Verdidebatt

Mannefall i diakonien

Den siste tida har eg oppdaga at eg er ein del av ein utryddingstruga art, nemleg mannleg diakonar i Den Norske Kyrka.

Bilde 1 av 2
Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Eilev Erikstein

Prostidiakon i Vest-Telemark

Det er mange kvinner i kyrkja. Både løna og uløna medarbeidarar. Ikkje minst i kyrkjelydsdiakonien. For nokre veker sidan slutta Ivar Solbu som diakon i Sauherad etter 43 år, så no er eg åleine mannleg diakon i Telemark. Ser ein heile Agder og Telemark bispedøme under eitt er mannstala noko betre.

Utryddingstruga art

På landsbasis er 18 prosent av alle ordinerte diakonar i kyrkja menn. Hadde det handla om dyr eller plantar, ville mannlege diakonar ha kome på «raudlista» som ein utryddingstruga art.

LES INTERVJU MED DIAKONIPRISVINNER EILEV ERIKSTEIN: – Problem at diakoni fremstår som et feminint fag

Maskulint yrke

Diakon starta som eit reint mannsyrke. I Apostelgjerningane står det at dei valde seg ut seks menn til å styre­ det praktiske omsorgsarbeidet i kyrkjelyden. Dei skulle syte for at enkene fekk mat, og motverke utanforskap og diskriminering. Eit stolt og sterkt maskulint yrke. Diakonutdanninga ved Diakonhjemmet i Oslo vart oppretta i 1890 for kjempe mot fattigdom, og jubileumsboka frå 1990 ber tittelen Mannsmot og tenarsinn.

I moderne tid har både menn og kvinner blitt diakonar. Det har vore godt for faget. Jamstilling er alltid bra. Men det synest som om diakonyrket meir og meir blir rekna inn under den feminine sfære? Blir det meir omsorg og mindre «kamp for rettferd» og myndiggjering i diakonien framover? Det at mange diakonstillingar er deltid samt at diakonars leiarrolle er uklar, kan og hindre menn å gå inn i yrket?

Rollemodellar

Her om dagen dukka det opp eit bilete av nye diakonistudentar på VID/MF. 40 kandidatar. Det gledelege er at det er at det er fleire studentar på masterstudiet enn på mange år, men igjen måtte eg leite lenge etter menn.

Bra kjønnsbalanse gjer arbeidsmiljø betre. Kjønnsbalanse er også viktig for dei som tek imot tenestene. Det handlar om likestilling og demokrati, om gode rollemodellar. Rollemodellar er kanskje det viktigaste når det gjeld rekruttering til kyrkjelege teneste. Det er vel slik dei fleste av oss kom inn i faget.

Kva gjer det med diakonfaget at det blir få menn att? Endrar det arbeidsoppgåvene? Den miskunnsame samaritan var på reise, bøygde seg ned, og tykte hjarteleg synd i han som hadde råka ut for røvarar. Med færre menn i diakonyrket, er eg og redd det blir mindre rek langs vegane for å sjå til dei nedslegne?

LES OGSÅ: Diakoni-millioner fra statsbudsjettet fordelt – Human-Etisk Forbund reagerer

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt