Kommentar

Spynorsk bokbål

Kvifor brenn det ikkje bokbål i Spynorsk-musikalen din, Are Kalvø?

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Vi prata om språk, ein annan vestlending og eg. Han som har konvertert til bokmål, slo til: «Eg brukar å seia til sunnmøringar at Ivar Aasen er Noregs dyraste mann».

Eg lurte på kva fot eg skulle stå på. På den eine leita eg etter dyrare nordmenn. På den andre argumenterte eg med kor viktig språk er for identitet. Etniske (og gjerne også religiøse) minoritetar kjenner på dette. Har du språk, har du stemme. Å gje stemme til andre enn fleirtalet kan kosta.

Aasen ville gje stemme til vanlege folk langt unna eliten og danskemålet. Han traska store delar av landet rundt for å laga eit nytt språk midt på 1800-talet. Dei som i vår får med seg musikalen «Spynorsk. The Musical» på Det Norske Teatret, vil få glimt av den sanne historia om Aasen. Språket skulle liggja nær talemålet. Folk skulle retta ryggen og aldri gløyma kvar dei kom frå.

Harselas og hyllest

Musikalen tek etter kvart lett på den verkelege historia om Aasen. Det er blitt år 2042. Ei ung kvinne, Aase Ivarsen, kjem over to bøker etter besteforeldra: Ottar Grepstads biografi om Aasen og ei nynorsk ordliste. På den siste er det skribla «Spynorsk mordliste», eit avtrykk etter generasjonar av skuleelevar.

Berre ved å lesa baksida av biografien blir Ivarsen så inspirert av kva Aasen fekk til at ho vil laga ei ny politisk rørsle: «Spynorsk mordliste». Ho vil gje folk noko å tru på etter at norsk politikk har gått i stå.

«Spynorsk» i musikalutgåve tonar ut i ein sang om at «alle har litt rett, alltid, om eit eller anna». Eg er ikkje sikker på at alle som brenn bøker – heilage skrifter eller nynorske ordlister – har litt rett alltid.

Nynorsken må tola harselas, men får også hyllest. Dramaet rundt Ivarsen, som vinn eit val, får utfalda seg framfor eit lerret fylt med dei vakraste nynorske orda: sælebot, von, sutlaus, heimestølen og vyrdsam.

I musikalen kjem vi diverre ikkje nærare hatet mot nynorsken enn ein velfrisert flokk som er stolte over at «i Bærum er Tesla det eneste ordet som slutter på a».

Statsminister Aase Ivarsens politiske prosjekt blir forresten utydeleg, med ein draum som ikkje blir større enn «whisky og vaflar». Populisten som får makt, toler ikkje opposisjon og blir totalitær.

Makt og hat

Totalitær har aldri nynorsken vore, sjølv om stabeisar har tvihalde på sære utgåver av målet og brukte si ordliste som eit reint vedkjenningsskrift.

Nynorsk har derimot vorte møtt med totalitær, fysisk makt. Ottar Grepstad har også skrive bøkene «Farlege språk» og «Brent ord». Den siste handlar om bokbål. Eg drog til Det Norske Teatret i håp om å sjå at når det blir laga musikal om «spynorsk» og drive gjøn med eit totalitært prosjekt, ville bokbåla vore med. Men i musikalen er det ikkje eit einaste bål.

Nynorsken har i somme miljø vore hata i 170 år. Noko har vore karneval, mykje anna har vore blodig alvor. Russ i Oslo senka 17. mai 1907 ei svart kiste i jorda ved gravsteinen til Ivar Aasen på Vår Frelsers Gravlund. På kista var det skrive «Maulen». Prosesjonen toga fyrst gjennom Karl Johan. Jordfestinga tok fem timar.

Grepstad har dokumentert ei for mange heilt ukjend side av hatet. Bøker blei brende, hengde, drukna og gravlagde, fordi dei var på feil språk. Bokbål flest ramma nynorsk. Samnorske bøker blei sette fyr på etter krigen. I nokre få tilfelle vart bokmål også ramma av fyrstikker, som ein protest mot at skulebøker ikkje kom på begge mål samstundes.

Flest bål

Frå og med tidleg på 1900-talet er det dokumentert minst 75 bokbål mot språk her i landet. For kvart dokumenterte bål brann det truleg tre-fire andre, skriv Grepstad: «I knapt noko anna vestleg land blei det tent fleire bål mot språk i det 20. hundreåret. Det visste ingen politikar, ingen redaktør, ingen rektor, ingen forskar, og bål etter bål brann ned utan at nokon prøvde å finne ut kva som faktisk gjekk føre seg.»

Eg visste ikkje dette før eg kom over boka til Grepstad. Det er påfallande at norske bokbål ikkje tok slutt med Det tredje riket. Dei som brukte fyrstikker mot bøker dei ikkje likte, nekta å tenkja over at det dei gjorde, i prinsippet var det same som tyske nazistar gjorde frå 1933.

I den vesle verda mi er det blitt færre hatbrev. No skjer det innimellom også at innsende tekstar på nynorsk kjem på trykk i Aftenposten.

Norske aviser trykte mange tusen artiklar om bokbål i det førre hundreåret. Det vart etter kvart vist til nazistiske bokbål og kva kyrkjelege folk hadde gjort med «vanheilage» skrifter. Men mange redaktørar sympatiserte med dei som brende bøker på «feil språk». Den prinsipielle motstanden var diverre svak.

Dei fleste som brende bøker mot nynorsk etter 1970-åra, var myndige. Dei trudde nok at dei var antiautoritære. I ein serie bokbål frå 1982 til så seint som i 2004 og 2005 brende elevar i den vidaregåande skulen nynorske ordlister. Dei ville ikkje ha noko med språket å gjera, eller dei ville fjerna heile språket. Farsotta «Spynorsk Mordliste» blei til i denne perioden. Dei som brende bøker i protest mot nynorsk sidemål, gløymde forresten at nynorskelevar lærte seg bokmål utan spy og stort sett heilt utan fyrstikker.

Jon Fosse

Hatet er der framleis. Men noko har skjedd. Kalvø har fått stadfesta nynorsk som humorspråk. Edvard Hoems familiehistorier blir lesne med glede av bokmålsfolk. Nobelprisen til Jon Fosse har ein gong for alle vist at nynorsk er eit kulturspråk, langt utover at «poesi er så fint på nynorsk». I den vesle verda mi er det blitt færre hatbrev. No skjer det innimellom også at innsende tekstar på nynorsk kjem på trykk i Aftenposten.

Somme som var med på valdsaksjonar mot nynorsk i unge år, angra djupt. Då Ole Paus vart intervjua av Grepstad i 2021, trudde Paus at han hadde vore med på å brenna bøker. Men Paus stod ved ein galge då nynorske bøker blei hengde, det tok han også avstand frå.

«Spynorsk» i musikalutgåve tonar ut i ein song om at «alle har litt rett, alltid, om eit eller anna». Eg er ikkje sikker på at alle som brenn bøker – heilage skrifter eller nynorske ordlister – har litt rett alltid.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kommentar