Kirke

Testamenterer til kreft og kristendom

To område dominerer testamentariske gåver i Norge: Kreft og kristendom. Misjonssambandet har eigen arvemedarbeidar. På ti år har organisasjonen arva nesten ein kvart milliard.

– I år budsjetterer vi med at rundt 20 prosent av dei samla gåveinntektene kjem frå testamentariske gåver.

Når situasjonen krev det, reiser Arvid Lodden, leiar i NLM Arveoppgjør, ut for å møte dei som vil testamentere til misjonen – når dei stig ut av livet. «Misjonen» er Norsk Luthersk Misjonssamband (NLM), Nord-Europas ­største misjonsorganisasjon med arbeid på fire kontinent.

Arv

Vårt Land fortalde i går at ein fersk kartleggingsrapport fortel at nordmenn arvar verdiar­ for 75 milliardar i år. Nesten ein halv milliard – 463 millionar kroner – blir gjeve som testamentariske gåver til frivillige ­organisasjonar.

For å nå fram til fleire potensielle arvegjevarar kjører no 36 organisasjonar, 10 av dei kristne, ein kampanje som vonleg skal gje dei fleire testamentariske gåver. Dei ti er Bibelselskapet, Misjonsselskapet, Blå Kors, Frelses-
armeen, Kirkens Bymisjon, Kristen Idrettskontakt, Kirkens Nødhjelp, Sjømannskirken, Søndagsskolen og Wycliffe

NLM er ikkje med på kampanjen Det gode testament. Det skuldast at organisasjonen ikkje er medlem av Norges Innsamlingsråd, opplyser økonomileiar Øystein Frøysa til Vårt Land.

Rekord

Når NLM Arveoppgjør summerer all arv dei ti siste åra, viser kalkulatoren 244 millionar kroner. Toppåret var 2015 med 33,6 millionar. Rekorden er rundt 11 millionar frå ein privatperson.

– Akkurat no handterer eg eit testamente som vil gje oss rundt 5 millionar kroner. Eg sel ein ­eigedom for vel fire millionar og så arva misjonen også rundt ein million i bankinnskot, fortel Lodden. Han er den tredje ­arverådgjevaren til Misjonssambandet, og han har hatt jobben sidan nyttår.

– Kven er det som testamenterer verdiar til NLM?

– Eldre folk med eit sterkt ­engasjement i misjonen. Fordi dei ofte ikkje har livsarvingar, er det lett for oss å takke ja.

Samråd

– Kva seier du til dei som gjerne vil testamentere dykk arv, men som har livsarvingar?

– Dersom dei har livsarvingar ber vi dei skrive testamente i samråd med desse. Vi ønskjer ikkje arveoppgjer som skaper strid.

Arverådgjevar Arvid Lodden legg stor vekt på at alle skal vere vel forlikte når eit testamentet blir gjort opp. Difor reiser han ut og vitjar dei som varslar at dei vil testamentere til NLM, eller han inviterer dei til kontoret for å avklare alle sider ved valet.

Lojalitet

Av dei 463 arve-­millionane som i fjor blei sendt til frivillige organisasjonar, er det to område som stikk seg tydeleg ut: Kreft og kristendom.

Kreftforeningen, og med det kreftsaka, fekk 140 millionar kroner, 137 millionar og 126 millionar i høvesvis 2015, 2016 og 2017. Samla får kristne organisasjonar rundt 200 arvemillionar årleg.

– Lojaliteten til kristne organisasjonar er sterk i Norge, dei har mange støttespelarar og med det gjevarar, mange praktiserer tiend, fortel professor Runar Døving ved Kristiania Høyskole. Han har leia arbeidet med rapporten Testamentariske gaver til veldedige organisasjoner i Norge.

I Kreftforeningen forklarar assisterande generalsekretær Ole Alexander Opdalshei organisasjonens sterke plass blant testamentskrivarar slik:

– Ofte har dei vore hardt ramma av kreft sjølve, eller så har dei nokon i nær familie som er blitt kreftsjuke. Men vi får også arv frå menneske som ikkje har stridd med kreft, men som ønskjer å hjelpe til med konkrete prosjekt eller som vil støtte kreftforsking.

Felles for dei aller fleste som gjev testamentariske gåver, er at dei ikkje ønskjer merksemd rundt gåva, fortel Arvid Lodden i NLM Arveoppgjer.

– Kor offensivt går Misjonssambandet ut med oppmodingar om at folk kan gje testamentariske gåver til organisasjonen?

– Vi er ikkje så offensive, men vi ønskjer å informerer om at det er mogleg å testamentere til Misjonssambandet, så vi brukar NLMs eigne blad og nettside.

Sinte

I Bibelselskapet veit bibelmisjonsleiar Bernt Greger Olsen alt om det å trø feil. I ein freistnad på å tenkje nytt i møte faste gjevarar sendte organisasjonen ut informasjon forma som eit testamente.

– Mange oppfatta informasjonen som eit ferdig oppsett testamentet der det berre var å signere og så sende det inn til Bibelselskapet.

– Korleis reagerte desse?

– Dei blei kraftig provoserte, mange var svært sinte, minnest Olsen.

Dytt

Bibelselskapet er med på kampanjen Det gode testament.

– Kvifor?

– Folk er ikkje godt nok kjent med at ein kan testamentere til gode formål, sjølv om ein har livsarvingar, mange kvir seg for å skrive testamente, seier Olsen, og legg til:

– Vi vonar kampanjen kan gje fleire ein liten dytt. Ved å stå saman med mange organisasjonar rettar vi saman merksemda mot testamentariske gåver.

Øyremerka

Dei som testamenterer verdiar til Bibelselskapet kan delast i to grupper; dei som gjev arv til organisasjonens arbeid i inn- og utland, og dei som gjev til svært konkrete prosjekt.

– Dersom vi ikkje klarar å oppfylle eit testamente, til dømes ved at vi ikkje driv arbeid i eit namngjeve land, ja, så takkar vi nei til arven, fortel Olsen. Organisasjonen har aldri sagt nei.

Gåve til Kina-bibler

I fjor fekk Bibelselskapet éin million øyremerkt Kina og sju 
millionar til internasjonalt ­arbeid.

---

Arv

  • Nordmenn arvar verdiar for rundt 75 milliardar kroner. Nesten ein halv milliard, 463 millionar, blir gjeve som testamentariske gåver til frivillige organisasjonar.
  • Ei kartlegging gjort av Høyskolen Kristiania for Norges Innsamlingsråd viser at 93 prosent veit dei kan skrive testamente, men berre 10 prosent har gjort det, og knappe 0,4 prosent har gjeve ei testamentarisk gåve.
  • Kjelde: Testamentariske gaver til veldedige organisasjoner i Norge, rapport frå Høyskolen Kristiania

---

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kirke