om pengepotten, 23 får positivt svar:

- Den store søknadsmengda viser at det er stor interesse for å drive med dialogarbeid mellom ulike trus- og livssyn. Det er stor variasjon mellom søknadene både når det gjeld utforming og geografisk spreiing, fortel kulturminister Grande, og held fram:

– Vi gjev støtte til alt frå arbeid mot radikalisering og utanforskap, kompetansehevande tiltak retta mot både ungdom og religiøse leiarar i trussamfunn til forteljarframsyningar om Maria i Bibelen og Koranen.

LES MEIR: – Dialog har erstattet misjon

Maria i kyrkja

Konkret handlar dei tre døma Grande dreg fram om:

Dialogpilotene er eit utdanningsprosjekt for unge vaksne, og eit haldningsprosjekt for ungdom i Oslo og austlandsområdet. Kirkelig dialogsenter skal saman med Islamic Cultural Centre, Minhaj konfliktråd, Human-Etisk Forbund Oslo og Tauheed Islamic Centre utvikle eit etter- og vidareutdanningstilbod retta mot alle som vil lære meir om tros- og livssynsdialog, og ressursmateriell for lærarar og ungdomsarbeidarar.

Samarbeidsrådet for tros- og livssynssamfunn får støtte til å vidareføre kursopplegget Å leve med tro og livssyn i Norge, som er retta mot lokale dialoggrupper, trussamfunn og deira religiøse leiarar.

Grorud menighet i Oslo får støtte til fleire forteljarframsyningar med tema Maria i Bibelen møter Maria i Koranen - ein bibelforteljar og ein koranforteljar vil fortelje om Maria parallelt frå kvar sin tradisjon. Publikum blir i etterkant inviterte til samtale om stykket.

Fremme respekt

Kulturdepartementet opplyser at tilskotsordninga er mynta på trussamfunn eller samanslutningar av trus- og livssynssamfunn og frivillige og ideelle organisasjonar – og understrekar at prosjekta som mottek støtte skal bidra til å fremme forståing og respekt for ulikskap og felles verdiar som demokrati, rettsstad og menneskerettar.

Dialogsenter

Kulturdepartementet gjev i haust tilskot til følgjande mottakarar:

  • Madina Institute: 100.000
  • Forum for integrering og dialog Agder: 300.000
  • Kirkelig dialogsenter Oslo: 300.000
  • Kirkelig dialogsenter Drammen: 300.000
  • Kirkelig dialogsenter Trondheim: 300.000
  • Kirkelig dialogsenter Bergen: 300.000
  • Kirkelig dialogsenter Stavanger: 300.000
  • Grorud menighet: 250.000
  • Holmlia menighet: 60.000
  • Stiftelsen KULT: 70.000
  • Kvekerhjelpen: 60.000
  • Forandringshuset KFUK/KFUM: 150.000
  • Norges Kristne Råd: 90.000
  • Skaperkraft: 50.000
  • Forum for tro- og livssyn Agder: 200.000
  • Samarbeidsrådet for tros- og livssynssamfunn Bergen: 270.000
  • Samarbeidsrådet for tros- og livssynssamfunn Stavanger: 100.000
  • Dialogforum Østfold: 300.000
  • Dialogpilotene: 400.000
  • Info 123: 200.000
  • Bydel Gamle Oslo: 200.000
  • Abloom: 300.000
  • Samarbeidsrådet for tros- og livssynssamfunn: 398.000

LES MEIR:

Utanforskap

Info123 er ein frivillig organisasjon som samarbeider med det norsk-somaliske miljøet ved Tawfiiq Islamske Senter i Oslo. Organisasjonen arbeider særleg med radikalisering og utanforskap. Abloom er eit fleirårig prosjekt for å kjempe ned tabu og skam kring funksjonshemming i religiøse miljø.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter