Fryktar læringsgap til dei svake: – No hastar det å prioritere dei
Dei sårbare elevane har lide under unntakstilstanden i skulen, viser ny rapport. No krev Ap ein konkret plan for å jamne ut klassen igjen – og det raskt.
Sjølv fleire kilometer frå elevane skal Stine Harbø sikre skulegangen til sjetteklassen sin. Herifrå er det ekstra utfordrande å sjå alle.
Erlend Berge
Frå eit stuebord med oppslådde bøker, klisterlappar og tulipanar som strekker seg mot søppelbøtta prøver Stine Harbø å sjå kvar einaste elev.
– Heimeskulen blei jo ein pangstart for alle, både barn og vaksne, seier spesialpedagogen, som jobbar på Østensjø skole i Oslo.
Med få planar då skulen stengde, tok det tid å få undervisninga optimal. For plutseleg blei forskjellane blant elevane enno større enn i klasserommet.
Bestill abonnement her
KJØP