Verdidebatt

«Eg går også i paraden for å uttrykkje at eg erkjenner at eg og kyrkja som eg leier, har påført skeive sår og skam»

PRIDE: Heile samfunnet må delta i å skape trygge rom, der alle kan vere seg sjølv. Kyrkja har eit spesielt ansvar.

Årets Pride-markeringar er ei tid for å samlast, ei tid for å ta vare på kvarandre. Vi feirar og gler oss over mangfaldet.

Men det er eit spesielt alvor over markeringane i år, eitt år etter terroren i Oslo som var retta spesielt mot menneske med LHBTQ+-identitet. Det er også ei sterk bølgje av polarisering og motvilje mot skeive i ulike deler av verda, i aust og vest, i sør og nord.

Bispemøtet 2021

Denne uviljen mot skeive vert til og med brukt som motivasjon for vald og ein pågåande krig i Europa. Vi finn den også i nye lover som ekskluderer, diskriminerer og kriminaliserer skeive, som i USA og Uganda. Det er uakseptabelt.

Innlegget vart først publisert hjå NRK Ytring.

Større utryggleik

Dette bakteppet er ein særleg grunn til å håpe at mange vil delta i markeringa i år. Vi vil ha eit samfunn med trygge rom, på alle vis. Ingen skal vere redd for å delta eller vere seg sjølv. Det er både politiet, politikarar og heile samfunnet sitt ansvar for at det vert slik. Difor er det også mitt og ditt ansvar, uansett kva rolle vi har.

Når eg deltar i Pride-paraden i Oslo 1. juli i år, er det særleg for å uttrykkje solidaritet med alle som har kjent seg utrygge etter hendingane 25. juni i fjor. Det som då skjedde, skaka oss alle, og vi har vorte endå meir skjelvne når vi har høyrt kor mykje meir gale det kunne gått.

At vi likevel blir ønskt velkomen til å delta, er eit tydeleg teikn på romslegheit, og på styrke og mot

Dei skeive er rause med kyrkja

Eg går også i paraden for å uttrykkje at eg erkjenner at eg og kyrkja som eg leier, har påført skeive sår og skam. Skeive har ikkje vore velkomne, og mange har difor ikkje våga å vere opne om sin LHBTQ+-identitet. Det er vi lei oss for.

Vi ser at vår kristne religion framleis vert misbrukt til å legitimere diskriminering og ekskludering. Religiøse motiv av ulike slag vert brukt for å fremme vald mot skeive.

Difor kan vi ikkje ta det for gitt av vi som representerer kyrkja eller kristne fellesskap, er velkomne til å delta på pride.

At vi likevel blir ønskt velkomen til å delta, er eit tydeleg teikn på romslegheit, og på styrke og mot frå deira side. Dei viser også korleis ein kan skape trygge rom, der alle er inkludert og respektert.

Men mest av alt viser det kva verdiar som ligg i det å vere raus, open og respektfull, verdiar som kan prege det gode samfunn vi alle ønskjer å leve i.

Men det kjem ikkje av seg sjølv. Difor er det no tid for å markere og feire mangfaldet og kjærleiken, i paradar og på anna vis.

God Pride!

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt