Nyheter

Ligaleiar Liverpool deler ut mat saman med kyrkje

Engelske toppserieklubbar deler ut mat under koronapandemien, fleire samarbeider med lokale kyrkjer.

Storbritannia er hardt ramma av koronapandemien. Helsedepartementet opplyste fredag at talet på dødsfall har kome opp i 27.510, skriv NTB.

Fordi mange britar strevar med økonomien som følgje av nedstenginga av landet, har ei rekkje fotballklubbar i toppserien Premier League starta å dele ut mat saman med lokale organisasjonar. Fleire av desse er lokale kyrkjelydar, fortel den svenske avisa Dagen.

Saman med anglikanarar

Liverpool, som leiar Premier League, samarbeider med Christ Church, ein anglikansk kyrkjelyd som ligg like ved stadionet Anfield Road, melder Reuters.

Ei gruppe frivillige i kyrkjelyden lagar mat som blir delt ut til trengjande. Liverpool leverer råvarene til matlaginga. Kvar torsdag blir kjøtretten Scouse in the House servert - utandørs av smittevernomsyn.

Har delt ut mat

Alle klubbar i Premier League, den øvste divisjonen, driv med sosial arbeid under pandemien, opplyser Sky Sports.

Manchester City, som jagar bak Liverpool, har donert mat til Sale Methodist Church, som ligg sør for byen Manchester.

West Ham har gjeve mat til Frelsesarmeen i Romford, som ligg aust for London.

LES MEIR

---

Fakta:

---

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter