Verdidebatt

Eit svar til Sylfest Lomheim

BIBELOMSETJING: Den einaste omsetjinga eg har sett som skriv «husrom» i staden for «herberge», er den portugisiske. Poenget er uansett at begge variantane er «rette» og let seg språkleg forsvara.

Eg ber om orsaking for at eg kom til å stava Sylfest feil, og om professoren tykkjer eg er harselerande, vil eg be han orsaka også det. Eg trudde sjølv eg var sakleg, og visste ikkje at det vrimla av professorar i omsetjing ute i Europa.

Likevel tykkjer eg Lomheim viser ei lite akademisk haldning når han så skråsikkert skriv: «Det avgjerande er at Lukas ikkje brukte eit ord som kan omsetjast med herberge.» Eg skriv sjølv at «husrom» ikkje er feil; hjå Polybios finn me ordet i om lag denne tydinga i det 2. hundreåret f.Kr. Det er feil å gje Luther skulda for «herberge»; Hieronymus nytta ordet i si latinske omsetjing 1200 år før.

.

På russisk står eit ord som i dag tyder hotell, og på svensk skriv dei «härbärge» så seint som i 2000. Det same gjer dei nygreske og italienske omsetjingane. Den einaste eg har sett som har «husrom», er den portugisiske.

Poenget er uansett at begge variantane er «rette» og let seg språkleg forsvara.

Fleire variantar av englesongen

Eg er samd med Lomheim i at Bjørn Helge Sandvei er vår største autoritet i gresk, men eg trur at han som ein fyrsteklasses akademikar vil vera meir nyansert enn læresveinen sin.

Det er ei slik haldning som er usakleg – og stengd for vidare drøfting

Det gjeld ikkje minst «englesongen», der Lomheim for det fyrste ikkje vil ta inn over seg at det finst tre tekstvariantar. For det andre mistyder han Hieronymus: Pax … hominibus bonæ voluntatis tyder ikkje «fred … og hugnad med menneske,» (det er ei nynorsk omsetjing av «i mennesker Guds velbehag» i Bibelen frå 1930), men Vulgata seier «fred … for menneske av god vilje.»

Men også her tek Lomheim opp att det skråsikre og uakademiske: «Men det var ikkje det Lukas skreiv». Det er ei slik haldning som er usakleg – og stengd for vidare drøfting.

Elles er eg usamd med professoren i at det er «formasteleg» å omsetja Bibelen åleine. Det har mange gjort før, og det er ikkje dei dårlegaste omsetjingane. Som døme er det nok å nemna Hieronymus og Luther. Eg veit ikkje om nokon som har gjort det betre.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt