Nyheter

Jødiske vegvisarar får meir pengar

Regjeringa finansierer utdanning til informasjonsprogram mot antisemittisme.

OsloMet – storbyuniversitetet får 700.000 kroner i revidert nasjonalbudsjett, til å tilby 30 studiepoeng til jødiske vegvisarar.

Jødiske vegvisarar er eit informasjonsprogram der ungdommar held skuletimar om det å vere jøde i Norge. Programmet er eitt av elleve tiltak i regjeringa si handlingsplan mot antisemittisme.

Permanente pengar.

Dette er eit konkret tiltak mot antisemittisme, meiner forsknings- og høgare utdanningsminister, Iselin Nybø (V).

– Dette er eit viktig studietilbod fordi det vil gje vegvisarane ei tyngde som er nyttig og naudsynt når dei skal ut i samfunnet og vere vegvisarar. Dei adresserer antisemittiske haldningar, som er ei stor utfordring i samfunnet vårt. Difor er det er bra at studiene no får faste rammer og blir permanent, seier Nybø.

5 studentar

I studieåret 2017-2018 har OsloMet hatt fem jødiske vegvisarar som studentar. Fram til no har studietilbodet deira vore finansiert delvis av Det mosaiske trossamfunn sine informasjonsmidlar, og delvis av OsloMet.

Minister Nybø seier at den nye pengestøtta i skal inn på statsbudsjettet til hausten, og bli ei permanent, årleg finansiering.

– Gode resultat

Målet med vegvisarprogrammet er å «synliggjøre unge jødiske nordmenn, spre kunnskap og bidra til å fjerne fordommer,» ifølge Det mosaiske trossamfunn. Det er dei som har utvikla vegvisarprogrammet, og har fått pengar til dette over statsbudsjettet sidan 2015.

Forstandar i trussamfunnet, Ervin Kohn, meiner programmet har gitt gode resultat.

– Over 5.000 elevar har fått besøk av vegvisarar. Dei får ei forståing for kva jødedom er, og forståing for kva det betyr å vere jøde. Mange elevar får sjå ein jøde for første gang, for mange er det heilt nytt, seier Kohn.

Frigjer pengar

Sjølv om programmet no får 700.000 friske kroner til studier, vil ikkje noko med programmet endre seg, ifølge forstandaren.

– Programmet vil vere det same som før. Det nye no blir at vi ikkje treng å bruke pengar på studiene, så no kan vi utvikle nettsidene våre, med informasjon om jødisk historie og om jødar i Norge.

LES OGSÅ: Sukrer budsjett med ølkutt

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter