Verdidebatt

Handhelsinga som ikkje vart

HÅNDHELSESAKA: Min konklusjon må bli denne: Rektor opptredde uklokt, og gjorde rett i å be om orsaking.

Den muslimske eleven som ikkje ville ta den kvinnelege rektoren i handa har blitt stort tema i media. Rektor gav verbalt uttrykk for kva ho syntest om det: «Slik har vi det ikkje i Norge!» Mange reagerer med avsky mot rektor sin kommentar. Det blir kalla både rasisme og svært upassande åtferd. Andre – som den kristne avisa Dagens leiar – gir henne full støtte. Det var visst rette ord i rett tid, ifølgje Dagen sin leiarskribent.

Karl Johan Halleråker.

Det er fleire ting her som undrar meg. Rasismekortet bør absolutt få liggja urørt i denne situasjonen. Det blir både for lettvint og upassande. Ein seriøs organisasjon som Antirasistisk Senter burde opptre på ein meir sakleg og seriøs måte i ein situasjon som dette, meiner eg.

Underleg at dette var uventa

Det som undrar meg aller mest er likevel at situasjonen ser ut til å ha komme brått og uventa på rektor. Det er utruleg. Ho har jo hatt muslimske elevar i sin skule gjennom mange år. Då burde ho vita korleis enkelte kan reagera. Alle rektorar, ikkje minst om ein har elevar frå ulike kulturar i sin elevflokk, må kjenna det kulturmangfaldet og ha gjennomdrøfta i kollegiet korleis ein møter og opptrer i eit slikt kulturmangfald.

Eg må tilstå at slik framferd som rektor viser her, trur eg aldri ville skjedd i ein kristen friskule. Der blir kulturmøtet handtert på ein sakleg og pedagogisk måte.

Burde avklara på førehand

Det er mi overtyding at rektor i det minste burde ha avklara slik situasjon på førehand. I samtalar må ho gjerne gje uttrykk for sine synsmåtar og forklara elevar og foreldre kva ein forventar i norsk kultur, og kva som er klok framferd i det norske landskapet. Å opptre spontant i det offentlege rom i ein vitnemålsituasjon, derimot, er å setja både elev og foreldre i gapestokken.

Om ein har aldri så mange motførestillingar mot den framferda, er ikkje gapestokken ein naturleg reaksjon frå det norske samfunnet – slett ikkje frå ein pedagog. Det fremjar ikkje det målet ein har.

Min konklusjon må difor bli denne: Rektor opptredde uklokt, og gjorde rett i å be om orsaking. Slik ho opptredde vil vi kort og godt ikkje ha det i Norge.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt