Nyheter

Har fått opp lysta til å gje

I Storbritannia har frivillige organisasjonar fått folk til å skrive testamentet for gje arv til hjartesaker. Norske organisasjonar må bruke meir pengar for å få meir pengar, seier arveforskar.

Bilde 1 av 2

– Testamentariske gåver er utfordrande, for mange opplever dette som eit tabu. Men vi har klart å setje arv på dagsorden på ein slik måte at stadig fleire vel å gje arv til gode formål, seier marknadssjef Lucinda Darby i Remember A Charity, ein kampanjeorganisasjonen for 200 britiske frivillige organisasjonar.

Remember A Charity starta opp i 2000, og har blant anna ei nasjonal kampanjeveke kvar haust for å opplyse nasjonen om testamentariske gåver.

LES OGSÅ: Saman om å få fleire arvegåver

Kartlegging

Nesten fire av ti britar skriv testamente, viser ei måling frå Macmillan Cancer Support.

Vårt Land har i ein serie retta søkelyset på gåver til frivillige organisasjonar i form av arv:

Nordmenn arvar verdiar for rundt 75 milliardar kroner. Men berre 463 millionar kroner blir gjeve som testamentariske gåver til frivillige organisasjonar.

Ei kartlegging gjort av Høyskolen Kristiania for Norges 
Innsamlingsråd viser at 93 prosent veit dei kan skrive testamente, men berre 10 prosent har gjort det – og knappe 0,4 prosent har gjeve ei testamentarisk 
gåve.

LES OGSÅ: Testamenterer til kreft og kristendom

Lovnad

Går vi til nabolandet Sverige viser tala at svenskar er rausare med arv til hjartesaker, men langt frå så rause som britar.

Seks av ti svenskar gjev fast til frivillige organisasjonar. 20 prosent har skrive testamente, men berre seks prosent har eit testamente der ein eller fleire frivillige organisasjonar er lova arv, melder organisasjonen Gode Testamentet.

Vekst

Professor Runar Døving ved Høyskolen Kristiania forskar på arv, og er ansvarleg for den ferske rapporten Testamentariske gaver til veldedige organisasjoner i Norge. Her har han også sett nærare på utviklinga i Storbritannia:

I dag får dei frivillige organisasjonane 15 prosent av gåveinntektene frå arv, seier Døving.

Han har eit konkret døme: Då den britiske søsterorganisasjonen til Redningsselskapet starta det systematiske arbeidet med testamentariske gåver kom berre ein liten del av inntektene frå arv. No utgjer arv storparten, 62 prosent.

LES OGSÅ: – Ingen gaver er for små

Testament

I rapporten utdjupar Døving utviklinga i den britiske arvemarknaden:

Organisasjonane kan vise til «gode resultater av å jobbe målrettet med testamentariske gaver, og dermed også et eksempel på hvilket potensial en slik satsning kan by på i fremtiden».

I 1997 skreiv 4,6 prosent av befolkninga testamente som gav pengar til hjartesaker. 20 år seinare passerte talet 6,2 prosent.

I fjor passerte dei samla testamentariske gåvene 2,5 milliardar pund – eller nesten 28 milliardar kroner.

«Veldedighetssektoren i UK (Storbritannia, red.anm.) kan øke inntektene sine med 95 millioner pund hvert år hvis de konverterer kun én prosent av testament uten testamentariske gaver, til testament med testamentariske gaver.»

Administrasjon

Døving har difor ei sterk oppmoding til norske frivillige organisasjonar:

– Dei må bruke meir pengar på å skaffe seg større inntekter.

Sjølv har han gjort akkurat dette: Han har testamentert 100.000 kroner til både Amnesty og Redd Barna – og øyremerka arva. Midla skal gå til «administrasjon».

– Ein må bruke pengar for å få pengar, seier Døving, som også sit i arbeidsutvalet arv og testamente i Norges Innsamlingsråd.

Rike

Marknadssjef Lucinda Darby i Remember A Charity fortel at dei har klart å få britar til å forstå at det ikkje er berre rike som kan gje testamentariske gåver.

– Sjølv små arvegåver er viktige for organisasjonane. Dette innser stadig fleire 
britar.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter