Nyheter

Afghanarar reiser heim til ny flukt

Krig, konflikt og vald driv sju av ti heimvendte flyktningar på ny flukt i Afghanistan. Justisdepartementet skal starte med overvaking av tvangsreturar.

Åtteåringen Somaiah skulle vore på skuleveg, men familien har ikkje råd til å flytte ned til landsbyen som husar skulen. Der er husleiga for høg. Difor er Somaiah heime og passar ei sjuk veslesøster.

For få månader sidan kom familien frå Pakistan til Afghanistan. Foreldra til Somaiah som i si tid flykta, vende heim. No bur dei i landsbyen Wacha Tangai, heilt aust i Afghanistan. Enn så lenge.

I siste rapport frå Landinfo om den austlege regionen i Afghanistan kan vi lese at «I deler av regionen (...) har myndighetene kun symbolsk tilstedeværelse, og Taliban kontrollerer store områder (...) Store deler av regionen er omstridt, med et høyt konfliktnivå og mange registrerte sikkerhetshendelser».

Samstundes som færre afghanarar kjem gjennom det norske asylnålauga (sjå faktaboks), har FN omdefinert Afghanistan frå «post-konflikt» til «aktiv konflikt».

LES OGSÅ: Oktoberbarna får ein ny sjanse

Manglar mykje

Ei fersk kartlegging viser at mange afghanske flyktningar vender heim til ein særs barsk kvardag:

• Sju av ti afghanarar som har returnert etter å ha levd som flyktningar i eit anna land, opplyser at dei er blitt drivne på flukt to gonger etter at dei kom tilbake.

• Tre av fire familiar som blir tvinga til å returnere heim, mottek ikkje noko form for hjelp. Halvparten har ein usikker matsituasjon og må kutte måltid og redusere inntaket av mat.

• Fire av fem familiar opplyser at dei sit att med stor gjeld etter flukta ut av landet.

Funna blir presenterte i ein rapport frå Flyktninghjelpen og Flyktninghjelpens senter for internt fordrevne (IDMC).

LES OGSÅ: Fritt fram for pedofile i uniform

Stopp tvangsretur

– Resultata i denne rapporten bør få europeiske land og Afghanistans naboar til å stoppe tvangsreturar og revurdere sin politikk. Dette er ikkje tida for å returnere afghanarar tilbake til eit konfliktherja land, seier generalsekretær Jan Egeland i Flyktninghjelpen.

Han oppmodar land som praktiserer tvangsretur av afghanarar, som Norge, om å avslutte praksisen:

– Beslutningstakarar vil angre på tvangsutsending av afghanske asylsøkjarar i ei tid der tilhøva i Afghanistan blir stadig verre. Det kan destabilisere heile regionen og føre til forferdelege lidingar for dei familiane som blir sendt tilbake, meiner Egeland.

LES OGSÅ: Ap-nestor: Stopp returen av unge til Afghanistan, Ap

Anna tal

På Stortinget fattar Venstres avtroppande innvandringspolitiske talsmann, Ketil Kjenseth, stor interesse for rapporten frå Flyktninghjelpen og IDMC.

– At sju av ti heimvendte flyktningar er blitt drivne på flukt, på nytt, minst to gonger, er eit langt høgare tal enn det talet vi får rapportert frå afghanske styresmakter.

– Og det talet er?

– Null, opplyser Kjenseth.

Frå Tyskland

Medan drygt 250.000 afghanarar søkte vern i Europa i 2015-2016, stig no talet på afghanarar som vender tilbake, både frivillig og med tvang, fortel tenketanken Afghanistan Analysts Network (AAN).

Ein AAN-analyse viser at:

• Det er særleg unge, single menn som vender heim frivillig, og det kjem flest frå Tyskland.

• Mellom oktober 2016 og april 2017 landa det tolv fly med totalt 176 deporterte afghanarar i Kabul, alle kom frå Europa; Tyskland, Austerrike, Finland og Sverige.

LES MEIR: Skjemmes over returer til Afghanistan

Står fast

Solberg-regjeringa står fast ved Norge sin strenge returpraksis. I Stortinget sa justis- og innvandringsminister Sylvi Listhaug (Frp), onsdag i førre veke, dette: «I dag anser UDI og UNE kun noen få områder i Afghanistan som så utrygge at alle som kommer derfra, har rett til beskyttelse. Etter det jeg kjenner til, er det i dag ingen andre sammenlignbare land som mener at den generelle sikkerhetssituasjonen i Afghanistan, herunder Kabul, tilsier at alle asylsøkere derfra har beskyttelsesbehov.»

Listhaug understreka at UDI og UNE følgjer tilhøva i Afghanistan nøye, og dei vurderer «fortløpende om det er behov for endringer i praksis». Frp-statsråden understreka at Norge har den posisjonen regjeringa meiner at landet skal ha: «Norge er i front i Europa når det gjelder å gjennomføre returer, også til Afghanistan.»

Glad statsråd

Då Stortinget drøfta Afghanistan og returpolitikk sist veke, sa Listhaug seg særs nøgd med innstillinga frå kommunalkomiteen, som var grunnlaget for ordskiftet: «Jeg er svært glad for at nesten alle forslagene blir nedstemt, og at merknadene er tydelige på at de støtter behovet for en restriktiv asylpolitikk og en effektiv returpolitikk.»

Skal overvake

Eit forslag blei det likevel fleirtal for. Norge skal få eit system for tilsyn med tvangsreturar, slik EUs returdirektiv krev, seier Høgre, Framstegspartiet, Venstre og KrF. Konkret skal Justisdepartementet syte for at det blir utarbeida ei tilsynsordning, og i løpet av første halvår skal ein starte med å monitorere – eller overvake – to tvangsreturar i månaden.

– På denne måten får vi langt betre kunnskap om kva som skjer under tvangsreturane, fortel Venstres Kjenseth.

Justisdepartementet opplyser til Vårt Land at dei returnerte ikkje skal monitorerast etter dei har landa i heimlandet, for det krev ikkje returdirektivet.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter