Nyheter

Seks organisasjonar i opprop: Fryktar barn som er avhengige av hjelp blir ignorert

Regjeringa har lova 400 millionar til dei sårbare under koronapandemien. I forkant har seks organisasjonar slått alarm om barna som sårt treng tilrettelegging. – For lite, for seint og for dårleg, fryktar FO.

Måndag sto det svart på kvitt: «Smitteverntiltakene har hatt store negative ringvirkninger på tjenestetilbudet til barn og unge i Norge.»

Orda kjem frå rapporten til koordineringsgruppa som såg på korleis korona-tiltaka gjekk ut over dei unge.

I løpet av rapportens 35 sider er to avsnitt sett av til elevane som treng tilrettelegging.

– Når dei berre blir nemnt med nokre setningar, lovar det dårleg for dei tiltaka som kjem, seier Mimmi Kvisvik, forbundsleiar i Fellesorganisasjonen (FO).

– Me har lenge jobba for at desse elevane skal få innfridd rettane dei har etter opplæringslova, men regjeringa virkar ikkje villige til å setje i gang tiltak, seier Kvisvik.

Ropar varsku: – Utanforskapet kan bli forsterka

No mobiliserer FO, og fem andre organisasjonar, i håp om å sikre hjelp til denne gruppa som treng det.

Fellesorganisasjonen (FO), Likestillings- og diskrimineringsombodet (LDO), Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon (FFO) og tre andre er uroa. Saman har dei sendt elleve punkt til stortingspartia, med krav for å få sårt trengd undervisning på plass.

– Utan oppfølging vil desse barna i ytterste konsekvens ikkje nå måla i læreplanen, som er avgjerande for livet etter. Utan eit godt spesialpedagogisk tilbod vil utanforskapet bli forsterka, skriv organisasjonane.

Dei held fram at ingen styresmakter kan seie noko om kor mange barn dette gjeld. Derfor krev dei ei kartlegging av kven dei er, og at ein følger dei opp individuelt og utividar retten til undervisning.

– Korleis kan regjeringa forvente å kome med treffsikre krisepakkar når dei ikkje ein gong har oversikt over kor mange elevar som treng det? spør Kvisvik i FO.

Les svaret frå kunnskapsministeren: – Skal berre skje unntaksvis.

Likestillings- og diskrimineringsombod Hanne Bjurstrøm er blant dei som har signert krav-lista.

Likestillings- og diskrimineringsombod Hanne Bjurstrøm er blant dei seks som har signert krava. Foto: Erlend Berge

Ser bort frå lovverket – opp til ressursane

Så snart skulane stengde i mars, blei mange uroa for barna som treng tilrettelagt opplæring. Ikkje alle kan følge den digitale undervisninga. Regjeringa gav beskjed om at skulane måtte gi eit tilbod til desse elevane, så langt det var mogleg.

– Etter nærmare to månadar ser me at mange framleis ikkje får opplæringa dei har krav på, skriv FO og dei andre organisasjonane i oppropet.

I april åpna regjeringa for justeringar i lovane som til vanleg sikrar spesialundervisning. Skulane kan no tilpasse opplæringa, med for eksempel færre timar eller digitale plattformar, til dei som treng ekstra hjelp.

Det er desse unntaka organisasjonane fryktar har gått ut over dei sårbare i to månadar. Ikkje minst er dei uroa viss dette held fram.

– Viss ikkje krisepakka gir rom for konkrete tiltak for elevane som treng tilrettelagt undervisning, risikerer me at elevar som til no ikkje har blitt følgt opp av skulen, framleis vil mangle opplæring, seier Kvisvik i FO.

– Dei har mista kunnskap og ferdigheiter, og vil tape ytterlegare. Det er to månadar kor opplæringslova har blitt brote, medan politikarane fortel om kor uroa dei er. Tiltaka er allereie på overtid, seier ho.

Millionar for å ta igjen «tapt progresjon»

Det er varsla 400 millionar kroner i ei tiltakspakke for å hjelpe sårbare barn og unge. Den kjem i revidert nasjonalbudsjett.

– Det er bra at regjeringa endeleg kjem med ei krisepakke for barn som har det vanskeleg, berømmer Fellesorganisasjonen (FO), men held fram:

– Når kommunane har varsla eit underskot på mellom 12 og 20 milliardar, er denne summen for lite, for seint og for dårleg, fryktar forbundsleiar Mimmi Kvisvik.

170 millionar kroner av krisepakka gå til å sikre at elevar får tatt igjen tapt progresjon som følgje av smitteverntiltak. FO stiller seg kritisk til om det er nok.

LES MEIR:

• Vårt Land meiner: På tide å styrke spesialundervisninga

• Så mange har varsla alarmtelefonen om vald i koronatida

• Stine Sofies stiftelse: – Fryktar mange barn har det verre enn nokon gong

• Barn i krise står i kø hos barnevernet

Les mer om mer disse temaene:

Ruth Einervoll Nilsen

Ruth Einervoll Nilsen

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter