Då kjærleiken var i mørkret

SKEIV HISTORIE: Det er 50 år sidan det vart slutt på kriminalisering av homofile menn. Men først i 2021 fann Aasmund Robert Vik grava til kjærasten sin.

Denne saka var først publisert 7. april 2022.

Aasmund Robert Vik har alltid elska teater. Han har lurt på om det er fordi heile oppveksten var som eit skodespel.

Alt skulle skjulast: Forelskinga i guten i klassen. Den overveldande angsten for å måtte gifta seg med ei kvinne.

I den vesle Setesdal-bygda der han vaks opp på 1950-talet, stod den sosiale kontrollen sterkt.

– Det var som ein trykk-kokar. Eg fekk aldri gje uttrykk for ekte kjensler. Dei var ikkje ønska av omverda.

75-åringen har eit forsiktig smil og snakkar gjerne i korte, konsise setningar.

Kjenslene som vaks fram i han som ung mann, var ikkje berre uønskte i Noreg i tiåra etter krigen.

Dei var forbodne.

Forbaud sex mellom menn – og med dyr

Fram til Aasmund Robert Vik var 25 år gamal, levde han i eit Noreg der det var straffbart for han å ha sex med andre menn.

I Noregs lover fanst ein forhatt, men lite brukt paragraf: Paragraf 213. Den kriminaliserte sex mellom menn og nemnde slik omgang i same andedrag som sex med dyr.

Paragrafen var som ein tung tåke som låg over oss. Den sa at me i prinsippet var kriminelle.

—  Aasmund Robert Vik, aktivist på 1960- og 70-talet

Då Aasmund kom til Oslo som 20-åring, blei han engasjert i ei spirande homorørsle. Etter kvart starta han Åpen Kirkegruppe for å gjera kristne samfunn trygge for skeive.

Kampen mot paragraf 213 vart hans første som aktivist.

No nærmar eit sigersjubileum seg: Torsdag 21. april er det 50 år sidan paragrafen vart fjerna.

Eit magasin i ei tobakksforretning endra alt

For Aasmund starta alt med ein skuletur til Danmark i 1964.

Forsiden av magasinet Eos. Bladet som ble startet i Danmark i 1958.  Originalene er å finne i Skeivt arkivs samlinger.

I ein liten tobakksbutikk i København fekk han auge på noko som skulle endra livet hans: Eit magasin med namnet «Eos – homofilt tidsskrift».

Aasmund var 17 år og langt heimanfrå. Ingen han kjente, kunne sjå han.

– Så eg kjøpte det bladet, putta det godt ned i lomma og heldt det skjult for dei andre i klassen.

Seinare, på ein litt bortgøymd stad, kunne han bla gjennom det danske magasinet som retta seg mot homofile. Her var kontaktannonsar, artiklar og informasjon om arrangement.

Ei lita rubrikkannonse fanga merksemda til Aasmund. Den viste fram ei verd som han trudde var umogleg.

Det fanst altså ei hemmeleg, norsk foreining for homofile: Det norske forbundet av 1948, korta ned til DNF-48. Han memorerte adressa.

– Eg følte at eg ikkje lenger var åleine i verda. Den kunnskapen blei ein sikkerheitsventil for meg. Men eg måtte framleis ligge svært lågt.

Kamp i det skjulte

I fire år til låg Aasmund lågt. På denne tida var myndig alder 21. Først då var han gamal nok til å søka medlemskap i forbundet han hadde tenkt så mykje på.

Forbundet DNF-48 er forløparen til FRI, Foreningen for kjønns- og seksualitetsmangfald.

I dag er FRI ein tydeleg og synleg aktør, som under markeringa av Pride. Men i tiåra etter krigen var mykje av arbeidet i homorørsla gjort i det skjulte.

g

– For å bli medlem, måtte eg bli grundig «sikkerheitsklarert». Styret måtte vite at eg klara å halda kjeft, at eg ikkje ville røpa noko om andre medlemmar, fortel Aasmund Robert Vik.

Offisielt brukte forbundet det diffuse dekknamnet «Foreningen by og bygd». Frykt for trakassering gjorde at medlemmer skreiv avisinnlegg under pseudonym.

Adressa til klubblokala skulle haldast hemmeleg, og folk som skulle på møte, gjekk ofte av på busstoppet før eller etter næraste haldeplass, for å unngå mistanke.

Då Aasmund endeleg var gamal nok til å bli medlem, forstod han litt meir av desse forholdsreglane. Han forstod at folk som han var kriminaliserte.

Torde ikkje halda hender

Fram til 1972 var paragraf 213 ein del av Noregs straffelov.

Paragrafen opna for fengsel inntil eit år for «utugtig Omgjængelse mellem Personer af Mandkjøn». Setninga etter omtaler «utugtig omgjængelse med dyr, eller som medvirker dertil». Også her er straffa inntil eit år.

Sjølv hadde Aasmund aldri høyrt om paragraf 213 før han blei med i forbundet DNF-48.

e

– Slik eg hugsar det, var det lite offentleg debatt og skriving i avisene om denne paragrafen.

Han kallar seg sjølv «ein sjenert gut frå bygda» som var lite på sjekkemarknaden. Sånn sett vart han lite direkte påverka av lova.

– Eg heldt ikkje ein gong hender offentleg, for eg ville ikkje provosera folk. Så eg var ikkje blant dei modige.

Likevel var det naturleg for Aasmund å engasjera seg mot paragrafen.

– Paragrafen var som ein tung tåke som låg over oss. Den sa at me i prinsippet var kriminelle.

Dette var ein av dei første kampsakene for DNF-48. Kampen skulle etter kvart takast i meir ope terreng.

Røter tilbake til Gulatinglova

Noreg har ein lang tradisjon med å lovregulera og straffa likekjønna sex. Paragraf 213 har røter heilt tilbake til 1100-talet, gjennom kristenretten i Gulatinglova.

Frå 1687 kunne folk som hadde sex med andre av same kjønn, bli straffa med å bli brent levande på bålet. Forbodet gjaldt «omgjængelse mod naturen» – som både viste til forhold mellom personar av same kjønn og sex med dyr.

Kanskje gjorde det at paragrafen blei lite brukt, at den ikkje vart avskaffa eller endra tidlegare.

—  Runar Jordåen, historikar på Skeivt arkiv

I 1905 tredde paragraf 213 i den nye straffelova i kraft. Denne kriminaliserte berre sex mellom menn, sjølv om politikarane på denne tida diskuterte om den også burde gjelda for sex mellom kvinner.

Ein sovande paragraf

Paragraf 213 var i stor grad ein sovande paragraf, særleg etter andre verdskrig. Det fortel Runar Jordåen, historikar på Skeivt arkiv.

Han viser til at paragrafen berre førte til straff der «allmenne omsyn» kravde det. Frå 1905 til 1950 er det dokumentert at 119 personar vart dømte til fengsel etter paragrafen.

– 119 dømte er eit svært lågt tal samanlikna med Sverige og Danmark. Kanskje gjorde det at paragrafen blei lite brukt, at den ikkje vart avskaffa eller endra tidlegare, seier Jordåen.

Etter krigen var sex mellom menn delvis avkriminalisert i både Sverige og Danmark. Desse landa hadde til gjengjeld ein høgare seksuell lågalder for likekjønna sex, enn for sex mellom mann og kvinne.

Slike sær-aldersgrenser la grobotn for ein aktiv straffeforfølging av skeive, fortel Runar Jordåen.

– Aldersgrensa blei brukt aktivt av politiet, som kunne oppsøka og straffeforfølga folk som braut den. Det skapa også ei stemning med mykje hets i samfunnet, fortel Runar Jordåen.

Ein lesbisk heim

På slutten av 1960-talet, då Aasmund Robert Vik byrja å gå på dei hemmelege medlemsmøta i DNF-48, var alt mykje grunnarbeid gjort.

Ein av Noregs eldste gjenlevande skeive pionerar heiter Vigdis Bunkholdt. Ho tek i mot Vårt Land heime i eit sjarmerande rekkehus i Oslo med vegger fulle av suvenirar og folkekunst.

g

– Eg hugsar godt den gongen for lenge sidan, då ein kjenning kom på besøk. Ho såg seg rundt og sa: «Tenk så rart, at eg skulle koma til ein lesbisk heim».

85-åringen ler ein trillande latter og slår ut med hendene, som for å verkeleg visa fram heimen ho deler med Solveig Askjem.

– Eg lurte på korleis ho hadde førstilt seg ein lesbisk heim. Skulle bilda henge opp ned på veggen? Eller kanskje trudde ho at me ikkje hadde møblar?

Stempla som psykisk sjuk

Alt som 11-åring visste Vigdis Bunkholdt at ho likte jenter. Ho vaks opp på vestkanten i Oslo, med mange vener og hobbyar. Den delen som hadde med kjærleik å gjera, låg lenge litt skjult for henne.

Eg hadde ikkje ein heroisk rolle, altså. Det var gutane som tok støyten.

—  Vigdis Bunkholdt, homoaktivist på 1950- og 60-talet

Så kom sjokket, då ho som ung og ambisiøs psykologstudent opna lærebøkene.

– Der stod det at homofile per definisjon er karakterforstyrra. Det er ei alvorleg forstyrring. Folk med ein slik diagnose slit med å knyta seg til andre, og dei toler motgang dårleg.

Den vevre kvinna kikkar opp frå kaffikoppen.

– Eg blei veldig forskrekka då eg las det. Eg begynte å lura på om dette kunne vera sant. Det var ein litt slitsam periode i livet mitt.

g

Dette var midten av 1950-talet, og homoseksualitet var karakterisert som ein sjukdomsdiagnose.

Som ung student rista Vigdis Bunkholdt av seg tvilen og fullførte studiane. Ho enda opp med å skriva lærebøker som blir brukt av nye generasjonar studentar.

Først i 1977 vart diagnosen fjerna i Noreg. I 1986 forsvann homoseksualitet frå den amerikanske diagnosemanualen.

Hyllar menn som gjekk først

I motsetning til menn, var ikkje seksualiteten til Vigdis kriminalisert gjennom paragraf 213.

Det hindra henne ikkje å engasjera seg i kampen, som styremedlem i DNF-48 frå midten av 1950-talet.

g

– Eg hadde ikkje ein heroisk rolle, altså. Det var gutane som tok støyten. Særleg gutane i forbundet den gongen gjorde eit grunnarbeid som eg synest ikkje er komme godt nok fram.

Vigdis ønsker å trekka fram dei meir ukjende mennene i den tidlege homokampen. Dei knytte kontaktar med leiande juristar og psykiatrar.

Slike uavhengige ekspertar var viktige, ikkje minst sidan mange i forbundet vegra seg for å stå fram med fullt namn.

– Det var mykje større risiko for menn å gjera denne jobben. Det har blitt liggande litt i skuggen av Kim Friele. Ho gjorde ein strålande jobb, men ho stod på nokon sine skuldrer, seier Vigdis Bunkholdt.

Stilskifte med Kim Friele

Homo-ikonet Kim Friele tok over som leiar av forbundet i 1966. Ho markerte eit stilskifte i DNF-48.

– Kim Friele var ein liten terrier av ein bergensar. Ho snakka mykje, var veldig direkte og ville ha oss alle ut av skåpet. Det kunne skremma vitet av timide sjeler som sneik seg rundt i verda.

paragraf 213 om homofili. Dokumentets tittel  er: "Paragraf 213, onde eller nødvendighet?"  Forbundet av 1948 arbeidet aktivt for å avskaffe paragrafen i straffeloven. Paragrafen ble opphevet i 1972. 
Foto: Vidar Knai / NTB / NTB

Vigdis Bunkholdt smiler danna. Språket hennar er pent, prega av ein oppvekst på vestkanten i Oslo.

Som ung gjekk ho gjerne i foldeskjørt og pen genser. Ho trekte seg ut av DNF-48, dels på grunn av stilskiftet under Friele, dels grunna interne konfliktar. I dag er ho medlem i FRI.

Samstundes ser ho at insisteringa til Kim Friele var viktig for å få avskaffa paragraf 213.

– Kim Friele kontakta politikarar, gav mange intervju og skapte blest rundt paragraf 213 på slutten av 1960-talet, fram til paragrafen vart fjerna.

KrF-kjempe ville ha aldersgrense

Då Kim Friele og DNF-48 køyrde sin kamp mot paragraf 213, skjedde det med motstand frå KrF.

KrF-kjempa Asbjørn Haugstvedt ville erstatta paragraf 213 med ei særaldersgrense for likekjønna sex.

Det kunne ført til ein forverring for skeive i Noreg, om KrF hadde fått gjennomslag

—  Runar Jordåen, historikar ved Skeivt arkiv

Medan den seksuelle lågalderen på denne tida var 16 år, ville KrF ha den opp til 18 år for likekjønna sex, og heile 20 år dersom ein blir «forleda» til å ha likekjønna sex.

ff

– KrF jobba for ein delvis kriminalisering av homoseksualitet. Det kunne ført til ein forverring for skeive i Noreg, om KrF hadde fått gjennomslag, seier historikar ved Skeivt arkiv, Runar Jordåen.

KrF-forslaget ville også hatt ein slags ironisk likestillings-effekt i at det også vil gjelda kvinner som har sex med kvinner.

Haugstvedt var seinare både parlamentarisk leiar i KrF, odelstingspresident og handelsminister i Willoch-regjeringa.

– Det er samstundes viktig å understreka at linja til KrF også var delt av mange andre. Det var ikkje berre kristenkonservative som tenkte slik i etterkrigstida, seier Runar Jordåen.

Ville hindra «forføring»

Forslaget til KrF og Asbjørn Haugstvedt stranda i Stortinget, som på denne tida var delt inn i to kammer.

14. april 1972 stemte Lagtinget for å fjerna paragraf 213. Det skjedde då mot protestane til KrF-ar og seinare statsminister, Lars Korvald.

Korvald ville «verne unge mennesker mot pågang fra eldre homoseksuelle», som det står i referatet frå 14. april.

Historikar Runar Jordåen fortel at tanken om særaldersgrense for likekjønna sex bygger på den såkalla forføringsteorien. Ifølgje teorien kunne unge gutar og menn kan bli «forført» av eldre menn.

– Forføringsteorien legg til grunn at seksuell legning kan bli påverka av opplevingar i tenåra. Ved hjelp av aldersgrenser ville ein førebygga at ungdom glir inn i «den homoseksuelle retninga».

KrF vann ikkje fram med dette synet i Stortinget. Samstundes stod tanken om homofili som noko uønskte som må førebyggast, framleis sterkt også etter 1972.

– Eit døme er England. Der blei den seksuelle lågalder først lik for hetero- og homoseksualitet i år 2000, fortel Runar Jordåen.

I kamp med Gud

Berre ei strime med dagslys slepp inn i den katolske kyrkja St. Hallvard i Oslo. Mursteinar sirklar inn kyrkjerommet. I taket tronar ein ovend kuppel, den heng som ein gold måne over kyrkjebenkane.

Her inne har Aasmund Robert Vik funne sin heim.

Som 20-åring kom han til hovudstaden med ei sjølvtillit øydelagt av bedehusmiljøet frå Bygde-Noreg. I jakta på ein meir livsglad religion, kom han over katolisismen.

Aasmund Robert Vik (f. 1947) var den sentrale drivkraften bak oppstarten av Åpen kirkegruppe (ÅK) i 1976. St Hallvards kirke. Den katolske kirke i Norge.

Som skeiv har han fått sin dose bibelord slengt etter seg. I 1954 kalla norske biskopar homoseksualitet ein «samfunnsfare av verdensdimensjonar». KrF kjempa mot ei avkriminalisering av homofili.

Likevel har Aasmund aldri gjeve opp Gud.

– Gud har vore eit anker i livet mitt. Alltid til stades. Alltid ein oppmuntring og førebilete.

Heile hans vaksne liv har grunnleggaren av Åpen Kirkegruppe jobba for at skeive skal finna sin plass i kristne trusfellesskap.

– Mitt gudsbilete er raust. Det omfattar alle menneske slik dei er.

Klippa paragrafen ut av lova

Aasmund hugsar godt sigersvåren 1972. Medlemmene i DNF-48 samlast til fest på Venstres Hus i Oslo sentrum. Forbundet trengde ikkje lenger hemmelege klubbhus eller intrikate reiseruter.

På festen kom Kim Friele utkledd som fru Justisia, med bind over auga og ei vekt i handa.

– Ho tok fram eit eksemplar av Noregs lover, bladde opp til paragraf 213, som ho skar ut og kasta. No var den ute av historia. Det var veldig god stemning.

Han smiler forsiktig.

Aasmund Robert Vik (f. 1947) var den sentrale drivkraften bak oppstarten av Åpen kirkegruppe (ÅK) i 1976. St Hallvards kirke. Den katolske kirke i Norge.

Men våren 1972 vart ikkje det totale vendepunkt for verken homorørsla eller for Aasmund sjølv. I åra som følgde vart framleis homofile diagnostisert, trakassert og forfølgt av politiet som fann andre paragrafar som lét dei lysa inn i buskar på jakt etter menn som møttest i mørkeret.

Også kjærleiken til Aasmund levde vidare i det skjulte.

Ein kjærleik for livet

– Min Per jobba i hotellbransjen. Han var varm og omtenksam og sosial.

Dei møttest på midten av 1980-talet gjennom Åpen Kirkegruppe. Dei fekk nokre gode år saman.

Familien til Per visste ikkje at han var homo. Då han segna om med eit dårleg hjarte på kjøkkenet heime, fekk ikkje Aasmund vite det før lenge etter.

– Eg kunne ikkje gjera noko. Eg ville ikkje undersøka, av omsyn til Per.

Ikkje kunne han følga kjærasten til grava. Han hadde ikkje ein gong ei grav å gå til.

Ikkje før i år.

Saman med ein kamerat som driv med slektsforsking, har han no spora opp grava til Per. Den ligg på ein vakker gravlund med utsikt mot Oslofjorden.

– Det var så godt å få vita det. Så godt å endeleg få sjå grava.

Dei siste 40 åra har Aasmund via til organisasjonsarbeid, jobb og vener. Det vart aldri noko lengre kjærleiksforhold etter Per.

– Eg let minnet om Per leva. Hadde han fått leva, hadde det vore eit godt samliv, vil eg tru.

Han stoppar opp.

– Så får det vera sånn.

---

Paragraf 213

  • Fram til 21. april 1972 var paragraf 213 ein del av straffelova.
  • Den lyder slik: Finder utugtig Omgjængelse Sted mellem Personer af Mandkjøn, straffes de, der heri gjør sig skyldige, eller medvirker dertil, med Fængsel indtil 1 aar. Med samme straff ansees den, som har utugtig omgjængelse med dyr, eller som medvirker dertil. Paatale finder alene sted naar det er paakrævet af almene hensyn.
  • Avskaffinga av paragrafen blir feira med Skeivt kulturår, med arrangement over heile landet.

---

Få nyhetsbrev fra Vårt Land. Meld deg på her!

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Mer fra: Reportasje