Verdidebatt

Dette er Sps truspolitikk

TRUSPOLITIKK: Ingen grunn til bekymring, KrF – Senterpartiet står opp for kristne verdiar!

Hadle Rasmus Bjuland er i Vårt land 10.06.21 bekymra for truspolitikken med Senterpartiet i regjering, og då er det kanskje greitt at nokon tek ansvar for å roe ned dei bekymringane.

Som «konvertitt» frå KrF til Sp trur eg at eg kan svare ut denne; for eg hadde sjølvsagt ikkje gått inn i eit parti som ikkje har verdiar eg kan stå inne for.

Ingen grunn til landsmøtesak

Når ein klikkar seg inn på senterpartiet.no finn ein mykje god informasjon om kva verdiar partiet har innanfor dette feltet, og slik eg ser det, var det difor absolutt ingen grunn til at dette skulle vere ei landsmøtesak.

At enkeltpersonar i eit parti har meiningar som vekker oppstyr, avsky, undring, latter og andre gode og mindre gode kjensler er ikkje nytt, og kan på ingen måte sjåast som representativt for kva partiet står for.

Dette trur eg alle politiske parti i Noreg kan seie seg samde i. For KrF sin del er det nok like greitt at eg ikkje responderer på Bjuland sitt innlegg med eit søk etter KrF-arar som i enkeltsaker har vore i utakt med partiprogrammet.

Dette er Sps truspolitikk

Senterpartiet meiner at staten skal føre ein aktivt støttande trus- og livssynspolitikk og vil difor sikre ein økonomisk likebehandling av alle trus- og livssynssamfunn. Vidare ser Senterpartiet på trus- og religionsfridom som ein grunnleggande rett som skal understøttast av ein politikk som ivaretek trus- og livssynssamfunn sine moglegheiter til å utøve trua si.

Som «konvertitt» frå KrF til Sp trur eg at eg kan svare; eg hadde sjølvsagt ikkje gått inn i eit parti som ikkje har verdiar eg kan stå inne for.

—  Anita Husøy Riskedal

Noko tydelegare kan det vel ikkje seiast? At Marit Arnstad, som Bjuland etterlyser, skulle gå på talarstolen under landsmøtet for å lese opp dette frå heimesidene til partiet må han sjølvsagt få meine, men særleg naudsynt trur eg ikkje det var. Dersom det hadde vore behov for ein debatt om dette, så hadde den kome. Slik eg kjenner partiet er det ikkje det.

Kristne verdiar godt ivaretekne

Mi erfaring etter godt og vel to år i partiet er tvert imot at dei kristne verdiane er godt ivaretekne, og at det er rom og god takhøgde for oss truande. Og slik skal det også vere etter valet, i ei grøn-raud regjering.

Til avslutning vil eg seie meg 100 prosent samd med Bjuland i nest siste avsnitt i innlegget hans. Vi må hegne om trusfridomen, også når vi er usamde i korleis andre vel å bruke den.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt