Leder

Vårt Land meiner: Nav må stille strengare krav til bustad

Når Nav betalar bustad for fattige familiar, må dei sjekke at bustaden held eit minstemål av kvalitet.

Dette er ein leiar. Leiaren gir uttrykk for Vårt Lands syn. Sjefredaktør og politisk redaktør har ansvar for innhaldet.

Vårt Land skreiv denne veka om den ferske rapporten Å bo verdig, publisert av Frelsesarmeen. I rapporten står det mellom anna at «Nav dekker leiekostnader for leiligheter med sikkerhetsmangler og/eller lav kvalitet – ofte med en uverdig standard som er totalt uakseptabelt for de fleste av oss». Elin Herikstad, som er assisterande sosialsjef i Frelsesarmeen, fortel at Nav ofte berre sjekkar om bustaden er innafor maksprisen dei dekker. Dermed ser ikkje Nav at familien bur særs trongt i eit husvære av dårleg kvalitet.

Det er ikkje akseptabelt at nordmenn skal bu i uverdige husvære. Det er ikkje akseptabelt at kven som helst kan leige ut kva som helst, slik det er i dag.

Ansvarspulverisering

Frelsesarmeens rapport viser at det er fire grupper som slit på grunn av dette: Låginntektsfamiliar, menneske med rusproblem, nyleg lauslatne frå fengsel og eldre. I 2022 hjelpte Frelsesarmeen 89 familiar med til saman 137 barn ut av rotne bustadar og over i høvelege husvære. Ifølgje Herikstad i Frelsesarmeen er dette berre «toppen av isfjellet».

Frelsesarmeen fortener honnør for den viktige rapporten og forslaga til forbetring. Vi kan ikkje godta at familiar og andre sårbare grupper skal leve i så uverdige kår som Frelsesarmeen har avdekt.

Nav svarar at det er kommunane som i dag føretek ein kontroll av leigekontraktar og at bustadane er godkjende til bustadføremål. Utover det, er det uklart kva som skjer i kommunane. Jan Erik Grundtjernlien, som er avdelingsdirektør i Nav, meiner det er viktig at ulike aktørar i stat og kommune – slik som kommunen, statsforvaltaren, Helsetilsynet, Husbanken og Nav – samarbeider om å løyse utfordringane knytt til bustadsituasjonen.

Honnør til Frelsesarmeen

Det kan sikkert vere ein god idé, samstundes som ansvaret lett kan pulverisere mellom dei ulike etatane. Derfor er det viktig at dei øvste ansvarlege, kommunepolitikarane, no tar grep for å endre situasjonen.

Inn i kommune- og fylkestingsvalet må partia tydeleggjere at ingen skal bu i elendige husvære betalt av det offentlege. Frelsesarmeen føreslår mellom anna ei tilsynsordning for utleigebustader og ein minimumsstandard. Dessutan bør det komme på plass ein uavhengig klageinstans som er lett å få kontakt med, og som sikrar rettane til dei som leiger bustad.

Frelsesarmeen fortener honnør for den viktige rapporten og forslaga til forbetring. Desse forslaga bør kommunepolitikarane og dei nasjonale politikarane innfri. Vi kan ikkje godta at familiar og andre sårbare grupper skal leve i så uverdige kår som Frelsesarmeen har avdekt.




Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Leder