Leder

Kyrkja bør tenkje nytt om straum

Straumpriskrisa bør ikkje berre bli ein ordkrig om kven som betale rekninga.

Dette er en leder. Lederen gir uttrykk for Vårt Lands syn. Sjefredaktør og politisk redaktør har ansvar for innholdet.

Høge straumprisar slår hardt inn i økonomien i kyrkjene.

Sokneprest Reidar Aasbø i Kongsberg ber om statleg krisehjelp for å halde kyrkjene opne i vinter. I januar meldte 46 prosent av dei kyrkjelege fellesråda i landet om «betydelege økonomiske utfordringar» knytt til straumprisen.

Til Vårt Land seier barne- og familieminister Kjersti Toppe at ho ikkje vil ha stengde kyrkjer. Samstundes peikar ho på at meirkostnader som følgje av høge straumprisar skal dekkjast av kommunane.

Vi forstår at Aasbø i Kongsberg er uroa.

Store kyrkjerom krev mykje energi

I dag er det lite som tyder på at situasjonen blir monaleg betre til vinteren. Ingenting tyder på at alle kommunar kan dekkje dei rekordhøge straumrekningane til den lokale kyrkja. Statsbudsjettet til hausten vil gi svar på kva Toppe vil gjere for å sikre at kyrkjene må haldast opne.

Men debatten bør ikkje ende opp med ein ordkrig om ansvaret.

I eit innlegg i Vårt Land ber kyrkjeverje Tore Ellefsen og tidlegare sokneprest Morten E. Stensberg i Grue Den norske kyrkja om å tenkje nytt. Store kyrkjerom er energikrevjande å varme opp. Eit høgt straumforbruk gir eit høgare klimaavtrykk.

Kyrkja i Grue har plass til fem hundre menneske. På ein alminneleg sundag var det sjeldan fleire enn 20.

I vinter bestemte kyrkjelyden seg for å halde kyrkja stengt i to månadar. Å senke temperaturen var ikkje ei god løysing.

«Ville noen ha deltatt på gudstjenester og kirkelige handlinger i et kirkerom med en innetemperatur på seks grader vinterstid? Hvordan ville en åpen, men kald kirke blitt tatt imot?», spør dei.

Auka forståing for at gudstenesta vert flytta

Det er grunn til å tru at fleire kyrkjelydar i vinter vil stå overfor same dilemma. Det er ikkje ynskjeleg med stengde kyrkjebygg. Men straumpriskrisa råkar hardt og heng saman med dei ufattelege lidingane i Ukraina.

Ein ordkrig om kven som skal betale straumrekninga, gir lita trøyst for kyrkjegjengarar som sjølv må skru ned temperaturen heime

Det kan gi auka forståing for at ei gudsteneste vert flytta til ei annan kyrkje ein kort periode.

På kyrkjebenkane rundt i landet sit det mange som i vinter vil slite med å betale straumrekninga.

Dei treng å få høyre at også kyrkja tar eit ansvar for eige forbruk. Ein ordkrig om kven som skal betale straumrekninga, gir lita trøyst for kyrkjegjengarar som sjølv må skru ned temperaturen heime.

Då bør kyrkja også lytte til bodskapen frå Grue.


Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Leder