Nyheter

Fritt fram for pedofile i uniform

Leiarar i politi og forsvar er ansvarlege for massive overgrep mot unge gutar. Kommandantar har sex-slavar.

Funna i ein fersk rapport er så grove at den opphavlege planen var å halde han hemmeleg til 2042, men no er ein sladda versjon likevel gjort offentleg.

Rapporten er ført i pennen av Special Inspector General for Afghan Reconstruction (SIGAR) – eller Spesialgeneralinspektøren for afghansk gjenreising, som tilhøyrer USAs forsvarsdepartement.

Konklusjonen i rapporten er at afghanske leiarar i politiet og forsvaret fritt kan forsyne seg medan det amerikanske forsvaret, som pøsar inn milliardar av dollar for å omforme dei afghanske tryggingsstyrkane, ser ein annan veg når unge gutar blir utsette for massive overgrep. Utført av mektige afghanske menn i uniform.

LES OGSÅ: Afghanarar reiser heim til ny flukt

Blir ikkje straffa

SIGAR skriv at mellom 2010 og 2016 har amerikanske militære avdelingar i Afghanistan rapportert 5.753 tilfelle av skuldingar om «grove menneskrettskrenkingar» – og opplistinga har mange døme på seksuelle overgrep mot barn.

USAs lovverk krev at mottakarar av amerikansk militærhjelp skal miste støtta om dei er ansvarlege for overgrep. Sidan 2002 har det amerikanske forsvaret brukt 71,2 milliardar dollar på dei afghanske tryggingsstyrkane, politi og forsvaret.

Men dei afghanske mottakarane blir ikkje straffa, melder New York Times.

Bacha Bazi

Rapporten skildrar særleg korleis eit gammalt system rammar særleg unge gutar. Det ber namnet bacha bazi – «guteleik». Frå gamalt av blei gutar i 11-13-årsalderen sendt frå fattige familiar til eldre menn, krigsherrar eller rike handelsmenn. Her lærte dei å danse og syngje, utkledde som jenter. Og dei måtte yte seksuelle tenester.

Sjølv om bacha bazi offisielt er ulovleg, har afghanske kommandantar unge gutar som sex-slavar i heimen, fortel rapporten.

LES MEIR: Skjemmes over returer til Afghanistan

Lenka til senga

SIGAR fortel om ein kommandant som hadde ein gut lenka til senga med kjetting. Denne leiaren fekk juling av ein amerikansk offiser då den lenka guten blei oppdaga.

– Vi utstyrer menneske med makt som gjer langt verre ting enn det Taliban gjorde, fortel han som gav kommandanten juling, Dan Quinn, til New York Times. I dag er ikkje Quinn lenger offiser i USAs spesialstyrkar.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter