Kvifor ikkje samisk kyrkje i Oslo?
SAMISK KYRKJELIV: Det finst over 100 kyrkjelydar for ulike etniske minoritetar i Oslo. Men ingen for våre eigne urfolk.
KONFIRMASJON I KAUTOKEINO: I 2008 blei desse samiske jentene konfirmert i Kautokeino kyrkje i Finnmark. Kva stoppar eigentleg Den norske kyrkja fra å opprette ein samisk kyrkjelyd i Oslo, spør Ann Kristin van Zijp Nilsen.
Berit Roald / NTB / Cappelen Damm
Då eg hadde budd nokre år i Oslo, blei eg invitert med på noko eg ikkje visste fanst: nynorsk gudsteneste i Uranienborg kirke. Første gong eg deltok, blei eg våt i augo då eg fekk be Fadervår på hjartespråket mitt i ei storbykyrkje.
Å trekkja ein parallell mellom å vera nynorskbrukar og å ha samisk som morsmål, kan vera som å tenkja at ein gresk strandferie gir deg peiling på livet i flyktningleiren Moria. Det er umogleg for meg som ikkje er same å forstå korleis det er, når ditt eige folk har vore tvinga til tausheit av ein umenneskeleg fornorskingspolitikk.
For nokre år sidan ringde eg sametingspresident Aili Keskitalo og stilte henne spørsmålet «kva er det vakraste du veit?» for Areopagos sitt blad Tørst. Ho svarte: «Å høre døtrene mine snakke samisk sammen. Det gikk jeg selv glipp av som barn.»