Nyheter

Desperate bustadsøkjarar godtek elendige husvære

HUS OG HEIM: For mange nordmenn bur uverdig, avdekkjer Frelsesarmeen. Dei vil ha klageinstans for leigetakarar og offentleg tilsyn av utleigebustadar.

– Standarden på leigebustadar varierer kraftig frå kommune til kommune. Difor bør sosial bustadpolitikk bli eit viktig tema i kommunevalet, seier Elin Herikstad. Ho er assisterande sosialsjef i Frelsesarmeen.

– I dag kan kven som helst leige ut kva som helst. Desperate bustadsøkjarar godtek elendige husvære.

«Alle trenger et trygt hjem.» Lovnaden er tittelen på Nasjonal strategi for den sosiale boligpolitikken (2021-2024), som Solberg-regjeringa la fram i 2020, og som strekkjer seg inn i neste år.

sjef

Fann rotne husvære

Langt frå alle har ein trygg heim, slår Frelsesarmeen fast etter å ha kartlagt butilhøve landet rundt. Organisasjonen er til stades i 100 lokalsamfunn frå Vadsø til Mandal. I den ferske rapporten Å bo verdig skriv sosialsjef Wenche Walderhaug Midjord:

«Vi rystes over å se mange som bor utrygt, trangt, med dårlig standard og uten nødvendig hjelp og oppfølging.»

Fire grupper slit, viser Frelsesarmeens bustadsosiale rapport: Låginntektsfamiliar, menneske med rusproblem, nyleg lauslatne frå fengsel og eldre.

I 2022 hjelpte Frelsesarmeens avdeling Familiebosatt 89 familiar med til saman 137 barn ut av rotne bustadar og over i høvelege husvære. Herikstad seier desse 137 barna berre er «toppen av isfjellet».

I dag kan kven som helst leige ut kva som helst. Desperate bustadsøkjarar godtek elendige husvære

—  Elin Herikstad, assisterande sosialsjef Frelsesarmeen
hus

«Desperat husjakt»

I Norge i dag er nesten 18 prosent ute på leigemarknaden. Mellom dei mange som må leige bustad, er særleg familiar med låge inntekter ofte på «desperat boligjakt», melder Frelsesarmeen:

Dei går på visning etter visning, men blir valt vekk til fordel for dei som har meir stabil inntekt og livssituasjon. Dei endar opp med å bu i dei dårlegaste husværa på marknaden.

Og det er Nav som betalar:

«Mange leieforhold finansieres via Nav, men Nav har ofte ikke kapasitet til å kontrollere boligens standard. Dette kan medføre at Nav dekker leiekostnader for leiligheter med sikkerhetsmangler og/eller lav kvalitet – ofte med en uverdig standard som er totalt uakseptabelt for de fleste av oss», skriv Frelsesarmeen.

– For ofte sjekkar Nav berre at bustaden er innafor norm, altså maksprisen dei dekkjer. Nav ser ikkje at familien bur svært trongt i eit husvære av dårleg kvalitet, fortel Herikstad i Frelsesarmeen.

---

Slik bur nordmenn

  • I Norge bur 55 prosent i einebustad, 22 prosent i rekkehus, småhus og kjedehus og 20 prosent i blokk.
  • 71 prosent er registrerte som sjølveigarar, 11 prosent eig i burettslag medan 18 prosent leiger, opplyser SSB.

---

Kommunane må svare

Jan Erik Grundtjernlien, avdelingsdirektør i Nav, forklarar at kommunen sakshandsamar og innvilgar økonomisk sosialhjelp til husleige dersom brukaren har krav på det.

– Me er kjende med at kommunane føretek ein kontroll av leigekontrakten og at bustaden er godkjend til bustadføremål. Utover det, må den einskilde kommune svare for korleis dei organiserer dette arbeidet, fortel han.

– Har Nav planar om å endre kontroll- og tilsynspraksisen?

– Det er den einskilde kommune som har ansvaret for kontroll. Me meiner det er særs viktig at ulike aktørar i stat og kommune, slik som kommunen, statsforvaltaren, Helsetilsynet, Husbanken og Nav samarbeider om å løyse dei utfordringane vi har knytt til bustadsituasjonen.

Husleieboliger

Etterlyser strengare tilsyn

Husbankens siste bustadundersøking fortel at i tre grupper er det mange som ser for seg at dei er leigetakarar også om fem år: Åleinebuarar, åleineforsørgjarar samt i gruppa som har under 300.000 kroner i husstandsinntekt.

I 2020 vedgjekk Solberg-regjeringa, i den nasjonale strategien, at leigetakarar har «generelt dårligere boforhold enn boligeiere»: «De bor trangere, har oftere fukt og råte i boligen sin, og opplever i større grad bomiljøet som dårlig.»

I 2023 har Frelsesarmeen fleire forslag til løysingar, som kan gjere livet i leigd bustad langt betre – og luke vekk dei dårlegaste husværa:

  • Ein uavhengig klageinstans som er lett å få kontakt med, og som sikrar rettane til dei som leiger bustad. Dagens Husleietvistutvalg hjelper for få.
  • Ei tilsynsordning for utleigebustader – og ein minimumsstandard for utleigebustadar, særleg viktig for bustader som Nav betalar.

– I dag er reguleringa av utleigebustader veik. Ei tilsynsordning kan få fjerna dei dårlegaste frå marknaden.

Ny lov kom i juli

1. juli fekk me ein splitter ny lov: Lov om kommunanes ansvar på det bustadsosiale feltet.

Elin Herikstad er spent på om loven vil fungere etter intensjonen. Ho opplever at ordlyden er litt veik i forma.

– Vonleg blir han skjerpa etter kvart.

Solberg-regjeringa starta lovarbeidet i 2020, men det blei Støre-regjeringa som sluttførte han. Då Stortinget handsama lovforslaget i fjor haust ønskte SV og Raudt ein stram lov: Vanskelegstilte skulle ha rett til bustad, og kommunane skulle ha plikt til å skaffe dei bustad.

Fleirtalet – Ap og Sp – avviste dette, og fekk støtte frå Høgre og Frp. Loven gjev rett til bistand for dei som ikkje sjølve klarer å skaffe seg eller halde på ein eigna bustad.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter