Kirke

Kyrkja – også for studentar

Den norske kyrkja burde spørje seg korleis dei kan trekke til seg fleire studentar, men utan at det går på bekostning til identiteten til kyrkja.

Bilde 1 av 2
Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Av Mai Lene Fløysvik Hæåk

Dei to første åra eg budde i Oslo hadde eg ikkje sett foten min i Den norske kyrkja ein einaste gong, om du ikkje tel med den eine minnemarkeringa for forfølgde kristne. For ingen studentar gjekk vel i Den norske kyrkje? Folk på min alder skulle jo gå andre stader, stader med høg musikk og lyskastarar kor møta ikkje var avgrensa av lite fleksibel liturgi.

LES OGSÅ: Kristne studenter vegrer seg mot å være åpne om sin egen tro

Ulogisk

I ettertid har eg tenkt at tankegangen min var ulogisk. Jo, kanskje gjekk mange av dei eg kjente i lågkyrkjelege forsamlingar. Kanskje var møta der meir retta mot mi aldersgruppe. Men på den andre sida, å ikkje ein gong tenkje på å engasjere seg i kyrkja framstår rart med bakgrunnen min. Ikkje berre er eg oppvaksen i, døypt og konfirmert i Den norske kyrkja, men heile livet fram til eg flytta til Oslo var eg del av ein kyrkjelyd kor eg følte meg heime. Eg var engasjert i sundagsskulen og dansegruppa. Eg gjekk på gudstenester etter at det vart unaturleg å delta på sundagsskulen. Eg likte den faste rytma i ei gudsteneste.

Trass i at der ikkje er ei kristen forsamling eg har følt meg meir heime i enn kyrkja, tenkte eg ikkje ein gong på å oppsøke dei. Dette førte til at fleire laurdags- og sundagskveldar opphaldt eg meg i diverse ungdomsforsamlingar kor eg kjente få eller ingen. Dei stadene kor alle andre såg ut til å like seg syntest eg det var vanskeleg å bli inkludert i. Eg syntest det var vanskeleg å kjenne på nærleik til fellesskapen og til konseptet desse forsamlingane kunne tilby. Men eg prøvde igjen og igjen.

Og igjen.

Sakna gudstenester

Då eg kom tilbake til Oslo førre haust etter eit år i utlandet, hadde eg vore utan noko kristent fellesskap i nesten eitt år. Om ein ikkje ville stå opp halv sju tysdag morgon for å ete frukost med den lutherske universitetsorganisasjonen var det lite av aktivitetar ein kunne gå på. Påfyll måtte kome frå podcastar og eiga lesing. Dette gav meg tid til å finne ut at det eg sakna mest av alt var ei heilt vanleg gudsteneste. Å kunne seie syndsvedkjenninga og truvedkjenninga i kor med andre, å få høyre «gå i fred og ten Herren med glede» på slutten av gudstenesta, å kunne 
synge salmar med orgel i bakgrunnen.

LES OGSÅ: Unge voksne mer åpne for å tro enn eldre

Høyre heime

Slik enda eg opp med å gå i Kampen kirke året som har gått. Eg fann ein stad kor eg var villig til å engasjere meg, kor eg ville bruke tid og kor eg kunne få påfyll. Eg fann ein kyrkjelyd i Oslo kor eg kunne høyre heime. Eg har i løpet av det siste året spurt meg sjølv fleire gonger: Kvifor er det ikkje fleire studentar i Oslo som vel Den norske kyrkja? Kanskje var eg på feil stad i feil kyrkjelyd, men oppfatninga mi er at studentar som flyttar til Oslo eller til andre studentbyar i likskap med meg tenkjer at kyrkja ikkje er noko alternativ. Dei kan vere oppvaksne i kyrkja, ha engasjert seg i kyrkja, gått der friviljug over fleire år då dei budde heime. Men når dei flyttar vel dei å gå i andre forsamlingar.

Dette kan sjølvsagt ha mange grunnar, som til dømes at vener og kjente òg går i forsamlingane til misjonsorganisasjonar og frikyrkjer. I tillegg er det truleg ein god del som føretrekk den meir frie forma på eit møte enn i ei gudsteneste. Men trass i dette tenkjer eg at det må vere andre som meg. Dei som gjerne skulle gått på gudsteneste ein sundag morgon i staden for eit møte på kvelden. Dei som kjenner seg meir heime i kyrkja enn nokon annan stad, men som likevel vel å ikkje gå der.

Kvifor det er slik veit eg ikkje. Kanskje er ikkje kyrkja flinke nok til å tilrettelegge for studentar? Kanskje er dei ikkje flinke nok på å seie «me er her me òg»? Det er ikkje berre kyrkjebenkene som vitnar om at det er få unge. Ifølge ein reportasje hos NRK frå 27. mai er alle kandidatar på éin av tre lister til kyrkjevalet over tretti år. Det er ein tankekross at dei unge kandidatane enten er sett langt nede eller glimtar med fråver frå dei tradisjonelle vallistene. Om ikkje unge blir valt inn kan ein heller ikkje forvente at unge skal trekke til kyrkja når dei flyttar til ein ny stad og treng ei ny forsamling.

Kva skal til for at studentar kjem til kyrkja? Burde dei skru opp volumet på bassen, legge gudstenesta til andre tider enn sundag morgon eller ha ei meir fri form? For å vere heilt ærleg veit eg ikkje sjølv, for det er nettopp gudstenesta eg kjenner som gjer at eg liker meg i Den norske kyrkja. Men det eg veit er at kyrkja «konkurrerer» med organisasjonar og frikyrkjer som i langt større grad enn før kan gi eit heilskapleg tilbod til alle aldersgrupper. Det hjelper ikkje å tenkje at unge vaksne kan hankast inn når dei har fått barn som skal døypast. Kyrkja må vere der for alle aldersgrupper, og alle aldersgrupper må bli representert i kyrkja, både i gudstenesta og på kyrkjemøtet.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

1

Annonse
Annonse

Mer fra: Kirke