Nyheter

Barn i krise i kø hos barnevernet

Nokon skulle ut av farlege heimar. Andre endeleg tilbake til foreldra. Men køen til barnevernsnemndene setter alvorlege situasjonar på vent.

«Har en datter på snart 17 år i fosterhjem som er midt i en tilbakeføringssak (...) Nå på grunn av korona har barnevernet stoppet opp samvær helt eller hentet tidlig.»

Slik startar chatmeldinga frå ein fortvila far til Barne-, ungdoms- og familiediretoratet (Bufdir).

«Nå begynner de å si at det ikke er sikkert tilbakeføring går så raskt som de først har sagt. Alt pga korona. Hva gjør vi for å få hjelp?», spør han.

Ventetida kan vere kritisk

Det er unntakstilstand i organet som skal behandle slike saker. Fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker er allereie «kraftig redusert» på grunn av Covid-19-utbrotet, skriv regjeringa.

I verste fall sit ungar no blant utrygge personar. Barn som skulle få flytte heim, må vente. Og mellombelse tiltak, som akuttinstitusjonar, beredskapsheimar eller institusjonsbesøk, kan bli varige.

– Barnevernssakene blør, seier advokat Mette Yvonne Larsen.

Ho og 15 andre advokatar signerte i mars eit ope brev med uttrykk for kor redde dei er for barna som ventar i køen hos fylkesnemndene.

Dei meiner nemndene fører ein uklar praksis, og krev at dei gjer greie for rettssikkerheita, og barns beste, i denne situasjonen.

– Nokre barn mistar kontakt med dei biologiske foreldra sine, andre har det ikkje bra heime. Dette er alvorleg for unge som no ikkje veit kva framtida bringer, seier advokat Larsen.

Omsorgssvikt i systemet?

Det er iallfall eitt lyspunkt i krisa: Fylkesnemndene har klart å takle alt som er akutt.

Den nye koronalova har gitt løyve til meir skriftleg saksbehandling og fjernmøter. Det har hjelpt.

– Alle sakene i fylkesnemndene er viktige og alvorlege. Men der det har vore naudsynt, har me prioritert etter det beste for barn og ungdom si helse og utvikling, seier Pernille Pettersen Smith.

Ho er sjef for nemndene som behandlar dei mest alvorlege sakene i barnevernet. Dei handlar til dømes om omsorgsovertaking, kor eit barn er utsett for vald, rus eller seksuelle overgrep.

– Nemndsleiarane våre har trening i å sjå kva saker som hastar mest, seier Smith.

21. april hadde landets 12 fylkesnemnder utsett 81 forhandlingsmøte og 62 samtalemøte.

– Me streber etter fysisk oppmøte, i tråd med smittevernråda. Det er krevjande.

– Ein del har kronglete reisevegar til nemnda no. Det er blant grunnane til at me har måtta utsette fleire saker, seier Smith.

Får ikkje vere nok i lag

Bufdir har i fleire omgangar gitt beskjed om at barnevernet bør prøve å få til samvere mellom barn og biologiske foreldre som vanleg.

Dette punktet har vore avgjerande i saker kor Noreg har blitt dømt i Den europeiske menneskerettsdomstolen (EMD).

I ei undersøking direktoratet sendte til barnevernstenestene, svarte 1 av 3 at dei i liten eller ingen grad gjennomførte samvere i koronatida.

Nesten halvparten gjorde det i nokon grad. Berre 21 prosent svarte «i stor grad» (mars 2020).

Vårt Land har spurt landets fylkesmenn om situasjonen. Blant dei som har svart, erkjenner alle at ein del samvere blei sett på vent i starten. Fleire rapporterer ei betring no.

Jobbar på spreng for barna

– Eg trur korona blir brukt som argument i større grad enn det som er naudsynt, seier Mette Yvonne Larsen om utsetjinga av barnevernssaker.

Ho understreker at ho respekterer den enorme krisa me er i.

– Men smittevernet kan ikkje trumfe alt. Barnets beste må vege tungt, seier Larsen.

Leiaren for fylkesnemndene deler den generelle uroa for barn som kanskje må vente lenger enn dei burde.

– Me jobbar heile tida for at barna og familiane skal ha det best mogleg i denne vanskelege situasjonen, seier Pernille Smith Pettersen.

LES MEIR:

Fryktar barn blir haldne heime frå viktig skuletilbod

Åste Dokka: La ikke verden bli som før

Bydelsmødre gir smitte-info på minoritetsspråk

Slik identifiserer du konspirasjonsteorier om korona

---

Fylkesnemndene

  • Det finst 12 fylkesnemnder for barnevern og sosiale saker i Noreg.
  • Nemndene liknar ein domstol, og er uavhengige statlege organ.
  • Avgjer saker etter barnevernlova, helse- og omsorgstenestelova og smittevernlova.
  • Per 21. april hadde nemndene utsett 81 forhandlingsmøte og 62 samtalemøte.
  • 1. januar var 572 saker til behandling. No er det 627. Det er 55 fleire.

---

Les mer om mer disse temaene:

Ruth Einervoll Nilsen

Ruth Einervoll Nilsen

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter