Forlaget Gyldendal treng openbert hjelp – både med fakta, politikk og berande forteljingar. Eit gratis råd: Tittelen på boka Partiet – en innsideberetning om Arbeiderpartiets fall burde heller vore Fiendene - I hodet på Støres fiender.
Den tittelen og baksideteksten boka faktisk har, gir feilaktig inntrykk av at den handlar om utviklinga av heile Arbeidarpartiet under Jonas Gahr Støres leiarskap dei ti siste åra. Men alle som har vore i nærleiken av partiet i denne perioden, vil raskt merke at bokas grunnfortelling er meir snever. Bokas slagside er så tung at den får det søkkande Titanic-skipet til å sjå stabilt og balansert ut.
Best kjelder blant Støres fiendar
I staden burde Gyldendal, forfattarane Steinar Suvatne og Jørgen Gilbrant ha vore meir ærlege i sitt innsal av boka.
Eit forslag til kva som kunne stått bak på boka, er følgande:
«Boken er en innsidefortelling basert på en rekke anonyme kilder blant Jonas Gahr Støres fiender i partiet. En fortelling på premissene til Jørn Eggum, Trond Giske, Anniken Huitfeldt, Ingvild Kjerkol og andre aktører som ønsker Støre et snarlig karrierebytte.
Her blir vi kjent med fortellinger fra forsmådde partifolk og maktpersoner som under partilederens styre har mistet makt og posisjoner. Vi kommer inn i hodet på disse fiendene av Støre og lærer oss å forstå hvordan de tenker og hvordan de opererer. Boken gir svar på hvilket Arbeiderparti disse kildene ser for seg.
Partiet de ser for seg er et parti der man må ha trasket rundt på Utøya fra barnsben av, vært hardbarket fagforeningsmenneske i en mannsalder og ha minst tre generasjoner med Ap-blod i årene for å med rette kunne kalle seg sosialdemokrat.
Et hovedspørsmål i boken er om partiet disse kildene ønsker seg, har livets rett som landets statsbærende folkeparti.»
At kjeldene ikkje forstår at dei er brikker i Høgres spel, viser kor djup krisa er i Arbeidarpartiet
For dersom vi kan tru det som står i boka (noko det blir sådd større og større tvil om i skrivande stund), er den mest eigna som reiskap til å forstå korleis Støres fiendar tenker. Her er boka særs god, drivande og velskriven. Det er også heilt i tråd med kva folk i det politiske miljøet forventa då Suvatne og Gilbrant skulle skrive bok. Få politiske journalistar i Norge ser ut til å ha betre kjelder blant Støres fiendar internt i Ap, enn desse to.
Boka er på sitt beste nettopp når det gjeld kva Støres fiendar i Ap tenker. Her får vi inntrykk av at ein del Ap-folk ønsker å bytte ut det kjende slagordet «alle skal med» med «gjer døra låg, og porten smal». Ein god sosialdemokrat ser berre ut til å ha kunne kalle det, dersom vedkomande har tung bakgrunn frå AUF, LO og ein av partiets dynasti-familiar.
Innforstått: Jonas Gahr Støre er ingen sosialdemokrat.
Brikker i Høgres spel
Då Støre vart Ap-leiar i 2014 var det ikkje denne forteljinga om han som dominerte. Då var han ein som valde sosialdemokratiet, trass i ein annan klassebakgrunn enn den typiske sosialdemokraten. På borgarleg side – i miljøet tett på dåverande statsminister Erna Solbergs mektige strateg Sigbjørn Aanes – vart det i tida før 2017-valkampen klekka ut ein strategi om å ta Støre på klassebakgrunn. Frå då av skulle lyskastarane fokusere på kor problematisk det var å ha ein mangemillionær som partileiar for eit parti av «vanlege arbeidsfolk».
Det er i stor grad denne spinn-fortellinga om Støre som forfattarane av Partiet lenar seg på. Resultatet av Høgres svertekampanje frå den gongen er at mange partifolk i dei inste krikane og krokane på Youngstorget faktisk trur på denne fortellinga sjølve. At desse kjeldene ikkje forstår at dei er brikker i Høgres spel, viser kor djup krisa er i Arbeidarpartiet.
Hittil er det ingen av dei vi kan rekne som Støres noverande fiendar internt i partiet som har tatt til orde mot faktafeil, detaljar eller opplysingar i boka. Det er det kanskje gode grunnar til
For der Støres fiendar har vore ivrige etter å snevre inn forståinga av kva ein god sosialdemokrat er, er det Høgre som har lært lekser av gamle Ap-høvdingar som Haakon Lie og Einar Gerhardsen. I etterkrigstida klarte dei sosialdemokratiske strategane å utvide sosialdemokratiet. Allereie på 60- og 70-talet vart det færre arbeidsfolk i Norge, medan veksten av såkalla funksjonærar skaut i været. Ap måtte omfamne funksjonærane og la dei kjenne seg heime i det sosialdemokratiske partiet. Lenge lukkast Arbeidarpartiet med å kommunisere at partiet var for fleire enn berre «vanlege arbeidsfolk».
I dag er det i staden Høgre som har klart å utvide forståinga av kva det vil seie å vere høgreveljar, høgremann og høgrekvinne. Kjeldene til Suvatne og Gilbrant viser korleis desse i det skjulte har jobba for å heve dørterskelen til Folkets hus og Youngstorget, medan Høgres hus har fjerna alle sperringar og gjort døra si døgnopen for det breie lag. Resultatet? Jo, Høgre er blitt folkeparti nummer ein i Norge, medan Aps posisjon er på veg ned. Ved å jage Jonas internt, jagar dei lillaveljarar over til Høgre.
Kjølig, keitete robot-Støre
Til å forklare denne interne partipsykologien blant Støres fiendar, er Partiet ei god bok. Men det er ikkje denne forteljinga boka gir seg ut for å fortelje. Det verkar meir som ei utilsikta konsekvens av bokprosjektet enn eit bevisst val.
Problemet er at Gyldendal, Suvatne og Gilbrant har presentert boka som ei forteljing om Arbeidarpartiet som heilskap. Då ville det ha vore naturleg at vi kom like godt inn i hovudet på Hadia Tajik og Jonas Gahr Støre som på Trond Giske, ettersom dei to førstnemnde har vore sentrale statsrådar i Støres første regjering. Giske, som har skrive masteroppgåve og drive lokallag i Trøndelag, er derimot meir nær, sentral og definerande i boka enn dei to som har hatt meir makt dei siste åra. Vi får bli kjend med Giskes kjensleliv, medan Støre og Tajik er kjølige, keitete robot-figurar i bakgrunnen.
Gyldendal-direktør Ingeborg Volan forsvarar seg mot den massive kritikken med at ingen har angripe bokas grunnforteljing, men at det hittil berre har handla om faktafeil. «Det jeg kan si er at vi har til gode å få innspill som tilsier at hovedpartiet i boken ikke er riktig. Så er det detaljer, opplysninger og fremstillinger som folk debatterer», sa ho til VG. Sitatet bryt med Gro Harlem Brundtlands linje om at alt heng saman med alt.
Hittil er det ingen av dei vi kan rekne som Støres noverande fiendar internt i partiet som har tatt til orde mot faktafeil, detaljar eller opplysingar i boka. Det er det kanskje gode grunnar til. Dermed er det også tydeleg at faktafeil, detaljar og opplysingar svekker bokas grunnforteljing.
Dersom vi skal ta det som er att av den grunnfortellinga på alvor, kan Høgre le heile vegen til vallokalet neste år.