Nyheter

Krigen som drap ein generasjon menn

Nesten ti millionar soldatar blei slakta ned. «Den store krigen» kallar britane verdskrigen som endra Europa totalt.

Bilde 1 av 3

Rad på rad, på vassrette liner. Identiske kremkvite marmorsteinar, nokre med namn, flest utan. Ingen inndeling i rang, religion eller sosial bakgrunn.

Du ser det etter nokre rekkjer. I denne dødens hage kviler flest ukjende. Tyne Cot heilt vest i Belgia er det britiske samveldets aller største krigskyrkjegard i verda. 11.956 soldatar er lagt i jorda her. Heile 8.369 var det uråd å identifisere før gravlegging.

Difor har dei fått same tekst hogd inn i gravsteinen.

A soldier of the great war.

Known unto God.

Eller: Berre kjent av Gud.

I Storbritannia blei heile landsbyar tømde for unge menn. Dei stupte langs Vestfronten, dei fall i skyttargraver. Framleis er ikkje alle funne, framleis pløyer Flanderns bønder opp beingrinder i våronna.

LES MEIR: Nordmenn på begge sider av Vestfronten

Krigsblomen

Klokka 11 på den 11. dagen i den 11. månaden blei våpna lagt ned. For godt. Blodbadet tok slutt. Massedrepingas tid var endeleg over.

Sundag er det 100 år sidan første verdskrig tok slutt. På Tyne Cot heidrar pårørande dei falne med sjølve verdskrigsblomen; den raude valmuen. Blomen blei valt fordi dei hardaste slaga sto i område i Flandern som før krigen var fulle av valmuar.

«In Flanders fields the poppies blow/Between the crosses, row on row», skreiv den kanadiske feltlegen John McCrae i det som er mellom dei mest kjente og siterte dikta frå første verdskrig, In Flanders fields.

Sjølv døydde McCrae i freds­året. Av lungebetennelse.

Urkatastrofen

11. 11. 1918 blei datoen som innevarsla enorme endringar. I Europa. I verda.

Krigshistorikaren Claus Bundgård Christensen ved Roskilde universitet oppsummerer med 15 ord:

Første verdskrig var sjølve ur­katastrofen. Alt som kom etterpå har sitt opphav i denne krigen.

Verdskrigen skapte grobotn for politisk radikalisering som forma kommunismen, nazismen, fascismen – og islamismen. Difor går det ei line frå krigens redslar på Vestfronten til Stalins folkemord, Holocaust, andre verdskrig, atombomba – og dagens krig mot dei som kallar seg den islamske staten (IS).

Europa blei totalt endra, fysisk ved at gamle grenser forsvann, mentalt ved at uskulda blei knust. Tilliten til dei gamle leiarane som hadde fått krigen til å flamme på fleire kontinent, blei svidd vekk.

Verdskrigen blei dødsstøyten for viktoriansk framstegstru. Ein generasjon menn var døde. Nesten ti millionar soldatar vende aldri heim, vel 20 millionar uniformerte blei merka for livet.

Dei som overlevde blei kjent som «Den tapte generasjon», lidingane hadde merka dei for livet.

«Jeg er fienden du drepte, min venn/ jeg kjente deg her i mørket, for slik var grimasen/mot meg i går da du fektet og drepte/Jeg parerte, men hendene mine var slappe og kalde/La oss sove nå ...», skreiv den britiske offiseren Wilfred Owen, som blir rekna som den viktigaste poeten frå første verdskrig, i diktet Selsomt møte.

Sjølv døydde Owen i fredsåret. Ei veke før 11.11, i kamp.

LES MEIR: Ode til glemt land

Drukna

På Tyne Cot kviler dei som gav det kjæraste dei hadde: livet – i kampen om den vesle landsbyen Passchendaele. Slaget frå 31. juli til 6. november 1917 er sjølve symbolet på første verdskrigs meiningslause sløsning med menneskeliv. Rundt 250.000 stupte, eller drukna i gjørmehava, og til sist gav britane opp å ta Passchendaele frå tyskarane.

Det var heller ingenting å ta. Passchendaele var knust.

Nasjonskart

Den store krigen demonterte tre keisarrike og eitt imperium.

Det tyske, det russiske og det austerrikske-ungarske blei sendt på skraphaugen, og støypt om til ei rekkje nye nasjonalstatar, som fekk ei lang rekkje etniske minoritetar innafor dei nye grensene. Tsjekkoslovakia husa både tyskarar, polakkar, rutenarar og ukrainarar, slovakar og ungararar. Den nye nasjonen romma dei austerrikske landskapa Böhmen og Mähren og det ungarske landskapet Slovakia.

Osmanarriket var eit imperium sentrert rundt det austlege Middelhavet. På høgda herska kalifen over store delar av Søraust-Europa og Kaukasus, Midtausten og store område i Nord-Afrika, men verdskrigen knekte det skrantande imperiet.

Medan landsmenn blei sendt ut av livet ved Vestfronten, sat ein fransk og ein britisk diplomat, Mark Sykes og Francois Georges Picot, bøygde over kart. Med linjalar delte dei Midtausten mellom seg.

Då verdskrigen enda i 1918 blei land fordelt etter Sykes-Picot-avtalen. Frankrike fekk det som blei til Libanon og Syria, Storbritannia det som blei til Israel, Jordan og Irak. I Paris og London skapte dei nye nasjonalstatar, og gav venlege monarkar gylne troner.

I det som blei Irak samla britane saman tre folkegrupper, med sterke innbyrdes motsetningar. Irak er i praksis tre ­statar, Kurdistan, Sunnistan og Shiastan. I Syria krigar regimetru alawittar mot kurdarar og sunnimuslimar.

Altså mot IS, som har ideologiske band tilbake til den politiske revolusjonære islamismen som fekk vind i segla etter første verdskrig, forklarar første­amanuensis Nikolai Brandal ved Bjørknes Høyskole:

– I starten blei IS svært popu­lære då dei sprengte grensepostane som i si tid blei sett opp i samsvar med Sykes-Picot-avtalen.

LES MEIR: De malte fram oppbruddstimen

Likestilling

Første verdskrig blei krigen som sette fart på like­stillingskampen – for særleg britiske kvinner måtte fylle tomromma i fabrikkane som skrudde saman krigsmateriell, til mennene ved fronten.

Blei krigen som gav generalane og politikarane langt meir effektive våpen – for med maskingeværet kunne ein sende framrykkande avdelingar rett til gravplassen.

Blei krigen som transformerte stormaktene Storbritannia og Tyskland til representative demokrati – for allmenn røysterett blei innført i høvesvis 1918 og 1919

Blei krigen som kveikte sjølvstendegnisten i Afrika og Asia - for mange soldatar kom frå koloniane til dei krigførande europeiske statane.

Blei krigen som la grunnlaget for den andre verdskrigen – for Tyskland kjende seg audmjuka av fredsvilkåra, og rivaliseringa mellom verdas stormakter kunne skimtast.

Dirigering

Verdskrigskjennaren Nikolai Brandal trekkjer fram ein siste, djuptgripande konsekvens av verdskrigen:

– Forholdet mellom staten og folket blei varig endra, både i landa som deltok i krigen og i landa som stod utanfor. Staten greip inn i folks liv på ein heilt ny måte. Vi fekk grensekontrollar, pass og framandlover som regulerte kven som kunne reise inn i nasjonar. Vi fekk ei heilt ny dirigering av økonomien. I krigsåra styrte staten kva som skulle produserast, og av kven – og denne dirigeringa beheldt ein etter krigen, for ein ville ha kontroll med menneska og ressursane ein rådde over.

– Krigspolitikken blei den nye måten å styre på, forklarar krigshistorikaren, og legg til:

– Ut av krigen kom også velferdsstaten.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter