Verdidebatt

Dei ureturnerbare er folk, dei bur i kommunane våre

FLYKTNINGAR: Det er me i kommunene som opplever realitetane i politikken som vert utøvd. Det er me som må seie nei til å yte helsehjelp, nei til eit verdig liv.

Regjeringa skal setje standarden for korleis samfunnet vårt skal vere. Me har trua på ein betre standard no. Me vil gjerne tru at Senterpartiet i regjering betyr noko!

Difor er denne linja i partiprogrammet viktig og rett: «Senterpartiet vil gjennomgå situasjonen for ureturnerbare asylsøkere, særlig med hensyn til statsløse».

Ifølge NOAS er det i dag anslagsvis 5-600 menneske som lever i Noreg utan rett til å jobbe, utan rett til helsehjelp, utan rett til å skaffe seg ein bustad, og dei har vore her i meir enn fem år. I Noreg i 2023! Ureturnerbare flyktningar er dei som ikkje får opphaldsløyve, men heller ikkje kan sendast tilbake. La oss slå det fast; dersom dei hadde hatt eit alternativ å returnere til, så hadde dei ikkje valt å leve som rettslause og utstøytte i Noreg i årevis.

Amnesti og endra regelverk

Me meiner regjeringa må innvilge amnesti til desse som har vore her meir enn fem år. Regjeringa må også endre regelverket. Me kan ikkje føre ein politikk der ei heil gruppe menneske med vitande og vilje vert plassert på utsida av samfunnet. Det vert i denne samanheng snakka om presedensen det vil skape om me innvilgar opphald. Dette handlar om menneske!

Presedens, er det statsforvaltaren og fylkeskommunen brukar i argumentasjonen rundt motsegner til kommunale planar. Dette gjeld medmenneska våre. Det handlar om enkeltmenneske som held til i kommunane våre. Enkeltkommunar, som t.d. Bergen, har no innført eigne reglar for å ivareta dei ureturnerbare som held til hos dei.


Me kan også lese i partiprogrammet vårt: «Bosetting, arbeid eller utdanning er avgjørende for å komme inn i det norske samfunnet så fort som mulig, lære seg språket og delta på lik linje med alle andre. Det er nødvendig for å bevare nødvendig tillit til hverandre og unngå utviklingen av parallellsamfunn og ekstremisme». Me kunne ikkje vore meir samde. Sjølvsagt er det slik. Les me vidare, finn me: «Senterpartiet vil ha en innvandrings- og integreringspolitikk som setter menneskeverd i fokus hvor enkeltmennesket har klare rettigheter og plikter».

Slik kan me halde fram punkt etter punkt. Poenget er at verdiane er skriftleg på plass, no handlar det berre om å setje dei ut i praksis! Det er me i kommunene som opplever realitetane i politikken som vert utøvd. Det er me som må seie nei til å yte helsehjelp, nei til eit verdig liv. Resultatet er at kommunar og frivillige organisasjonar i tur og orden opprettar tilbod som skal hjelpe desse. Stortinget sin politikk på området har i årevis ikkje strekt til. No ser me fram til ein ny standard!

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt