Kvar veke publiserer Folkehelseinstituttet (FHI) ein vekerapport. Der kan ein detaljert sjå korleis covid-19 brer seg i landet.

På ei av sidene kan du sjå kor mange utanlandskfødde som er smitta, og kva land kjem frå. Det meiner anti-diskrimeringsorganisasjonen OMOD forsterkar eit problem som allereie er for stort.

– Me veit at det har vore mykje diskriminering i samband med korona. Når ei gruppe minoritetar blir uthengde som ei slags fare for samfunnet, er det stigmatisering, seier dagleg leiar Akhenaton de Leon.

Stein til rasisme-byrden

Organisasjonen mot offentlig diskriminering (OMOD) har derfor sendt eit brev til folkehelsesjef Camilla Stoltenberg. Der ber dei om svar på kvifor FHI presenterer smittetal ut frå landbakgrunn.

– Viss dei har gode argument, er eg takksam for det. FHI bør ha eit svar på korleis det førebygger smitte, seier de Leon.

OMOD-leiaren er i løpande kontakt med ulike miljø i Noreg. Han har fått fleire urovekkande signal frå somaliarar, som føler dei har blitt til «Noregs kinesarar». I starten av pandemien opplevde asiatarar rundt om i verda å bli stigmatiserte som «smittekjelder».

– Dette er grupper som allereie er synlege, og lågt på den sosiale rangstigen. No er dei òg «koronasmittefarlege». Det hjelper ikkje situasjonen, seier han.

Meiner smittehistoria har fleire sider

Talet på koronasmitta med somalisk bakgrunn har gått kraftig ned. For vel fire veker sidan var 123 smitta. I veke 18 var talet ti, ifølgje FHI.

Men då talet var høgt, og medieoppslaga kom, reagerte somaliarar på den einsidige framstillinga.

– Folk sa: «Er de klar over at det er me som køyrer drosjar og vaskar kleda på sjukehusa? Me er i dei utsette yrkene», fortel OMOD-leiar de Leon.

– Mange av dei som kom heim frå skiferie i Italia blei køyrde heim i taxi av ein person med minoritetsbakgrunn.

FHI: Best å vere åpne

Folkehelseinstituttet meiner informasjonen om landbakgrunn er relevant og nyttig i arbeidet mot smittespreiing.

I dei periodane kor smitta har vore høg i enkelte miljø, har FHI og kommunane hatt nytte av informasjonen for å kunne hindre smitta vidare.

– Ein kan ikkje sette inn tiltak mot grupper utan eit grunnlag for det. I eit diskrimineringsperspektiv ville det vore verre å berre synse, seier Thor Indseth i FHI.

Avdelingsdirektøren meiner at det å ikkje gi noko informasjon kan gro fleire fordommar enn å vere åpen om dei sanningane som finst.

– Dei som har fordommar og brukar desse tala til formålet sitt, hadde neppe slutta med det sjølv om tala ikkje hadde vore publisert, seier han.

– Har gjort smittearbeidet betre

Indseth meiner smittesituasjonen i for eksempel somaliske miljø no viser at desse opplysningane har ført til mobilisering og effektiv innsats.

– Folk kan bruke smittetala til å peike på sosial ulikskap, der det er relevant. Viss dei høge tala har bakgrunn i økonomisk status eller utsette yrke, kan dei setje lys på forhold som kan gjerast noko med, seier han.

Avdelingsleiaren konkluderer:

– Det å unngå å undersøke ting, eller legge lokk på noko ein veit, er ingen god strategi for å drive verken smittevernarbeid eller folkeopplysning.

Manglar kontakt med minoritetsgrupper

OMOD er uroa for det store biletet – også etter dette: Det norske byråkratiet manglar bakkekontakt med minoritetsmiljøa. Då blir det vanskeleg å nå ut med informasjon, meiner dei.

– Me har visst at dette har vore ei utfordring sidan svineinfluensaen for over ti år sidan, seier de Leon i OMOD.

– FHI må ha ein strategi for kommunikasjon mot desse gruppene i beredskapsplanen sin. Det er berre slik ein kan sikre at alle får likeverdige offentlege tenestar.

De Leon meiner det offentlege må ta tak. Til neste krise må for eksempel FHI vite korleis dei skal nå ut.

– I mange innvandrarmiljø finst det store og gode kanalar å treffe folk på: TV- og radiostasjonar, og bloggarar, som når titusenvis.

– Dette går på kompetanse om mangfald. Der er det eit etterslep i byråkratiet, som må endrast for å kunne gi god info til alle.

LES MEIR:

• Loveleen Brenna: – Minoritetene sviktes i krisen

«Koronasmitte blant norsk-somaliere handler om sosiale helseforskjeller, mener Amira Ibrahim»

Hjertesyke Tore Rem er i isolasjon. Nå vender han seg mot litteraturen for fellesskap