Kommentar

Sanning og dikting i den norske bokheimen

Det vil bli utruleg mange kjedeleg bøker framover om norske forfattarar ikkje skal få skrive kva folk tenker.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Sjelden har ei bok fått så mykje juling som Partiet. Kvar skal ein starte når ein prøver å summere opp alt som er gått galt for boka til Dagbladet-journalistene Jørgen Gilbrant og Steinar Suvatne? Faktafeil på faktafeil, bruken av anonyme kjelder, spreiing av rykter, og no sist også mistanke om plagiering.

Det er som om Gilbrant og Suvatne prøver å krysse av på alle punkta i lista over feil du ikkje skal gjere når du gir ut denne typen bok.

Men når vi journalistar er ferdige med å okke oss over at nokon frå vår stand kunne rote det så utruleg til, kan vi også spørre oss kvifor vi akkurat no vart så sjokkerte.

For Partiet, og raseriet i etterkant av utgjevinga, viser at norsk sakprosa har eit ubevisst forhold til eigen sjanger.

Det er greit når Åsne Seierstad gjer det

Ein av dei utallige tinga Gilbrant og Suvatne har blitt kritisert for, er at dei skriv kva Hans Christian Gabrielsen, den tidlegare leiaren i LO som gjekk bort i 2021, tenker.

Men er dette litterære grepet så uvanleg og problematisk?

Ja, i ei avis er det så absolutt det. Men i ei bok?

For det vil bli utruleg kjedeleg om norsk sakprosa framover skal late som om absolutt alt som står i bøkene, er hundre prosent sant og hundre og ti prosent reieleg

Ein av våre mest internasjonalt respekterte journalistar og forfattarar, Åsne Seierstad, gjer det stadig vekk. Ho diktar seg inn i tankane til andre menneske, og ho har blitt kritisert for det fleire gongar. Det var ein storm i etterkant av Bokhandleren fra Kabul, og kritikken mot metoden hennes var knallhard, noko som også endte med rettsak. Men som kritikar i Morgenbladet, Bernhard Ellefsen, skreiv i si melding av Seierstads siste bok, Afghanerne, frå 2022: Seierstad kjem seg no unna med det.

Når blir ein journalist til forfattar?

Kanskje ville også Gilbrant og Suvatne komme seg unna med dette, hadde det ikkje vore for alt det andre dei har rota til. Når ein blir dratt etter føttene gjennom det offentlege ordskiftet, er det fort gjort at absolutt alt som kan vere kritikkverdig, blir kritikkverdig.

Men debatten i etterkant av Partiet viser at det vanskeleg å heilt skjønne når nokon er journalist og når nokon er forfattar.

Sluttar du å vere journalist når du skriv bok? Sluttar du å vere forfattar når du skal snakke om kjeldebruken i boka di?

Ikkje heilt svart kvitt

Dette skillet er på eine sida veldig konkret. Er du tilsett i ei avis som journalist, får du store problem om du vel Seierstads metode. Men skal du gi ut bok, er det ikkje så interessant for lesaren om du følgjer retningslinjene til Pressens Faglige Utvalg.

Ein forfattar sverger truskap til boka si, mens journalisten sverger truskap til metoden sin. Ein forfattar går ikkje på kompromiss med sitt kunstnarlege prosjekt. Ein journalist går ikkje på kompromiss med etikken og handtverket sitt. Ein forfattar tek alltid vare på karakterane sine. Ein journalist tek vare på kjeldene sine.

Ein forfattar sverger truskap til boka si, mens journalisten sverger truskap til metoden sin

Om nokon vil ha ei bok om Arbeiderpartiet og alle ryktene og intrigane rundt partiet, er det ikkje noko problem i seg sjølv om det kjem ei bok som Partiet. Kanskje kunne det gått heilt fint, om Gyldendal hadde pakka boka inn på ein annan måte, slik Emil André Erstad har peikt på her i avisa.

For alt er ikkje heilt svart kvitt i norsk sakprosa når det kjem til kva som er sant.

All dialog er juks og fanteri

På den eine sida er norske forlag og forfattar veldig opptekne av at sakprosabøker skal ha kjeldelister og henvisninger i teksten når noko er henta frå andre kjelder. Dette står i samsvar med dei strenge reglane frå akademia, der du rett og slett får stryk for å slurve med kjeldebruken din.

På den andre sida er norsk sakprosa full av dialogar, skildringar av indre tankeliv og kjensleliv, som det beint fram er lite sannsynleg at det finnes kjelder på. Og alle som kan litt om dialog, veit at all dialog i bøker (og så absolutt på skjerm og på scena) er skrive om og tilpassa lesing. Det er for mange pauser, for mykje innfall og upresis ordrbruk i vår daglegtale, til at vi kan skrive heile dialogar rett ned.

Det som står på ei bokside, skal bli lest. Derfor blir omtrent all dialog gjort om, tilpassa, pynta på.

Og derfor bør vi ikkje late som at det som står i sakprosabøker alltid er sant berre fordi det er sakprosa. Ver litt meir open for at noko skjer når den verkelege verda hamnar mellom to stive permer. Nokon kallar det journalistikk. Eg liker å kalle det litteratur.

Journalistar tolkar

For det vil bli utruleg kjedeleg om norsk sakprosa framover skal late som om absolutt alt som står i bøkene, er hundre prosent sant og hundre og ti prosent reieleg. Skal vi følge ein slik metode, er vi tilbake til det legendariske intervjuet Nils Christian Geelmuyden gjorde med dåverande statsminister Gro Harlem Brundtland i 1993. Etter at statsministeren ønskte å gjere store endringar i sitatsjekken, valte Geelmuyden å skrive ut heile intervjuet, ord for ord. Resultatet var ein statsminister som var nesten umulig å forstå. Eller umulig å lese.

Det Geelmuyden viste for alle oss som ikkje jobba i avis på den tida, var at journalister tek grep.

– Ein journalist skal tolke det intervjuobjektet seier, og tyde seg fram til ein heilskap, har Geelmuyden sjølv sagt i ettertid.

Det er ein fin måte å vise til at noko skjer når det vi seier og tenker, blir til ord på papir eller skjerm.

Og det som skjer, gjer noko med kva som er sant og kva som er god litteratur.

Lars Petter Sveen

Lars Petter Sveen

Lars Petter Sveen er kulturredaktør i Vårt Land og skriver om de viktige sakene i Kultur- og Kristen-Norge. Han er også forfatter, og bøkene hans er oversatt til flere språk og nominert til flere priser. Lars Petter har bachelor i historie og i bibliotek- og informasjonsvitenskap.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

1

Mer fra: Kommentar