Kommentar

Det vi aldri lærte av krigen

Når vi markerer at det er 80 år sidan frigjeringa av Noreg, er det openbart at krigen blir fjernare for oss.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

For min generasjon var alle krigar langt borte. Krigane i det gamle Jugoslavia på 1990-talet var små og interne, borgarkrigar som ikkje spreidde seg til andre land. Og konfliktane på det afrikanske kontinentet var for spesielt interesserte.

Var det noko vi hadde lært, så var det at den andre verdskrigen var eit sluttpunkt. Det var den siste og endelege gongen Europa stirte ned i avgrunnen og avgrunnen stirte tilbake. Dei opplyste demokratia var blitt einige om at noko liknande som dei to verdskrigane aldri skulle skje igjen.

Men la oss late som at det fanst ein gjennomsnittleg europear som hadde heile verdsdelens historie programmert inn i hjernebarken. Om vi spurde denne personen om hen trudde at Europa kan leve i fred i tiår etter tiår, kva for svar ville vi fått? Høgst truleg ville hen berre ha ledd av oss.

For når vi seier at krigen er ei historie med ein start og ein slutt, der helten vinn over skurken, har vi ikkje lært noko som helst

Krigen er blitt ein fiksjon

For i historisk samanheng er krig normalen i Europa. Den lengste fredsperioden for verdsdelen vår, var den som varte frå 1945. Om vi teiknar opp ei tidslinje frå år null og fram til i dag, verker det nesten uunngåeleg at dei europeiske statane før eller sidan set i gong ein mindre eller større væpna konflikt.

Nei, det betyr ikkje at vi skal omfamne krigen, slik futuristane gjorde før verdskrigane, eller at vi skal slutte å kjempe for fredelege løysingar på konfliktar.

Men det burde gi oss eit anna blikk på den andre verdskrigen, og på korleis vi har gjort den til rein underhaldning. For når vi seier at krigen er ei historie med ein start og ein slutt, der helten vinn over skurken, har vi ikkje lært noko som helst.

Kva kan vi lære av norske krigsfilmar?

Sjølv i ein heilt ny film som Nr. 24, fjorårets kinosuksess om motstandshelten Gunnar Sønsteby, ligg det som eit slør over historia at dei gode vann, mens skurkane tapte. Jo da, Nr. 24 viser, akkurat som filmen som starta den nye, norske krigsfilmbølgen, Max Manus, at helten mistar både venner og litt av moralen sin. Og at det er einsamt å kjempe mot overmakta.

Men alle desse filmane, eller tv-seriane, slit med å seie noko essensielt om krigens vesen og brutalitet, om korleis alle som kjempar trur fast og heilt på at dei har rett. Mykje av grunnen er at vi har gjort den andre verdskrigen til fiksjon. Og i denne fiksjonen er det enkelt å sjå kven som er helt og kven som er skurk.

Men det dekker til noko som er essensielt ved oss menneske. For sjølv om vi alle har ein idé om at vi ville fulgt vegen Gunnar Sønsteby tok, er det like truleg at mange av oss ville gått ned den mørke stien Vidkun Quisling og hans kompanjongar valde å gå.

Rett og gale blir ikkje skapt av sigerherren. Rett og gale eksisterer til all tid – det var like gale å jage og drepe jødar og kommunistar i 1938 som det var det i 1945. Men før ein krig startar, er det alltid kamp om kva som er sant og kva som er usant, om kva som er verdt å kjempe for og kva du bør vende ryggen til. Og det er her vi kan ta feil val, det er her vi kan velje galt framfor rett.

Vi har gjort den andre verdskrigen til fiksjon

Dei viktige tidsvitna blir borte

Dei som har fortalt oss om korleis det var å ta slike val og å leve med dei, er tidsvitna frå den andre verdskrigen. Gunnar Sønsteby var sjølv eit av dei. Mange norske jødar, som Leif Grusd, tok også på seg rolla som berar av norsk historie.

Sjølv reiste eg, da eg gjekk på vidaregåande på slutten av 1990-talet, til Auschwitz med to som hadde overlevd konsentrasjonsleiren. Enno kan eg hugse det klare blikket deira, og stemmene som skalv da dei fortalde historiene sine.

Det er ikkje mange av dei som framleis lever. Men vi kunne trengt tidsvitna meir enn nokon gong i dag. No, når dei som har opplevd krigen er gått ut av tida, skjønner vi kor viktige dei var for vår kollektive forståing av krig.

Når ser vi skilnaden på skurk og helt?

Og det er her fiksjonen kjem til kort. For vi gløymer at sjølv ein svikar som Vidkun Quisling såg på seg sjølv som ein helt. Det gjorde også dei som følgde han. Kvifor såg ikkje dei skilnaden på skurk og helt, på godt og vondt?

Likskapen til vår eigen tid er stor. Etter at Donald Trump vart innsett som president i januar, har mange på høgresida tatt avstand frå han. For mange er det uforståeleg at det skjer no, og ikkje i 2016, da han første gongen stilte til val.

Og i mange, mange år holdt kjendisar og statsleiarar hoff for Vladimir Putin. Det ligg ukrainarar på Ullevål sjukehus som kan slå fast at det var eit stort feilgrep.

Den tynne linja

Kanskje er det dette den vanskelege lærdommen etter den andre verdskrigen: Mange av våre eigne valde feil og støtta okkupasjonsmakta, og vi forstår det ikkje heilt. Slik vi ikkje heilt forstår kvarandre når vi hamnar på ulike sider av konfliktar og politiske skillelinjer den dag i dag.

Og det er jo derfor krigen aldri går ut på dato. Vi kjem ikkje til botnen av den, vi har får aldri fullstendig innsikt, fullstendig oversikt. Og når vi no markerer at det er 80 år sidan frigjeringa av Noreg, er det openbart at krigen blir fjernare for oss.

Lars Petter Sveen

Lars Petter Sveen

Lars Petter Sveen er kulturredaktør i Vårt Land og skriver om de viktige sakene i Kultur- og Kristen-Norge. Han er også forfatter, og bøkene hans er oversatt til flere språk og nominert til flere priser. Lars Petter har bachelor i historie og i bibliotek- og informasjonsvitenskap.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

1

Mer fra: Kommentar