Litterær utruskap
Det blir nok ikkje mange overraskingar når dei 25 beste norske bøkene gjennom tidene skal kårast under Litteraturfestivalen på Lillehammer neste veke. Har juryen likevel lagt opp til eit lite sidesprang? undrast Alf Kjetil Walgermo.
Våren 2007 har vore tida for å setje opp lister. Ordet «kanon» skaut fart også i fjor, då våre naboar danskane konstituerte kulturarven med ei liste på 108 verk. Men den politiske diskusjonen om ein kulturkanon fisla ut i ingenting her heime. Berre Framstegspartiet sette fram eit forslag om «ein brei folkeleg forankra norsk kulturkanon», eit forslag som vart nedstemt i Stortinget.
På litteraturfeltet, derimot, har kanonløpet vore nærmast raudglødande det siste året. Dagblad-et, «alltid foran», var sjølvsagt raskt ute med å finne dei 25 beste norske bøkene frå dei siste 25 åra. Det er ingen grunn til å skjemmast over at Morgenbladet hadde fyrt av ei liknande kanonisering allereie to år tidlegare, under Litteraturfestivalen på Lillehammer, då dei kåra dei ti beste norske forfattarane under 35 år.
No har Litteraturfestivalen lada kanonen igjen, utan pressestøtte: Neste onsdag kjem det som tek sikte på å vere «Den norske litterære kanon» (mi utheving). La oss kalle det den førebels definitive. Gode grunnar for at smellet faktisk let seg høyre godt ut over Gudbrandsdalen, ja, over heile landet, er den sterke juryen. Her finn vi nemleg Liv Bliksrud, Trude Marstein, Ane Farsethås, Ragnar Hovland, Jan Kjærstad, Audun Lindholm, Marta Norheim, Eirik Vassenden, Henning Howlid Wærp og leiaren Janike Kampevold Larsen. Dess sterkare lesarar, dess sterkare kanon.