Verdidebatt

«Kvifor feire og markere Pride? Nokon av oss kan ikkje late vere»

PRIDE: For oss som er kyrkjeleiarar er Pride-markeringa i år også ei utfordring til å kjempe vidare for fred og forsoning, for å demonstrere i praksis at Gud ikkje gjer forskjell på folk og å arbeide mot hat-prat i alle former, også i kristne samanhengar.

Akkurat for eitt år sidan vakna vi og høyrde: To menneske vart drepne og mange såra i terrorhandling retta mot skeiv kjærleik. Fleire av oss var i byen, mange har vener og kjente som var i gatene her det døgnet.

Svært mange av oss kjenner på sterke og motstridande kjensler desse dagane: Uro, sorg, sinne, frykt, avmakt, opplevingar av utryggleik og også erfaringar av truslar, hat og sjikane. Samtidig kjenner fleire av oss på trass og eit sterkt behov for å feire mangfaldet saman og å ta gatene tilbake. Vi blir også i denne tida minna om at skeive rettar er trua i store delar av verda. Denne våren innførte Uganda verdas strengaste lov mot homoseksuelle handlingar. Det er dødsstraff for å ha sex med folk av same kjønn og det å «promotere homoseksualitet» kan gi 20 års fengsel.

Bispemøtet i Den norske kirke

Eg tenkjer på deg som ikkje får sove fordi du er redd. Eg tenkjer på alle dei av oss som av ulike grunnar ikkje kjem seg ut på gata, eller står fram offentleg med namn. Eg tenkjer på deg som er lei. Lei og matt og sliten. Eg tenkjer på deg som kjempar med livet ditt.

Lat oss tenne lys og be om styrke og trøyst og om hjelp til å stå saman:

Hjelp oss å stå saman i bygge ei verd der

kjærleik verkeleg betyr kjærleik,

ei verd der rettferd og fred kysser ein annan.

Må kjærleik triumfere over hat.

Meir enn nokon gong er det nødvendig å feire Pride saman og særleg vise solidaritet i praksis med våre søsken verda over.

Takk og utfordring

I Pride-veka takkar vi for vener, familiar og støttespelarar som tar del i arbeidet med å verne om og feire mangfald over heile verda. For oss som er kyrkjeleiarar er Pride-markeringa i år også ei utfordring til å kjempe vidare for fred og forsoning, for å demonstrere i praksis at Gud ikkje gjer forskjell på folk og å arbeide mot hat-prat i alle former, også i kristne samanhengar.

Så kvifor feire og markere Pride? Nokon av oss kan ikkje late vere. Nokre av oss tek plass i byen og i nabolaget, heiser flagg og går «gjennom byens lange, rette (og skeive) gater». For å ta byen tilbake. For å vere samla i håpet om å leve «uten frykt i nådens sommer» som det heiter i salmen. (NoS 520) For å vise og stå samla i vår felles overtyding om at menneskeverdet er absolutt: At det ikkje spelar noko rolle kor du kjem frå, kva personleg pronomen du brukar, korleis du ser ut, kva du trur på, kven du elskar. Meir enn nokon gong er det nødvendig å feire Pride saman og særleg vise solidaritet i praksis med våre søsken verda over.

Det er som engelen seier i den romanske kyrkja i Tomas Tranströmers dikt: «Skäms inte för att du är människa, var stolt! / Inne i dig öppnar sig valv bakom valv oändligt./ Du blir aldrig färdig, och det är som det skall.» I Robin Fultons omsetjing lyd engelens ord slik: «Don’t be ashamed of being human, be proud!»

«Proud», ja nettopp!

Happy, meiningsfull og solidarisk Pride til alle!

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt